Om opphavet
– mitt Sommar i P2

Foto: Henning Gulli/NRK
«I heile min oppvekst stod far min i veitene. I nær tre tiår – frå sist på 50-talet til fyrst på 80-talet – dyrka han jord. Fyrst sitt eige bruk, og seinare to nabobruk.
Aldri såg han ut til å tvile på det han heldt på med. Ikkje før på hans eldre dagar meldte den seg – tvilen – den meldte seg då dottera til bror min stod overfor valet om ho skulle ta over bruket eller ikkje.»
Slik opnar eg mitt «Sommer i P2» som vart sendt på NRK P2 i dag 7. august 2018. Der fekk eg ein time til å finne opphavet til det eg ser og til det eg ser etter som forskar. Eg snakka om jordbruk, mat og politikk og sånn…. om sjokolade, ferjereiser og fjøsteiknarar… om lovnad og svik…. og om min eigen tvil på forskinga.
Programmet kan høyrast i sin heilheit på NRK sin nettradio og du finn det ved å følgje denne lenka. Ta deg gjerne også tid til å høyre nokre av dei andre bidragsytarane til denne fine serien som kulturkanalen gir oss radiolyttarar kvar sumar.