Jordens treller
Av Bjørn Egil Flø
Når prisen for å bu i ein ombygd kjølekonteinar i ein småby langt vekk i Western Australia er høgre enn det du betalar for eit ’penthouse’ i Sydney harbour må sjølv dei mest einfaldige av oss forstå at noko er gale. Men ministrane står apatiske i ring å vitnar ei voldtekt av ein småby dei sjølve har seld for småpengar til grådige gruveselskap.
Det som vert sett på som Australias andre gruveboom slår positivt ut på nasjonalbudsjettet og er lukrativ business for cowboyane i den Australske entreprenørbransjen, men i kjølvatnet flyt lika av aboriginar og andre som budde her før invasjonen og som ikkje makta køyret. …
Karratha er ein moderne liten småby omgitt av eit forhistorisk landskap der matjorda har trekt seg tilbake og avslørt sletter av salt og stein med ei verdifull jarnåre like opp i dagen. Ressursboomen har sete det tidlegare nærast ignorerte Western Australia i førarsetet for landets økonomiske utvikling, gruveselskapet Pilbara Iron vert som sjølve motoren å rekne.
Det finst arbeid til alle i det store gruveselskapet vert det sagt, i tillegg finst det hundrevis av underleverandørar og kontraktørar som stadig treng folk. Og kvar veke kjem det busslastar med folk som vil arbeide og kvar veke reiser folk derifrå, folk som har fått nok.
Den som ønskjer seg hit bør likevel hugse at dei truleg må ut med ein kvart million kroner berre i husleige i året, om dei i det heile finn ein stad å bu. For sjølv om gruveselskapet har lova å skaffe husrom til alle er det ingen ting ledig for dei som jobbar for underleverandørar eller innan offentleg sektor og mindre lukrative sørvisyrker.
Tyson Mowarin, ein av dei få som har vakse opp her og som gjerne skulle ønskt å kunne fortsette å bu her, fortel han vart tvinga lenger og lenger ut i periferien på grunn av det ekstreme prisnivået på eigedom. ”Siste leilegheit vi hadde vart vi kasta ut frå på ein dags varsel” fortel Tyson og legg til at husverten slett ikkje tok omsyn til at kona venta deira fjerde born. Verten hadde nemleg fått tilbod frå gruveselskapet og kunne ikkje ta smålige omsyn. No er det ingeniørar frå Melbourne og Sydney som flyttar inn og ut av Tyson sin gamle leilegheit, sjølv bur han saman med kona og fire born i ein gamal bubil på motorcamp ei mil nord for byen.
Tre år før hadde Tyson og familien forhøyrt seg om lån for å kjøpe hus i Karratha, men banken hadde sagt at som aborigin laut han skrinlegge den draumen. Om gruvene kan lokke kvite australarar med lovnadar om store pengar tilbyr dei berre småpengar til aboriginere som gjere same jobben.
”I done a year there” fortel Tyson, heller ikkje mange av dei lokale held ut meir enn eit år. Ikkje fordi arbeidet er for hardt, men fordi fornedringa ikkje er til å leve med. ”They made us indigenous fellas jump through a lot of hoops” seier han og fortel om ulike arbeidsregimer for kvite og svarte australarar. ”Er du svart set dei deg på tre månaders prøvetid og tilbyr deg 400 $ i veka, dei kvite går rett inn utan prøvetid og hevar 1000 $ for same jobben”. fortel Tyson vidare. I tillegg vert dei meir enn dobbelt straffa om dei vert ferska i eit eller anna uregelmentært. ”Køddar du det til er det på hovudet rett ut og svartelista over alt, kvite derimot får berre tilsnakk og ny sjanse”.
Etter sju månader vart fornedringa for stor. Å stå skulder til skulder med kvite som fekk 1600 dollar for same jobben som han sjølv berre fekk 800 dollar for vart ganske enkelt for mykje for Tyson Mowarin, som trass 56 timar i veka med jackhammaren ikkje greidde å svare husvertens auke i husleige.
Dette er kvardagen i dei Australske gruvebyane anno 2007. I rapportane frå gruveselskapa sjølve finn me pompøse formuleringar om ’Social Sustainability’ og ’Responsible Social Development in Mining’. Men vitjar du ein gruveby finn du at rapportane er einast kulisser skapt for å tilfredstille byråkratiske papphanar og politiske klovnar i Canberra. Det faktum at Max Weber, for mange mange år sidan, lærte oss at ei av statens viktigaste oppgåver var å bygge institusjonar for å sikre og forsvare folk sine rettar ser ut til å ha drukna i prestisjeøkonomanes laboratorium for den nye økonomien.
I høve Australias Labour Day, måndag 7. mai