Eit solbrent land
Av Bjørn Egil Flø
“Welcome to John Howard’s sunburnt country” stod det å lese på banneret åt demonstrantane som møtte oss på Brisbane Internasjonale flyplass. Med praktiske råd og kreative triks om vassparing bad dei oss om å hjelpe Brisbane med å etterleve ’Level 5’ krava om vassrestriksjonar. Me lova å gjere vårt beste og spøkefullt tipsa me dei om å hente tørrsjampoen ned frå retrohylla, det ville vere nyttig i eit land der vassforbruket før fyrste restriksjon vart innført i 2005 faktisk var på heile 300 liter per dag per person.
Men tørken som har råka landet er slett ingen spøk. Bøndene i dei folkerike og sterkt tørkeramma delstatane New South Wales, Victoria og søre delar av Queensland drøymer om grøderike våtmarkar og blenkjande billabongar på Australias ’Top end’ kvar gong dei bøyer seg for å sjekke merket på enno eit kveg som har måtte gitt tapt. John Howard, som aldri har ratifisert Koyoto avtala og som heller ikkje vil tilkjenne tørken å vere ein effekt av klimaendringar, er varsam med å karakterisere dette som ei katastrofe. Likefullt vil me kanskje få sjå ei folkevandring frå sør til nord som me ikkje har sett maken til i moderne historie. …
Denne veka starta eit statleg utval arbeidet med å reie grunnen for bønder i det tørkeramma sør som bokstaveleg tala vil skifte beite. Dei har von om å opne opp North Queensland, Western Australia og Northern Territory for storstilt landbruksproduksjon.
”Nord Australia er ’the last frontiers’ for verdas landbruk”, hevdar senator Bill Heffernan og presenterar ei lengre analyse av korleis dei kvite busette landet og dermed også ei slags forklaringa på at nordre delar av Australia, i fylje han, på det nærast er intakt. Hefferman, som er kjent for å vere ein av dei John Howard gjerne låner eit øyre til, er slett ikkje aleine, det radikale forslaget får full støtte frå byane i det heller sparsamt utvikla nordområdet. John Wharton, ein tilsynelatande fritalande borgarmeister frå Richmond Shire, North Queensland, hevdar det ligg eit to millionar kvadratkilometer stort belte med tropisk savanne å berre ventar på å få produsere mat. I dag er det fullstendig uproduktivt det einaste det husar, i fylje John Wharton, er ”..aboriginals og gigantiske saltvasskrokodillar”.
Finansfolka gnir seg i nevane, området egnar seg ypparleg til å produsere varer for den asiatiske marknaden, ein marknad som gir lovande utsikter for dei rette mat- og tekstilprodukta i framtida. Og i Darwin gler dei seg over å vere nærare Singapore enn Sidney.
Men historia ber på ei sober åtvaring åt dei som tur på eit landbrukets El Dorado i Nord Australia. Like aust for byen med det særeigne namnet Humpy Doo ligg ei lagune som i dag er mest kjent som eit paradis for fuglekikkarar, men som tidleg på 50 talet var vert for eit ambisiøst landbruksprosjekt som bar namnet ’The Humpy Doo Rice Project’. Trass grøderik jord og plenty med vatten så enda det opp i ein gigantisk fiasko. Gåsa åt opp risfrøa og buffaloar øydela markane og det viste seg å regne for mykje når det fyrst regna og for lite når det ikkje regna. I løpet av ti år var alt på nytt overlete til pytonslangar og saltvasskrokodillar.
”Å tru at Nord Australia skal verte eit spiskammers for Asia er i beste fall som ei luftspegling å rekne” seier Stuart Blanch ved University of Queensland, som kan reknast som ekspert på tropisk klima. Han har ingen tru på at Australske bønder vil takle utfordringa det er å produsere mat i eit monsoon område. ”Nedbøren er notorisk ustabil og ein veit aldri når monsoonen startar. Sjølv under monsoonen kan det vare i fleire veker mellom kvar gong det regnar. I fjor kom så godt som all nedbøren i løpet av ei veke. Storstilt landbrukproduksjon i eit slikt område vil ha større miljøkonsekvensar enn krig” hevdar Stuart. Og han får støtte av Jemma Walshe, frå the Co-operative Research Centre for tropical Savannas Management ved Charles Darwin University, som konkluderar med at; ”..den generelle kjensla blant folk som bur og arbeidar i området er at søringane ikkje har peiling på kva dei er i ferd med å gi seg inn på”. Men senator Heffernan og hans våpendragarar har eit tydeleg bodskap til det Australske folk ”…. der er millionar av hektar der oppe som kan sikre oss enorme inntekter etterkvart som land som Kina og India byrjar å merke vassknappleik”.
T.Tufte writes:Kan du ikkje putte inn nokre fleire fotografi frå Australia? Eit kengurubilete hadde vore umåteleg bra. Eg har høyrt det er jekla mykje kaniner som hoppar rundt, så eit bilete av korleis dei ser ut ynskjer eg òg.
Trur ikkje eg kan love deg like mange bileter frå Australia som frå New Zealand, har ikkje anna kamera enn lommekameraet og det dug ikkje…. det er einaste om eg treff nokon her òg som har eit speilrefleks liggande og let meg bruke det fritt.Skal sjå om eg likevel ikkje finn ein samarbeidsvillig kenguru og kanskje ein Koala. Kaniner er det heller dårleg med, etter at dei fekk kaninpest fyrst på 90 talet har problemet regulert seg sjølv, elles hjelper dingoen og ulike andre rovdy litt på talet. Slik sett var det langt verre på New Zealand, rett nok har nokre ukjendte galningar innført pestviruset frå Australia, men av ein eller annan merkeleg grunn har ikkje pesten vore like effektiv der…. Bjørn Egil