Grenselaus handel?

Av Torbjørn Tufte

 

I daglegtalen er innførsel av varer toll- og avgiftsfritt som reisegods synonymt med grensehandel. Det at folk handlar der det er rimelegaste er forståleg. Politisk derimot, bør det å ivareta norsk næringsliv og arbeidsplassar prioriterast. Når norske myndigheiter vel å legge til rette for ei einsidig handelslekkasje til EU utan motytingar, er dette ein merkeleg måte å sikre nasjonale interesser på.

Grensehandelen vert diskutert flittig i media. Lars Sponheim fekk stor merksemd med kommentaren det er «harry» å handle mat i Sverige. Byrådsleiar i Oslo, Erling Lae tok nyleg til motmæle, og uttalar: ”Du blir ofte møtt med at folk sier – det er jo sånn «harry-turer» [om handletuar frå Noreg til Sverige]. Da reagerer jeg litt på at det virker som en snobbete nedlatende holdning. I forhold til noe som selvfølgelig er helt greit og meget smart. Grensehandel er jo egentlig veldig bra og det burde være mer av den slags” (NRK, 22.08.2007). …

Sjølv om Lae ikkje ser anna enn billig mat og veljarar, bør ringverknadane av ein stadig aukande grensehandel verte politisk vektlagd. Er det slik at norsk varehandel, industri og tenestesektor tener på at nordmenn i stort mon vel å handle i Sverige framfor i Oslo. Eller, er eit årleg tap på rundt 2,5 milliardar i meirverdiinntekt til det beste for statskassa. Og sist, korleis gagnar det norske interesser å tillate ein enorm grensehandelen, samstundes som det stadig vert gjennomført forhandlingar med EU om marknadstilgangen.

Noreg praktiserar eit liberalt regelverk for reisegods samanlikna med EU. Den norske verdigrensa er på 6000 NOK ved innførsel frå EU. Tilsvarande til EU frå Noreg er langt meir restriktivt, der svenske styresmakter handhevar ei verdigrense på 1700 SEK. Dermed er det frå norsk side lagt til rette for at grensehandelen inn til Noreg kan utgjere betydelege verdiar.

I dei seinare åra har omfanget av grensehandelen auka og utgjer årleg rundt 9 milliardar kr. Ein stor del av grensehandelen gjeld nærings- og nytingsmiddel. Svenske myndigheiter bereknar at nordmenn kjøpte jordbruksvarer og næringsmiddel for rundt 2,9 milliardar kroner frå juli 2005 til juni 2006, eksklusiv alkohol og tobakk. Alkoholkvantumet er usikkert, men åtte butikkar i undersøkinga gav opp eit sal på 10 millionar liter øl og leskedrikk. Studien konkluderar med: ”Totalsiffran är sannolikt mycket större eftersom en stor del av gränshandeln med drycker sker i butiker som inte ingick i undersökningen” (Jordbruksverket).

Statens landbruksforvaltning (SLF) meiner overslaget på knappe 3 milliardar er for lågt. Uansett er omfang av reisegodsinnførsel ute av proposisjonar når ein legg til grunn at den registrerte landbruksimporten til Noreg frå Sverige har ein verdi på 2,5 milliardar kr. Grensehandelen har utvikla seg til ein større handelskanal enn den registrerte samhandelen mellom Noreg og Sverige på landbruksvarer.

Det vert årleg innført 4630 tonn ost som reisegods. Grensehandelen med ost utgjer dermed like stort kvantum som den gjensidige tollfrie ostekvota mellom EU og Noreg. Personleg innførselen av kjøtprodukt er mykje lik. Volumet i grensehandelen ligg på 25000 tonn kjøt, samt 8000 tonn tilverka kjøtprodukt. Kvantumet tilsvarar rundt 15 prosent av den norske kjøtproduksjonen. I tillegg kjem 10000 tonn frukt og grønt, samt alkohol og tobakk i eit betydeleg omfang.

Ut frå omfanget i grensehandelen, særskilt om ein ser på volumet på meierivarer og kjøtvarer, er det vanskeleg å sjå at grensehandelen støtter norske handels- og landbrukspolitiske interesser. Difor bør grensehandelen få større politisk merksemd i den vidare utforminga av det ”gjensidig fordelaktig varebytte” som er intensjonen i samhandelen med landbruksvarer innanfor EØS-avtala. EU pressar stadig på for å få betre marknadstilgang på landbruksvarer. Dette til trass for at importen frå EU utgjer 69 prosent av den samla norske importverdien på landbruksvarer. Noreg importerar landbruksvarer årleg for rundt 25 milliardar frå 148 land og av dette utgjer importen frå EU 17,5 milliardar.

Grunnlaget for norske reguleringar som tillet ein betydeleg uregistrert handel med EU er uklar. Framfor å enten søkje å redusere grensehandelen, eller å få den formalisert inn i den regulerte samhandelen. Det er berre frå Sverige til Noreg grensehandelen utgjer store verdiar. Likevel krev ikkje Noreg motytingar eller nyttar handelen som eit forhandlingskort i tingingane om marknadstilgang med EU. Dette er ei naiv politisk linje i internasjonale forhandlingar. Ut frå omfanget grensehandelen har fått, er det tydeleg at handelen utgjer meir enn praktiske reglar for reisegods, der intensjonen er å gjere reisa for personar som flyttar seg over landegrenser lett.

Eit alternativ er å knyte grensehandelen til forhandlingane innanfor Artikkel 19 og Protokoll 3. Slik kan den verte formalisert og rekna som ein del av vareflyten mellom Noreg og EU. Dette vil vere ei synleggjering av at den reelle innførselen av landbruksvarer til Noreg frå EU. Noreg er trass alt EUs sjette største marknad for landbruksvarer, utan at grensehandelen er rekna med. Eit anna alternativ er å harmonisere dei norske reguleringane for innførsel av reisegods med den restriktive linje som EU handhevar mot Noreg.

Uansett utgjer grensehandelen eit slikt omfang, at handelen i realiteten har utvikla seg til ei toll- og avgiftsfritt innførsel av varer som undergrev innlandsmarknaden og delar av norsk næringsliv. Og til sist er denne innførselen i direkte konkurranse med omsetjinga i norsk varehandel og ein trussel mot norske arbeidsplassar på sikt. Slik sett er det underleg å registrere at Byråden i Oslo meiner at handelslekkasjen bør verte større.

Torbjørn Tufte
Statsvitar
Landbrukets Utredningskontor

Innlegget har tidlegare stått på trykk i VG

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s