Arkiv
Av Bjørn Egil Flø ”Sorry mate, it’s payback time” sa Mark, me stod ved breidda av Oreti River å såg på den svarte ryggen åt ei rettleg storaure på minst 8 kilo. Mark hevda det var hans tur å prøve no, etter å ha gitt alle dei tre føregåande sjansane til meg. Ein middels utvikla rettferdssans fortalde meg at han hadde rett. Etter å ha følgt med i Nationen dei siste… Les meir
Av Bjørn Egil Flø Under dekket av å skulle verne den sårbare Australske naturen mot levande organismar frå framande kontinent har bøndene hand i hand med miljøvernarar og politikarar bygd opp eit grensevern meir effektiv enn dei mest ekstreme tollstsar, dei kallar det Bio-security. Men no kan det vere slutt og dei fyrste som må tole smertene er fruktdyrkarane i det enorme nedbørsfeltet Murray Darling bassenget i delstatane New South Wales… Les meir
Av Bjørn Egil Flø Når prisen for å bu i ein ombygd kjølekonteinar i ein småby langt vekk i Western Australia er høgre enn det du betalar for eit ’penthouse’ i Sydney harbour må sjølv dei mest einfaldige av oss forstå at noko er gale. Men ministrane står apatiske i ring å vitnar ei voldtekt av ein småby dei sjølve har seld for småpengar til grådige gruveselskap. Det som vert sett… Les meir
Av Bjørn Egil Flø “Welcome to John Howard’s sunburnt country” stod det å lese på banneret åt demonstrantane som møtte oss på Brisbane Internasjonale flyplass. Med praktiske råd og kreative triks om vassparing bad dei oss om å hjelpe Brisbane med å etterleve ’Level 5’ krava om vassrestriksjonar. Me lova å gjere vårt beste og spøkefullt tipsa me dei om å hente tørrsjampoen ned frå retrohylla, det ville vere nyttig… Les meir