Mistillit, moral og sosial økonomi

Bjorn E FloEg såg dei på fjernsynet, to unge jenter, sjølv om dei freista å skjule andletet sitt kunne eg sjå at dei verka slitne, men nøgd. Halve natta hadde dei vore med mobben i bydelen Haringey i Nord London og synte villig fram nattas fangst til reporteren. Jeans, toppar i alle slags fargar og fleire kardigans, den eine av dei hadde også ein hang til eksklusivt undertøy og hadde nytta høvet til å utruste seg med merketruser som ho elles aldri ville kunne ha råd til å kjøpe.

Men den som søkjer å redusere opprøra i dei Engelske storbyane til einast å handle om meiningslaus plyndring og snevre profittmotiv for arbeidslause småkriminelle er i beste fall ignorant om den røyndomen som omgir Storbritannias unge i dag. Det er ein røyndom som er politisk vedteken og implementert av statsminister David Cameron og velsigna av ei vellukka britisk øvre middelklasse og eit samla internasjonalt bank og finansvesen.

“We are just showing the rich we do what we want”, sa jenta som nett hadde synt fram det eksklusive undertøyet frå posen, og eg tenkte her treng me alle å ta eit steg att om me skal greie å sjå det store biletet. …

Sidan koalisjonsregjeringa kom til makta for noko over eitt år sidan har England vore ridd av opprør og protestar. Studentar har okkupert universiteta og dei lågast betalte har mobilisert til streik mot offentlege nedskjeringar jamt utover heile året. I vår deltok meir enn ein halv million londonarar i protest mot offentlege nedskjeringar og stadige angrep på arbeidarrettane som er i ferd med å utarme det britiske arbeidslivet.

Sjølv om kvar av aksjonane har kjempa for eigne konkrete politiske saker er dei likevel alle rotfesta i radarparet Cameron og Osborne sin uanstendige retorikk om nøysemd og kollektivt løft for Dronning og fedreland, samstundes som dei brutale budsjettkutta råkar dei svakaste. Stadig fleire opplever at staten sviktar det den er meint for, den levere ikkje lenger velferd og tryggleik. Folk opplever at læra frå Max Weber om at statens viktigaste oppgåver er å bygge institusjonar som sikrar og forsvarar folk sine rettar, ser ut til å forvitre i prestisjeøkonomanes kamp for å berge den nye økonomien. Vanlege folk vert tvinga til å betale rekninga for finans og gjeldskrisa. Samstundes opplever stadig fleire at avstanda mellom dei sjølve og makta aukar og det veks fram ei gryande forakt for eit elitestyrt politisk system som aktivt har redusert makta åt dei folkevalte til fordel for stadig meir aggressive marknadskrefter.

Framleis aukar distansen mellom fattig og rik i England meir enn i noko anna land i vesteuropa. Den rikaste 10 prosenten av befolkninga er no 100 gongar “better off” enn den fattigaste 10 prosenten. Politikarane har aktivt stimulert til auka forbruk blant folk flest, med ei påfølgjande privat gjeldsauke som ligg hinsides all fornuft. Og den sosiale mobiliteten i Storbritannia er verst av alle i heile den vestlege verda. Sjølv om det er eit velkjent empirisk faktum at alt som kan beskrivast som sosiale problem – det vere seg alt frå kriminalitet til dårleg helse, uførheit og arbeidsløyse – er langt vanlegare i ulike samfunn enn i samfunn der rikdomen er jamt fordelt, har likevel britiske politikarar, i tiår på tiår, stimulert til meir individualisme, konkurranse og statsstøtta egoisme. Kombinert med systematisk knusing av fagforeiningane og ei tiltakande kriminalisering av dissens har ein gjort Storbritannia om til eit drivhus for sosial misnøye.

Det gryr av dag og på skjermen flimrar bileta av utbrente bilar og bygningar etter nattas opptog. Fotografen føre kameraet langsamt opp High Road i Wood Green, berre knappe 500 meter frå der eg sjølv budde for under eit halvår sidan, eg ser knuste vindauger over alt og tilbake ligg utplyndra butikkar og skadeverk for millionar av pund. Biletet stoggar på ei eldre kvinne, ho står delvis med ryggen til, men eg kjenner henne att. Det er Annie, ho eg vart kjent med etter at eg intervjua ho om hennar forhold til det rurale England. “Det er berre snakk om tid før det eksploderer i vold og gateopprør her”, sa ho med meg like før jul i fjor, “Cameron kan velje; ny politikk eller eit nytt Brixton”. Ho snur seg mot fotografen og eg ser det blenkje ei tåre i augo. Men på fjernsynet lovar Cameron meir politi.

Bjørn Egil Flø

Innlegget har også stått på trykk i Bergens Tidene 14. august 2011

One Comment on “Mistillit, moral og sosial økonomi

  1. Tilbakeping: Idylliseringas pris | RURALE REFLEKSJONAR

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s