Vil det ingen ende ta?

Bjorn E Flo ”Blue Cow Inn” heitte gjestgiveriet eg tok inn på i den vesle landsbyen South Witham i Lincolnshire. Og dei skal nok få mjølke til dei vert meir enn blå dei 8100 kyrne det no skal byggast fjøs til like nordom her ved småbyen Nocton. Meir enn 250.000 liter mjølk om dagen skal produserast på det som vil verte Europas største mjølkebruk. Rett nok ryktes det at Nocton Daity Ldt. vil nedskalere planane sine noko for å møte kritikken frå dyrevelferdsgrupper og aktørar i lokalsamfunnet. Men uansett kva justeringar dei gjer no i siste liten representerar planane eit langt steg i ei retning stadig færre ønskjer.

For medan fleire kjeldresskledde bønder ser ut til å få ein gryande tvil til den landbruksøkonomiske læresetninga om at vegen til velstand og lykke går gjennom mekanisering, utviding og effektivisering, har landbruket vorte jamt meir attraktivt for bønder med slips kring nakken og diplom frå økonomihøgskulane i veska. …

”Me ser at det går i retning stadig større skala i mjølkeproduksjonen no”, seier Hugh Bowles, han er tillitsvald i eit små-kooperativ, eit meieri, med litt over 500 medlemmar i Lincolnshire. ”Store besetningar med intensiv null-beite drift”, forklarar han og legg ikkje skjul på at om det er slik landbruket skal utvikle seg så vil han ikkje vere med lenger. ”Men farsarven då?” spør eg. Han ser på meg, tenker…. Han hadde nett fortalt meg at det veldrivne mjølkebruket, som med sine 95 mjølkekyr ligg godt under gjennomsnittsstorleiken i England, har vore i familien så langt attende som til år 1670. ”Mine forfedrar vil forstå meg om eg legg ned”, seier han og legg til ”dei ville likt denne utviklinga like dårleg som meg”.

”Det er ikkje bønder dette”, seier han og hintar til folka bak Nocton Dairy Ldt som lenge berre var eit ”postboksfirma” i Nord-London. Ingen viste eigentleg kven som stod bak anna enn at det vart spekulert i om det var ei gruppe gamle industrieigarar som ønskte å leike seg med overskotet etter eit industrisal. Pengefolk som hadde fått med seg at matvaremarknaden er framsett som ein av dei mest løfterike sektorane om dagen. ”Dei tenker ikkje som oss, dei har ingen moral (farmer ethics)», held Bowles fram. Han snakkar om bondearven og om å høyre til, han snakkar om etikk og om kor dårleg han likar kyllingproduksjon som han meinar er ”vondskap sett i system”. No hevdar han mjølkeproduksjonen tek store steg i same leia.

Det føregår ei omfattande oppskalering av jordbruket om dagen, i England så vel som i resten av den vestlege verda, men samstundes som aktørar som Nocton Dairy Ldt. planlegg mega-mjølkebruk skjer det også tre andre parallelle prosessar. Ei stor mengde bønder legg ned – sjølv om dei har hengt med lenge og endatil har kome seg over seinverknadane etter kugalskapen er det likevel ikkje meir von å spore. Bonden og bygningane er jamt slitne og treng fornying, men ungdomen let seg heller freiste av lukrative stillingar i den blomstrande software industrien kring gigantar som Atos Origin, Reuters og Monumental Games i Nottingham.

Samstundes ser me også spirane av det avisspaltistane og dei kulturorienterte ruralsosiologane ser ut til å like alle best å skrive om, nemleg dei unge idealistiske kontraurbanistane som no gjer sine livsstilsval og kjøper seg småbruk. I fyrstninga var det helst grønsaksproduksjon og litt katt og kaninar og nokre gamle verpehønsrasar dei dreiv med. Men no har fleire av dei også teke steget inn i meir konvensjonell husdyrproduksjon. Førebels er dei få, men dei veks raskt. Dei er ressurssterke og villige til å tenke alternativt både om praktisk agronomi og om organisering og samarbeid.

Den tredje prosessen som skjer parallelt med at storinvestorane fattar interesse for jordbruket er at dei tradisjonelle bøndene også oppskalerar. Dei er gjerne noko yngre enn exitbøndene og har framleis vona. Dei trur enno på landbruksøkonomane og set sin lit til at dei marginale stordriftsfordelane skal gjere den store skilnaden. Dermed bygg dei nytt for andre gong og denne gongen tek dei rettleg i. ”Dei trur dei lyt henge på”, seier Hugh og fortel om naboen sin som no bygg for 800 mjølkekyr. For berre femten år sidan gjekk han frå 150 til 300 kyr og no legg han altså opp til meir enn ei dobling. ”Du veit, han har for mykje gjeld til å legge ned”, fortel Hugh. Han ser ut glaset og studerar ei ung nøtteskrike som står å vippar på stakittgjerdet før han sukkar oppgitt ”8000 i dag og 16000 i morgon, dette vil ingen ende ta”.

Han har ei von Hugh Bowles, ei von han tviheld på. Han tenker at framveksten av denne typen intensiv husdyrproduksjon vil skape opningar i marknaden, opningar for slike som han. Han tenker at det vil gjere forbrukaren medviten om at det finst eit alternativt landbruk, eit moralsk landbruk. Han trur på ei todeling av landbruket. ”Me vil få desse gigantbruka”, seier han ”og parallelt vil me få små bruk med 70 – 100 mjølkekyr som produserar økologisk for den kvalitetsmedvitne marknaden. Alt der imellom vil forsvinne”.

Hugh skisserte det som vert kalla ”the disappering middle” eit fenomen fyrst beskrive av den tyskfødde økonomen Schumacher i boka «Small is Beautiful” frå 1973, men som seinare har vorte ein eigen teori innan agrarsosiologien. Eigentleg er det ein teori om marknadsstruktur meir enn ein teori om skala i landbruket og den fortel at dei mellomstore bruka er mest sårbare i dagens polariserte marknadar då dei er både for små til å konkurrere på den sterkt spesialiserte og standardiserte ”vertikalt integrerte” varemarknaden og samstundes for store til å handtere den ”horisontalt integrerte” direktemarknaden på ein fleksibel og smidig nok måte.

Medan naboen siktar på den eine marknaden siktar altså Hugh på den andre. Begge vil dei måtte henge i med arbeidsdagar lengre enn sjølv dei mest flittige Londonarane, og i pengepungen vil ingen av dei finne meir enn det ein tredjegenerasjons arbeidslaus frå Sheffield finn. Det er likevel ein vesentlig skilnad på Hugh og naboen; nemleg gjelda og fridomen til å kunne avvikle.

 

Bjørn Egil Flø

Ein versjon av denne forteljinga har også stått på trykk i Dag og Tid den 10. juni 2011

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s