marknadsreguleringa i bioøkonomien
Av Eirik Magnus Fuglestad
I framtida skal jordbruket verta bioøkonomi, høyrer ein ofte. Og denne bioøkonomien skal verta den nye olja vår – ein grøn og berekraftig ressursbruk i ein sirkulærøkonomi. Kan dette vera ein sjanse til å utforma ei ny marknadsregulering på nye premiss?
Marknadsregulering av kjøt er i hard vind i desse dagar. Først gjekk det så til her i landet vårt at Nortura eksporterte norsk fryselagra sau til Afghanistan. Mykje vart sagt om det og meir treng ikkje seiast her. Framleis er det overskot på kjøtvarer: Stort overskot av svin stod det å lesa i Nationen 4 september. Kan bli overskot på 54 00 tonn i 2019. Bøndene tapar 220 mill på manglande prisutak, les ein vidare. Førsteamanuensis ved Handelshøyskolen BI, Ivar Gåsland, skriv i Nationen at marknadsreguleringa som Nortura driv med verken er «berekraftig eller etisk»
Det som i alle fall er sikkert, er at det ikkje er enkelt med marknadsregulering, og i alle fall ikkje med marknadsregulering av jordbruksprodukt. Dette kviler for det første på det faktum at den biologisk jordbruksproduksjonen i utgangspunktet fell dårleg saman med ein vekstdriven marknadsproduksjon. I ein fri marknad, skreiv den amerikanske landbruksforskaren Willard Cochrane, blir bonden stadig springande fortarte og fortare på ei tredemølle. Bonden kjem altså ingen veg, og slit seg samtidig ut. For det andre har det å gjera med at jordbruket baserer seg på avgrensa ressursar som må forvaltast i eit sirkulært kretsløp – ein sår og haustar, men fører gjødsla tilbake i jorda før ein sår på nytt.
Jordbruket passer seg eigentleg best som ein sirkulær substansøkonomi – der kvart hushald produserer til seg i eit mon som naturressursane toler år for år. Ikkje med dette sagt at ein bør til bake til ein substansøkonomi, men det er eit poeng i å peika på at jordbruket er ei overleving frå eit anna økonomisk system. Heller ikkje med dette sagt at jordbruket ikkje kanutnyttast marknadsøkonomisk for å tena store pengar for nokon. Men det store spørsmålet må vera korleis flest mogleg kan driva med eit akseptablet resultat som også kjem forbrukarane til gode.
Dette spørsmålet har ein streva med i Norge i mest hundre år. Forfattar Inge Krokan snakka om «det store hamskifte» i norsk jordbruk frå andre halvedelen av 1800-talet av – eit skifte der jordbruket gjekk frå substansøkonomi til marknadsøkonomi. I røynda varte nok dette skifte mykje lenger, og helt innpå 1960-talet var mange gardar framleis delvis i ein substansøkonomi.
Marknadsregulering har ein likevel lenger erfaring med. Utover på 1920-taket hadde samvirkeliknande organisasjonar sprotte fram kringom i det langstrakte landet vårt. Ein gryande fossil økonomi auka produksjon ved lettare tilgang på kunstgjødsel og kraftfôr. Då økonomisk krise sette inn i 1930-åra vart det overproduksjon, og bøndene og staten fann i lag ut at noko måtte gjerast. Resultatet vart omsetjingslova av 1936, gjennom denne skulle samvirka driva marknadsregulering.
I dei første tiåra hadde denne marknadsreguleringa det ein må kunne kalla ganske optimale forhold. Samvirka var einerådande i marknaden, importvernet var høgt, og det fanst få internasjonale føringar som dikterte politikken. Spol fram til 2018, og situasjonen er ein heilt anna: eit importvern som stadig blir hola ut, ein marknad der samvirka får ein stadig mindre del av salet, og internasjonale reglar som sett grenser for reguleringa (WTO, EØS). Men ein trend har heile vegen fylgt jordbruket: stadig volumauke realisert gjennom billeg bruk av fossil energi. Desse trendane teke i betraktning, er det ikkje så rart at marknadsreguleringa av kjøt er i trøbbel.
På 1930-talet skapa ein, med marknadsreguleringssystemet, ei ramme for jordbruket i den fossile, vekstdrivne økonomien. I framtida skal jordbruket verta bioøkonomi, høyrer ein ofte. Dette kan vera ein mogligheit for både jordbruk og politikarar til å laga nye rammer for ein ny økonomi.
Regjeringa sin bioøkonomistrategi seier at bioøkonomi skal vera berekraftig produksjon og utnytting av fornybare biologiske ressursar. Mange meiner også at ein slik økonomi må vera sirkulær – det er ingen vits i å erstatta olje med fornybar biomasse dersom ein likevel held fram med rovdrift. Kva sirkulær økonomi betyr er ikkje heilt enkelt å seie. I det minste må det på ein eller anna måte innebera økonomsike modeller og ressursbruk der ein ikkje produserer meir og meir frå avgrensa ressursar, men der ein brukar i takt med kretsløpet til fornybare ressursar.
Jordbruket sin plass i bioøkonomien er framleis uklar – ressursane i jordbruket kan vera basis i bioøkonomien, men jordbruket skal kanskje først og fremst produsera mat? Uansett, for ei framtidig marknadsregulering kan overgangen til den sirkulære bioøkonomien gi høve til å fremja ein marknadsmodell som baserer seg på nett det som jordbruket tradisjonelt har gjort; nemlig å produsera varer basert på fornybare biologiske ressursar der ein haustar og sår og fører tilbake til jorda for å kunna hausta att neste år.
Den kan verta både etisk og berekraftig, men føresett ein anna økonomisk modell en den vekstbaserte, fossile marknadsøkonomien.
Forskar, Ruralis
Denne teksta har tidlegare vore trykka i Bondevennen nr. 29, 5. oktober 2018