Arkiv
BJØRN EGIL FLØ Sjølv om den politiske orkestervogna vart lasta med landets tyngste kommentatorelite frå hovudstadens mediehus som villig bles i spinndoktorane sine basunar, var motvinden frå bygdene sterk nok til å hindre at karnevalfølgjet rakk bygrensa før vallokala stengde. Dei greidde mesta det umoglege, kvinnene som rodde i bunad for fødestover. Saman med aksjonistane som kjempa for å halde liv i lærarutdanninga på Nesna og lenkegjengen på Frøya, Haramsøya og Stadtlandet… Les meir
I denne teksta tek eg lesarane med på ei reise gjennom Bygde-Noregs utvikling frå sist på 90-talet og fram til i dag. Eg kvilar meg på røynslene åt folk eg har møtt, folk som har fortalt om gledene og sorgene som følger i kjølvatnet av endringane i Bygde-Noreg.
BJØRN EGIL FLØ Dette innlegget er levert som kåseri på den heildigitale konferansen Grønn hyttelab EG ER INVITERT til å halde eit kåseri for Grøn hyttelab, ein heildigital konferanse som NTNU, Oppdal kommune og Nasjonalparken Næringshage skal arrangere i dag. Men eg anar ikkje kva eg har der å gjere. Eg kan ikkje forstå kvifor arrangørane har bedt meg om å kåsere om hytter og det… Les meir
Av Eirik Magnus Fuglestad Den som flyg over Noreg, den som reiser Nordvegen frå lufta, vil sjå ville fjell og fjordar og skog, men om ein ser etter, så ser ein også gardsbruka og dei småe bygdesentera spreidde mellom fjella og fjordane heile vegen frå nord til sør. Når ein ser dette, ser ein også den norske populismen frå lufta, anarkistisk fridom langs ei reiseleid. … Les meir
Av Sæbjørn Forberg Bygdeallmenningane forvaltar og skaper store verdiar. Kvart år tilfører bygdeallmenningane jordbruket verdiar for 40 millionar kroner i form av virkesrabattar og tilskot. Beite for 10 000 storfe og 70 000 sauer kjem i tillegg. Det same gjer verdien av lokal tilrettelegging for jakt, fiske og friluftsliv. Årleg dreier dette seg om minst 5 millionar kroner. Dette er tal frå ei spørjeundersøking til medlemmane av… Les meir
Av Eirik Magnus Fuglestad Har me eit distriktsopprør på gang? Mange vil meina det. Facebook gruppa Distriktsopprøret i Norge har over 40 000 medlemmer i skrivande stund. Ein bråte forskjellige ting blir drege inn her. Alt frå motstand mot vindmøller, til høgare ferjeprisar til ulvekonflikt og alle former for sentralisering: være det seg regionreform, politireform, eller nedlegging av sjukehus og studiestader. Er det noko sams i… Les meir
Av Bjørn Egil Flø Eg vart spurt om å vere med på ein debatt på det politiske sirkuset i Arendal her hin dagen. «Hva kan byene lære av bygda?», var temaet. I omtala av programposten kunne ein lese at; «Noen ganger kan det virke som om all omstilling til lavutslippssamfunnet skjer i byene». Ja, eg trur mange deler den observasjonen. Sett frå bygde-Noreg sin ståstad kan det… Les meir
Av Eirik Magnus Fuglestad Den politisk ukorrekte franske forfattaren Michel Houellebecq er ute med ny bok. Den handlar i stor grad om undergangen til dei franske mjølkebøndene. I romanen, som heiter Serotonin, må mjølkebøndene gi tapt for frihandelen. Med denne boka føyer Houellebecq til siste kapittel i ei lang rekke romanar der han avkler den vestlege kulturen som tom og underganstruga. Men kvifor har mjølkebøndene ei slik… Les meir
Av Bjørn Egil Flø Svært få har sett føre seg at dette skulle kome. Med få unnatak har korkje samfunnsforskarane eller kommentatorane – dei som liksom skal vere betalt for nettopp å sjå slikt – evna å sjå føre seg at moderniseringa– for ikkje å seie «den økologiske moderniseringa» av Noreg, skulle verte møtt med slik ei motstand. For det er det motstanda handlar om, eller rettare; den… Les meir
Av Bjørn Egil Flø Bygdene er i opprør, seiest det. I alle kanalar og i alle spalter ropar dei om at det er eit distriktsopprør på gang. Sjølv har eg sett det lenge, eg har høyrt misnøya kringom der bygdefolk møtest, og eg har prøvd å forstå kva som uroar bygdefolket så kraftig. DET VAR like før jul då han ringde meg. Eg fekk ikkje med meg namnet med… Les meir