Nordnorsk fiskesupe
Av Bjørn Egil Flø
Det er sjeldan ein er vitne til ein tilsvarande sutring som den reiselivsnæringa i Finnmark la for dagen i førre veke. Mi største bekymring er likevel knytt til den politisk uklokskapen dei avslører når dei i Nordlys og VG sine nettutgåver går ut å angrip Fiskeri- og kystministeren for å ha sagt det me alle veit.
Det heile starta då Helga Pedersen hadde vore på NHO sin reiselivskonferanse, ”Nord i Sør” i januar i år. Der hadde dei bedt ho om å snakke om reiseliv, eit tema som neppe kan seiast å vere blant det fiskeridepartementet har breiast kompetanse på. Og sidan det ikkje gjaldt verken ressursforvalting i nordområda eller strukturendringar i fiskeriflåten, men faktisk reiseliv, så laut ho nok delvis skrive talen sjølv kan eg tenkje meg. Og som så ofte før når statsrådane har tenkt sjølve, så vart det ei god tale. …
I avisene vert det rett nok framstilt som om ho gjekk til frontalangrep på reiselivsnæringa i Nord-Noreg, men eigentleg sa ho berre det me alle veit. Alle oss som har tilbakelagt nokre døgn med langlysa på, veit ikkje å gjere anna enn å nikke når ho seier:
”Se for dere at dere har vært på ferie i Nord-Norge – hva husker dere – fantastisk natur – idylliske levende landskap, men gode matopplevelser? Da skal man ha flaks, i all ærbødighet”.
Det var synd ho avgrensa kritikken til liksom berre å gjelde Nord-Noreg. Var det opp til meg skulle ho inkludert heile landet i kritikken og ikkje berre sin eigen landsdel. Kanskje var det nett derfor kritikken vart for tøff å bere for fungerande reiselivssjef i Finnmark, Beate Juliussen. Det er ofte verre å verte kritisert av sine eigne enn av ein eller annan utspjåka byfant sørfrå. Me er då vant med at dei slenger med leppa både støtt og stadig. Og aldri har dei vel vore nordpå heller.
Skulder til skulder med ein restaurant eigar, Odd Arne Nilsen i Honningsvåg, hevdar dei at Nord-Noreg kryr av gode plassar å ete. I fylgje Nilsen finst det vist 40 serveringsstadar som er tilslutta Arktisk Meny, så det er vist ikkje måte på kor bra det er der nord. Reiselivssjefen på sin side legg til at ho trur det må vere ”lenge sidan Pedersen har besøkt sin eigen landsdel”.
Det er nett dette eg meinar vert for patetisk. I staden for å invitere Pedersen og fiskeridepartementet med på laget å prøve å gjere noko med den syrgjelege ferdamaten ein finn over alt i dette landet, snur dei nasa ned i lommeduken å sutrar. Dei kjenner seg angripne og det endatil av ein av ”sine eigne”.
Her hadde dei altså ei gullkanta moglegheit til å få fiskeriministeren til å loppe nokre styrtrike Sunnmørske fiskebåtreiarar og ei handfull nessekongar i oppdrettsnæringa for litt småpengar. Kanskje kunne ein for ein gong skuld få kaksane til å bruke pengar på noko anna enn eksklusivt eigarskap til allmenningsressursane og retten til å genetisk forureine villaksen. For det både reiselivsnæringa og hovudvekta av landets tusenvis av kafear, vegkroer og restaurantar treng, er meir enn berre tilgang til gode råvarer. Dei treng også å lære korleis ein lagar mat og ikkje berre korleis ein varmar frityrsteikt raudspette i mikroen. Dei treng seriøs og omfattande opplæring i grunnleggande drifting av eit kjøken. Røynslene frå dei få stadane ein har køyrt tilsvarande prosjekt fortel oss at det verkar, men det fortel òg at det kostar. Og her kjem fiskemilliardærane inn. Dei kunne få høve til å lette litt på presset i putefôret no. For ein gong skuld kunne dei få lov å betale for utviklinga av det landbasert næringslivet i dette landet, og det endatil i Nord-Noreg. Kanskje kunne ein sjå føre seg eit spleiselag med landbruket og eit samla reiseliv også.
Men nei da, dei greidde ikkje å sjå det. Til det var dei for opptatt av at ho, som skulle vere ei av deira eigne, hadde hengt ut Nordland, Troms og Finnmark for ein delegasjon ”hotshotar” på ein konferanse sørpå.
På same måte som kritikarane fortel Pedersen at ho skal ”vakne opp – og kome seg heim” vil eg be reiselivsnæringa om å realitetsorientere seg. Neste gong nokon gir norsk reiseliv ei liknande pasning vonar eg der er noko som kan vere smart nok til å gå på det løpet.