Landbrukets moralske økonomi

Av Bjørn Egil Flø

 

Å sprøyte enno meir pengar inn i satsinga på økologisk landbruk og tru ein skal få auka produksjonen av den grunn vil vere jamgodt med å bere fôr til ein daud hest. Den einaste farbare vegen om ein ønskjer å auke produksjonen av norske økologiske landbruksvarer, er å prøve å forstå bondekollektivets moralske verdiar og freiste å tilpasse verkemidla til det ein finn der.

Norsk landbruk er, som alt anna landbruk i verda, tufta på ideen om å produsere mat og fiber. Fyrst til bonden sjølv og bondens familie, men etter kvart som produktiviteten har auka har kvar bonde greidd å livberge fleire og fleire munnar. Den drivande krafta bak denne prosessen har vore viljen til stadig å verte ein betre bonde og resultatet har ein kunne telja kvar haust. Det har lege spreitt utover markane som traktoregg og vitna om bondens plassering i grendas dugleikshierarki. Mi hypotese er at bondekollektivets moralske vektlegging av produktivistiske mål svekkar vilkåra for ei frivillig økologisering av landbruket. Det finst med andre ord ein moralsk økonomi som definerar kva god agronomi er og som hindrar ei frivillig omlegging til eit meir økologisk berekraftig landbruk. …

At bonden har vore skeptisk og til dels direkte negativ til miljøtiltak i landbruket er inga ny oppdaging. At den største skepsisen har vore retta mot miljøtiltak som samstundes hemmar eller endå reduserar produktiviteten er om mogleg meir kjent. Denne skepsisen kan mellom anna lesast ut av det relativt låge talet på bønder som søkjer støtte gjennom Regionalt miljøprogram . Nye tal frå undersøkinga Trender i Norsk landbruk 2008 ved Norsk senter for Bygdeforskning syner oss at i nær 70 % av alle norske bønder hevdar aldri å ha søkt om miljøretta virkemidlar, medan ei lita gruppe (ca 15%) fortel dei er storforbrukarar av slike virkemidlar.

Samstundes har me dei siste par åra sett at få bønder vil legge om til økologisk landbruk og urovekkande mange økobønder fell frå. Dette skjer i ei tid då me truleg aldri har hatt fleire og større gulrøter for å lokke bøndene til å legge om og aldri har me vel heller hatt eit tilsvarande sug i marknaden. Men likevel legg altså ikkje bøndene om…. då må det vere lov – ja ikkje berre lov, men også påtrengande – å spørje seg; kva er det med bonden som gjer at han ikkje vil drive økologisk?

Ein kan også lure på korleis nokon enno kan tru at berre me spyttar nok pengar inn i miljøpotten vil bøndene lystre og til slutt legge om drifta til der midlane finst? For slik ser det då verkeleg ikkje ut til å vere. Bøndene vil produsere mat, og truleg vil dei det i enno større grad no når heile verda, i fylje media, står på randa til å svelte i hel. Den som vil fortelje bonden at han lyt gjere noko med måten han i dag produserar maten på lyt nok til med langt sterkare lut enn delfinansiering av arbeid han likevel ikkje har tid til å utføre. Det som må til er fyrst og fremst at det gjev meining i bondens eigen forståing av kva som er eit godt landbruksfagleg handverk. Då skal det helst gjere seg utfall i ein tydeleg djup grønfarge på timoteienga og velarronderte attlege med ryddige og ugrasfrie kantsoner. Det er desse bøndene som får respekt i grenda og vert lytta til om dei har noko dei skulle ha sagt. Gjennom dugleg agronomisk arbeid og ugrasfrie gulrotåkrar har dei opparbeida seg ein sosial kapital stor nok til sjølv å få kreditt i det sosiale spel. Den økologiske høymolebonden derimot, ja han vert gåande å vansmektast og held liv i seg einast gjennom ein skjør politisk navlestreng som held så lenge SV set i regjering og dei urbane matsnobbane tykkjer små lysegule gulrøter framleis er stas.

Bjørn Egil Flø

Artikkelen har stått på trykk i Nationen 7, juni 2008 )

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s