Ei matvarekrise på gjenbesøk

Av Bjørn Egil Flø

 

Ei matvarekrise har heimsøkt oss igjen. Over heile verda finn me familiar som nett i denne stund kjenner krisa på kroppen. Millionar av menneske i minst eitt dusin land er ute av stand til å skaffe den maten dei treng. Dei lyt gå svoltne ikring i gatene og sjå feittdrypande kyllingar henge på utstilling i kjølediskane. Frå Egypt til Indonesia, frå Haiti til Thailand og i store delar av Afrika sør for Sahara kan me dagstøtt vere vitne til valdelege gateopprør som fylgje av ein gnagande frustrasjon over aukande matvareprisar og ein stadig meir reell matvareknappleik. Og regjeringane byrjar kjenne pusten av mobben i nakken, for kvar dag som går opplever dei lægre odds for å overleve politisk. FN-analytikarar og annan forskingsbasert ekspertise omtalar krisa som den verste som har råka verda sidan fyrst i 70-åra, men sjølv trur eg ho er endå verre. FN trekkjer fram fire hovudfaktorar for å forklare det som skjer: 1) etterspurnadsauke, 2) avlingssvikt, 3) omdisponering av jordbruksareal og 4) aukande oljepris. Eg skulle ønskt dei også kunne bruke litt ressursar også på å kome opp med eit svar på korleis me kunne la dette skje igjen. …

Proteinrush
Velstandsauken i verda har medført ein formidabel auke i etterspurnaden etter høgverdig protein, i all hovudsak animalsk protein. Samstundes ser me at «pandaen i aust» har gått lei bambus og vil byrje ete som oss. Kina har meir enn dobla inntaket sitt av protein dei siste åra og nærmar seg Vesten med stormsteg. I takt med veksande etterspurnad sviktar også avlingane fleire stader i verda. Berre i Australia reduserte tørken risavlingane med opp til 98 prosent i fjor. Sjølv kvegbøndene, som seiest å vere dei mest robuste av alle, er sterkt råka av tørken, men i Canberra sit landbrukspolitikarane og aktivt ignorerer ein sjølvmordsrate som veks raskare enn elvane tørkar.

Frå mat til drivstoff
Også Kontinental-Europa og Midtvesten i USA er køyrde på felgen. Jordkvaliteten her er fleire stader så låg at ein lyt tilføre meir energi enn ein greier å få ut av jorda. Like fullt subsidierer politikarane bøndene for å konvertere frå matproduksjon til energiproduksjon. Store delar av fyrsteklasses matjord vert i desse dagar omdisponert til produksjon av biodrivstoff, og det politiske argumentet for ei slik valdtekt av dei hungrige i Egypts gater kan oppsummerast med eitt ord: «Klima». Men alle veit me at det eigentlege ordet er pengar. Overlèt me til den frie marknaden med agrobusinesselskapa i spissen å bestemme politikken, vil energi vere energi og verte prisa deretter, uavhengig av om han skal etast av menneske eller maskin. Det kan vere på sin plass å minne om at energimengda i ein liter råolje tilsvarar same energimengd som femten velvaksne mannfolk greier å realisere i løpet av ein dags hardt fysisk arbeid. Me veit vel om lag arbeidskostnadene for eit slikt arbeidslag. kanskje er det det endelege taket for oljeprisen?

Tekne på senga
Det mest iaugefallande med den situasjonen me har kome opp i, er den slåande likskapen mellom matvarekrisa me opplevde i 70-åra. Trass i ekstrem teknologisk optimisme og ei nærast blind tru på den ibuande progressive krafta i den globale økonomien og ei lovprising av den økonomiske veksten som me aldri har sett maken til, har ingenting endra seg sidan då. Dei vart tekne på senga, då som no, landbruks- og matpolitikarane med alle ekspertane og rådgjevarane sine. Særleg påfallande var det at dei siste ti åra i forkant av krisa hadde dei alle kappast om å røle av at trugsmålet om matvareknappleiken som hadde ride verda sidan Malthus, no var løyst ein gong for alle. Dei hadde nemleg byrja å sjå dei fyrste fruktene av det dei ironisk nok valde å kalle «den grøne revolusjonen», og alle hadde dei vitna dei to «nye mirakla» som skulle gje risproduksjon ny meining, nemleg industririssortane IR8 og IR11.

