Oppskalering av verdas jordbruk

Bjorn E FloI det eg køyrer ut porten ser eg Hugh i bakspegelen, han har funne ei skåk å stø seg på og vinkar med venstrehanda før han snur og vender attende til arbeidet. Den 56 år gamle mjølkebonden har arbeida hardt siste året og tyktes vere sliten. Sidan planane frå Nocton Dairy Ldt. om å etablere supermjølkebruket på 8100 mjølkekyr vart kjent, har han saman med andre frivillige i lokalsamfunnet organisert den lokale motstanden.

Dei hadde leiinga ved pause og Nocton Dairy Ldt. laut trekke søknaden sin i mars 2010 som fylgje av omfattande motstand, men no skal andre omgang sparkast i gong og søknaden vert truleg lagt på bordet neste veke. Eg hadde ei sterk kjensle av at Hugh frykta at denne omgongen ville gå til fordel superbruket.

Likevel tviheld han på vona om at framveksten av denne typen intensiv husdyrproduksjon vil skape opningar i marknaden for slike som han. Han tviheld på vona om at forbrukarane skal vende ryggen til fabrikklandbruket og få auka interesse for mindre og meir tradisjonelt jordbruk. …

Eg tenker på vona hans, eg tenker på liten han set til marknaden og den medvitne forbrukaren, eg tenker på det han hadde sagt om kyllingproduksjon – at det var ”vondskap sett i system”. Kanskje har han rett, men likevel er det dét dei vil ha til salaten sin på fortauskafeane i London vest.

Eg kjenner eg tvilar på marknaden, eg tvilar på at den har moraliserande kraft nok til å berge Hugh og hans likesinna. Eg tvilar på at forbrukarane har kraft og politisk sjølvmedvit nok til å skape denne typen endringar. Eg veit berre at marknaden har ført oss dit me er og eg tenker at dette er komplisert. Det er innfløkte system som sjølv me som har betalt for å studere det, eigentleg ikkje forstår. For i takt med velstandsauka stig etterspurnaden etter høgverdig protein i verda. Pandaen i aust har gått lei bambus, han vil ete som oss. Kina har meir enn dobla inntaket av protein dei siste åra og nærmar seg Vesten. Samstundes sviktar avlingane fleire stader i verda. Berre i Australia reduserte tørken risavlingane med opp til 98 prosent i 2008, men i hovudstadane sit landbrukspolitikarane og aktivt ignorerer sjølvmordsratar som veks raskare enn elvane tørkar. Også Kontinental-Europa og Midtvesten i USA er køyrde på felgen, jordkvaliteten her er fleire stader så låg at ein lyt tilføre meir energi enn ein greier å få ut av jorda. Like fullt subsidierer me bøndene for å konvertere frå matproduksjon til energiproduksjon, og det politiske argumentet kan oppsummerast med eitt ord: Klima.

Me snakkar oppskaleringa fram. Kvar gong me nemner matvareknappleik legg me enno ei skuffe kol under kjelen åt agrobusinesselskapa, me bidreg til å skru opp jordprisane og kitlar spekulantane under haka. Argumentet om at verda treng mat er einast eit argument til fordel for auka intensitet og større bruk. Logikken er enkel, vil me ha meir mat må me produsere meir, skal me produsere meir må me verte meir effektive, skal me verte meir effektive må me verte større skal me verte større må me verte færre – slik må det vere for det er slik me har lært å forstå det.

Aktivt ignorerar me kva Nobel økonomen Amartya Sen har prøvd å lære oss i snart ein mannsalder no; ”.. avlinga per dekar jord er omvendt proporsjonalt med gardens storleik”, altså dess mindre dei er, dess større er avlinga. Ei heil rekkje empiriske studiar frå land som India, Pakistan, Thailand, Java, Brasil, Paraguay og ei rekkje med andre land, stadfestar Sen sin teori. Mellom anna rapporterar Fatma Gul Unal (2008), frå The Levy Economics Institute, Bard College at Simon’s Rock, at produktiviteten på Tyrkiske bruk mindre enn 100 mål er 20 gongar meir produktive per mål enn bruk på 1000 mål eller meir. Då er det samstundes ei gåte at FAO i sin profil av nettopp Tyrkia hevdar at, som fylgje av landets småbruksstruktur, vil ”… produksjonen halde seg lav”. Også OECD heng seg på den same systematiske løgna, når dei i sin Economic Surveys 2006: Turkey, hevdar at ”det er påtrengande å få stogga fragmenteringa av jordbruksareal for å auke produktiviteten”. Ingen av desse politiske autoritetane refererar til eitt einaste empirisk prov som kan støtte deira analyser.

Sjølv utan å referer til Amartya Sen veks likevel motstanden mot det oppskalerte jordbruket kring om i verda. På New Zealand var det den grøne tidsånda som formeleg tvinga miljøvernminister Nick Smith til å gripe inn og stogge det planlagde ”terrabruket” på 21000 mjølkekyr som ville ha vore det definitive brotet med førestillinga om eit ”Cleen and Green” landbruk på stillehavsøya. Og her i Lincolnshire lyt altså Nocton Dairy Ldt. møte kritikken frå grupperingar som ”Cows belong in Fields”, ei gruppering som vaks fram som ein reaksjon på den famøse uttalinga til ein av investorane om at nettopp ”cows do not belong in fields”. Det var som å stikke fyr på bensin; bønder og dyrevernaktivistar, lokalbefolkning og politikarar var alle samde om at ein stad går grensa. Men bensin brenn fort ut og no vert planane på ny lagt på bordet, rett nok er det varsla nokre justeringar, men det vil uansett vere enno eit tørn i oppskaleringa av verdas landbruk.

 

Bjørn Egil Flø

Ein seinare versjon av denne teksta er trykt som kronikk i Klassekampen den 15. februar 2011

3 Comments on “Oppskalering av verdas jordbruk

  1. Elin writes:Jeg liker introene dine. Der skriver du skjønnlitterært meget godt

  2. TT writes:Stort eller lite er no so. Men når parametra drifta vert målt på er, om det finnst, økonomisk berekraft og produksjonseffektiv drift på kostnadar og areal so er det fyrste som ryk ut det produksjonsaralet som ligg grisgrendt og er karrigt – ofte areal som ikkje treng jordvern ein gong – for ingen vil drifte det eller omdisponere det til noko som helst. Men summen av alt dette arealet om det var i drift er vesentleg, men etter våre mål på rasjonel drift endar dette som dill dall – omtrent slik mange innan landbruket reknar sau på utmark versus svin i dette landet – dyrt og ineffektivt. Og det som USA meiner er karrigt og uegna areal er vel ofte areal me vil kalla våre beste kornareal. Dermed går vekselbruk og ekstensiv drift til hundane – og det kunstige fabrikklandbruket turar fram. Og all den tid volumet her aukar raskt treng desse marknadar for varene- og matvareforsyninga i verda vert på lang sikt i realiteten svekkja i staden for trygga – då bønder gir opp og det sokalla uegna arealet vert lagt brakk. For befolkningstrendane og auka matetterspurnad går som sirup samanlikna med produksjonsauken agrobisnissen kan få til med å stappe kyra med kraftfôr.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s