Laks åt alle?
Av Bjørn Egil Flø
Hjå sportsfiskarar verda over er fiske etter anadrome laksefiskar, rekna som det edlaste av alt sportsfiske. Grada av eksklusivitet ser ut til å auke i takt med at vasstemperaturane fell og oksygeninnhaldet i vatnet stig på vegen nordover langs breiddegradskalaen. På kjøpet føl gjerne sceniske omgivnadar og lange lyse sumarnetter som bidreg med sitt til at sjølv dei tettaste myggsvermane lettare kan ignorerast.
Stadig fleire, både her til lands og hjå våre naboar i vest, frå Skottland via Shetland, Færøyane og Island til Grønland, har opptekt potensialet som ligg i desse ressursane. Eit potensiale ikkje berre for inntekt, men også for meiningsfullt og interessant arbeid som byr på ei rekkje utfordringar innan ei serie profesjonar. …
For det er på langt nær nok med berre ein fiskehøl og ein bålplass for den som ønskjer å vere ein moderne tilbydar av sportsfiskeopplevingar på dagens marknad. I dag må ein meistre alt frå å vere turistvert og marknadsførar samt å kunne samarbeide både med eigne sambygdingar og med konkurrentar i den same marknaden. I tillegg lyt ein vere ein kunnskapsrik forvaltarar av fleirnasjonale naturressursar som står overfor omfattande trugsmål som krev løysingar både lokalt og nasjonalt så vel som internasjonalt.
Næringsutvikling basert på vandrande fornybare ressursar er eit risikofylt prosjekt. Det eventuelle føretaket vil alltid vere minst like så sårbart som ressursen prosjektet kvilar på. Ein logisk konsekvens av det vil vere at nettopp næringsdrivarane sjølve vil vere dei som har den største interessa av å framskaffe kunnskap om ressursen sin tilstand og toleevne og som også må syte for å utvikle institusjonar som kan bidra til berekraftig forvalting av desse genetiske ressursane som i tillegg til å vere eit globalt kollektivt gode også er eins eigen livsnerve.
Spørsmålet er om me har god nok kunnskap til å møte desse utfordringane og ikkje minst om den eksisterande kunnskapen er tilgjengeleg for dei praktiske forvaltarane. Kor massive er skrankene folk treng å forsere for å skaffe til vegs kunnskapen dei føler dei treng for ei mest mogleg vellukka forvalting av ressursen?
Kva veit me eigentleg om laks-, sjøaure- og sjørøyeressursane i våre nordlege områder? I kva grad er den eksisterande kunnskapen inkorporert i forvaltinga internasjonalt og nasjonalt så vel som regionalt og lokalt?
Kva veit me om dei politiske- samt dei sosiale- og ikkje minst dei kulturelle føresetnadane som må til for å bygge opp institusjonelle ordningar sterke nok til å styrke sjølve ressursgrunnlaget samstundes som det særeigne kulturelle mangfaldet knytt til det praktiske fisket vert ivareteke? Er det mogeleg å få til alt dette samstundes som ein ønskjer å bidra til lokal næringsutvikling og innovasjon? Er det laks nok åt alle?