70-åra
Men brått kom oktober 1971, og me vart eksponerte for den mest grufulle hungersnauda i moderne tid, Bangladesh-katastrofen vart formidla til oss gjennom fjernsynet, det nye folkemediet. Tidleg i 1974 hevda ein FN-utsending at meir enn 40 millionar menneske i over tretti land låg innanfor høgrisikogruppa for å verte omfatta av ein stadig meir trugande svoltkatastrofe. Basert på spådomane frå FNs mat- og landbruksorganisasjon (FAO) responderte dåverande generalsekretær i FN, Kurt Waldheim, med ein gong med å kalle inn til Verdas matvarekonferanse i Roma. Det tyktest vere stor semje på møtet om at krisa var både kompleks og mangfaldig, og det vart drege fram tre hovudgrunnar for krisa: 1) usunn demografisk utvikling i store delar av verda, 2) ei fullstendig ignorering av behovet for å utvikle dei rurale områda i verda og 3) konvertering til kjøt som hovudkjelde for protein som fylgje av velstandsauke. Alt dette kom til overflata då det våren 1970 tikka inn meldingar på all verdsens telefaksar om at me hadde eit vassproblem. Land og regionar som Sahel i Sub-Sahara opplevde langvarig tørkeperiode, og seinhausten 1972 vart det kjent at også kornhausten i Sovjet hadde kollapsa. Syklonen i Bangladesh hadde gjort det meste av vatnet der kolerainfisert og dermed ubrukeleg. I India hadde den mest uendelege rekkja av flaumar redusert avlingane til ein brøkdel av normalen. Ekstrem auke i oljeprisen i kjølvatnet av Yom Kippur-krigen og ønsket til Marokko om å utnytte posisjonen sin som fosfatmonopolist gjorde at sjølv mirakelplantene svikta då bøndene korkje hadde råd til olje eller kunstgjødsel. For mirakla var ikkje større enn at plantene trong både vatn og næring i langt større grad enn dei plantene som vart fortrengde av nyvinningane til mirakelingeniørane.

Meir alvorleg i dag
Leksa frå 70-åra vart aldri lærd, korkje politisk eller intellektuelt. Problemet med usikker matvaretilgang er vel så utbreitt og kanskje meir alvorleg i dag. Rett nok er ikkje krisa skalert opp til same nivå som i 70-åra, men det faktum at ho skjer og at ho har globalt omfang, er i seg sjølv eit alvorleg prov på den sviktande institusjonelle evna vi har til å forvalte og handtere situasjonen både nasjonalt og internasjonalt. Det som gjer situasjonen i dag meir urovekkjande, er at me står overfor ytterlegare to nye og svært viktige trendar, som begge var fråverande i 70-åra. Fyrst: Kva rolle spelar ein no globalisert finanssektor? Hedgefond og andre former for spekulasjonar i matvaremarknaden fungerer som «bensin-påkastarar» til «matprisbålet ». Dette er med på å skape eit effektivt bidrag til intensiveringa av svolt, fattigdom og ustabilitet verda over.

Meir og meir gnitne
Det andre som er nytt med dagens krise er at den utspelar seg i ei tid der effekten av klimaendringane trengjer seg stadig nærmare. Enno har me langt frå sett konsekvensane av den globale oppvarminga, men frykta for konsekvensane og dei mange vitskaplege prediksjonane omkring krisepotensialet er uansett med på både å «snakke» temperaturen opp på matvaremarknaden og på å pervertere kriseforståinga. Med det som resultat at dei landa som i dag alt er hardast råka av krisa, berre vil verte dregne endå lenger ned i dragsuget av ei systemkrise. Den einaste sjansen dei har om dei vil redusere smertene åt eigne borgarar, er å gjenopplive eige landbruk. For etter kvart som krisa vert sterkare, vert også gjevarviljen til den vestlege verda svakare. Verdas matvareprogram er som kjent avhengig av rike gjevarar, men etter kvart som dei vert meir og meir gnitne, lyt FNs matvareprogram førebu seg på å kjøpe inn landbruksvarer lokalt. Det har me også sett dei siste to–tre åra, då prosentdelen lokale innkjøp utførde av matvareprogrammet har stige frå 13 til 30 prosent berre i Vest-Afrika.

Lykelen
Eksplosjonen i matvareprisane stiller igjen spørsmål om den eigentlege rolla til landbruket. Det burde vere kjernen både for arbeidet med å reformere EUs felles landbrukspolitikk og i den framtidige utviklinga av vår eigen norske landbrukspolitikk. Ikkje eingong Verdsbanken greier å undertrykkje sanninga lenger. Eit solid nasjonalt landbruk er lykelen til stabil matvaretilgang både nasjonalt og internasjonalt, og det trengst ei fornya kraft i satsinga på dei rurale områda i verda.

Bjørn Egil Flø

(Les innlegget i Dag & Tid 13. juni 2008 her)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s