Det er lengre til London enn med fly
Av Bjørn Egil Flø
Ein ven av meg har kviskra meg i øyro at Fosen trafikklag har foreslått å redusere rutetilbodet til Froan enno ein gong. Dette vesle øysamfunnet som strekker seg nokre titals sjømil nordover omlag ein halvannan time utanfor trøndelagskysten i Frøya kommune vil dermed få ytterlegare innskrenka moglegheiter til å kome seg opp av hengemyra moderniteten har ført med seg.
Dette for meg til å tenke på vår eminente ordkløyvar og låtskrivar Øystein Sunde. I 1971 skreiv han ei låt han kalla ”Det året det var så bratt”. I teksta heiter det ein stad at ”det er lengre til London enn med fly”, og til tider kan det vere på sin plass og minne om det. …
Sunde skreiv sjølvsagt denne låta lenge før hurtigtoget mellom Heathrow og London Paddington vart sett i drift, men likevel etter jetmotoren. Det tok med andre ord berre to og ein halv time å kome seg frå Fornebu til London Heathrow, då som no. Men der ifrå og inn til f.eks. ei sær adresse akkurat så langt frå ein undergrunnstasjon at ein vart tvinga til å måtte snirkle seg gjennom den tette londontrafikken i ei ”black cab”, tok fort enno to og ein halv time til.
Sjølvsagt kunne ikkje ein storby som London leve med at folk brukte det meste av reisetida si på ineffektive transportmiddel på den siste brøkdelen av reisestrekket. Dermed vart det i London, som i resten av den vestlege verda, løyvd store summar på effektive tog- og transportlinjene inn mot og i sentrum. Investeringane var store og dei skulle gjerast i ei tid då det offentlege kostnadsnivået var skyhøgt og framleis aukande, samstundes kravde folket skattelette. Svaret vart privatisering og dermed gjekk startskotet for det største slaktet av offentleg kommunikasjon me nokon gong har sett. Dei fjernaste tilboda vart ofra fyrst, slik er det støtt … dei er lettast å ofre dei som har den spinklaste stemma. Seinare laut ein også skjere ned på tilboda til dei noko større samfunna, men heile tida vart tilboda til dei største byane styrka. Og London er i dag ein av verdas mest effektive byar å flytte seg rundt i.
Etter kvart såg me, også i England men kanskje enno meir her til lands, at kostnadsnivået og det konstante presset på valutakursen sette både primærnæringane og den tradisjonelle rurale industrien under eit formidabelt press. Den produktivistiske tidsperiode var over, det var ikkje framtid i at distrikta skulle produsere verken mat eller industrivarer for bulkmarknaden lenger. Nei, no skulle distrikta ta i bruk alle dei nedlagde driftsbygningane sine å bli tenesteleverandørar og servere stadeigne symbolprodukt som tradisjonsmat og nisjehuer til nyrike urbane nullskatteytarar. Konsulentar som det gjekk minst tretten av på dusinet reiste land og strand rundt med nyskodde SUV’ar og misjonerte om både gull og grøne kattar og skogskaninar som skulle berge mangfald og busetnad i distrikta. Post-moderniteten skulle gjere sitt inntog i grende¬samfunna ein månad eller tre om året.
Stat og kommunar ausa ut bygdeutviklingsmidlar og Landbruks- og matministrane kappast om å late seg avbilde med ein eller annan steinalderrett i rangsvelget medan feittet rann nedover kvitskjorta. Men alle ser ut til å gløyme det faktum at det er lengre til London enn med fly. Ei reiselivssatsing i Froan vil for alltid måtte leve med det faktum at det tek dobbelt så lang tid å reise frå Trondheim til Froan som frå Trondheim til Berlin.
Skal utkant-Noreg verkeleg greie å ta steget inn i post-moderniteten trengst infrastrukturelle ressursar av langt høgre kvalitet enn kva primærnæringa og industrien fekk skaffa fram på 50-, 60- og 70-talet. Det viktigast hinderet er tida det tek å frakte turisten til alle dei fantastisk avsidesliggande destinasjonane våre. Er det noko våre velgjødde vestlige turistar verkeleg manglar her i livet så er det tid. Det er nett det som kan forklare at ”speedferietilbodet” Norway in a nutshell kan reknast som ein av dei største reiselivssuksessane me har her til lands.
Skal Froan ha von om å ta steget inn i den symbolproduserande postmoderne tidsalder trengst eit langt meir effektivt transportsystem. I tillegg trengst sjølvsagt profesjonelt tilrettelagde tilbod av aktivitetar og opplevingar som ein ikkje kan finne nærare, men det, … det er ei anna historie.
(Les innlegget i Nationen 11. april 2008 her)