Ein nasjonal bløff

Av Bjørn Egil Flø

 

 

“It’s not just what you take out of life that’s important it’s what you put in to it”

Slik opnar dei New Zealandske mjølkebøndene si store kampanje “go dairy”. Unge bønder i 30 – 40 års alderen står fram å tilrår mjølkeproduksjon som eit seriøst alternativ for den som måtte ønskje eit karriereskift og som ønskjer å kome à jour i livet. Mjølkeproduksjon kan, i fylje reklamen, tilby både økonomisk tryggleik, ein spanande livsstil samt moglegheit til å arbeide saman med resten av familien.

Kampanjen hevdar å ha som mål å rekruttere fleire
folk til landbruket, men enkelte uttrykkjer likevel ein viss skepsis til kampanjen. …

Les om fjernsynskampanjen og sjå reklameinnslaga her

Federated Farmers of New Zealand (FFNZ), som organiserar langt dei fleste bøndene her og femnar om sju ulike bransjeorganisasjonar, opplever at kampanjen trugar samhaldet på tvers av bransjane. ”Me mistenker dei for eigentleg å ville lokke bønder frå andre sektorar til å legge om til mjølk heller enn å prøve å rekruttere byfolk inn i landbruket” seier ei kjelde i FFNZ som ønskjer å vere anonym. ”Det er slik her i landet at til større ein sektor vert til større vert også den næringspolitiske makta til sektoren”.

Det er Dairy in Sight som står bak kampanjen. Organisasjonen oppstod som ein motsats til Dairy Farmers of New Zealand ein gong fyrst på 2000. Tyngdepunktet i organisasjonen ligg i Taranaki og Bay of Plenty på Nordøya og representerar dei aller mest effektive mjølkebruka i landet.

Men også andre, som ikkje nødvendigvis ser det politiske spelet, opplever kampanjen som suspekt. ”Det er tvilsamt å framstille mjølkeproduksjon som så rosenraudt som ein gjer i denne kampanjen” seier Chris Perley, han er doktorgradsstudent ved Centre for Study of Agriculture Food and Environment (CSAFE) og fortel at det er her, som så mange andre stadar i verda, få næringar som slit med like store sosiale problem som landbruket. Det at det skal vere så fint for familielivet vert sett på som nærast komisk for dei som kjenner næringa. Rett nok er økonomien i landbruket relativt bra her enno, men mange uttrykker skepsis etter at lønningar og levestandard så smått har starta å klatre etter omlag å ha stått stille i over tjue år.

Professor i økonomisk historie Tom Broking trur det nett er den forventa stigninga i dollarkursen (NZD) som har utløyst Go Dairy kampanjen. Dermed støttar han teorien til mi anonyme kjelde. ”Når produkta vert dyrare på marknaden må produksjonskostnadane ned” fortel Tom og held fram med at ” ..den som ønskjer å demme opp mot miljølobbyen treng politisk makt”. Med dette referer han til at mjølkesektoren lenge har kjent seg pressa av stendig nye miljøkrav som i fylje mjølkebøndene sjølve medfører auka kostnadar. Dette er dei same miljøkrava som dei raskast veksande landbrukssektorane, frukt og vin, nærast jublar til. ”Det å raskt kunne tilpasse seg skiftande miljøkrav har lenge vore dei New Zealandske frukt- og vinprodusentane sitt absolutte marknadsfortrinn” hevdar Hugh Campbell ved CSAFE.

Om det er potensielle bønder frå byane eller kollegaer i syskjensektorane Dairy in Sight søkjer å bløffe med denne kampanjen er uvist. Kanskje er den like mykje retta mot eigne medlemmar som kan sjå ut til å ha trong om at nokon teiknar eit anna bilete av livet som mjølkebonde enn det ein elles får presentert.

Bjørn Egil Flø

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s