Profeten Friedman og Kyrkjas Naudhjelp
På den nyleg avslutta konferansen om matprisar og matvaretryggleik som vart held av dei Sameinte Nasjonar (SN) sin organisasjon for mat og landbruk (FAO) i Roma var det ei syrgjeleg semje om at svaret på verdas elende denne gongen ikkje berre er frihandel, men meir frihandel. Problemet vert større når heller ikkje folk som me ønskjer å ha tillit til greier å rette merksemda mot anna enn skinnproblem og syner seg heilt ute av stand til å bryte med brutalitetsdoktrinen frå Milton Friedman.
Slik eg les Atle Sommerfeldt og Helene Hoggen frå Kyrkas Naudhjelp (Ny Tid 18. april 2008) og deira desperate ropt etter den gamle oppskrifta åt Chicago økonomane, er det effekten av argumentasjonsmåten deira som uroar meg mest. Deira skinnkritikk av verdas handelspolitikk bidreg einast til å skape konsensus om nett den same handelspolitikken. …
Det som skjer er noko ein fransk skarping lærte oss for ei tid tilbake då han kom opp med ordet ”Doxa”. Sommerfeldt og Hoggen sin kritikk av verdas handelspolitikk bidreg einast til å etablerer eit ” Doxa” i debatten om frihandel og landbrukspolitikk. Argumentasjonsmåten deira og sjølve argumenta skapar med andre ord ein konsensus om nett den same handelspolitikken som dei kritiserar, ein konsensus om ideen om at frihandel vil kunne løyse verdas matvareknappleik og det tilhøyrande svoltproblemet. Problemet er berre at den ideen, i beste fall kan kallast naiv, men i verste fall må den kallast kynisk. Friedman og hans læresveinar har ingen empiriske prov å støtte seg på i påstanden om at frihandel med råvarer vil føre til utvikling for verdas fattige. Sanninga er snarare tvert om.
Medan frihandel einast styrkar dei industrialiserte næringssektorane i dei alt rike landa er det proteksjonisme og eksklusive handelsavtalar som historisk sett har vist seg effektiv for land som har greidd å ta seg ut av fattigdomen. Fattige lands landbruk aleine, vil neppe kunne spele ei tilsvarande viktig rolle sjølv om dei eventuelt skulle lykkast i å gjennomføre ein transformasjon frå småskala hushaldsnæring til agribusiness. Til det er både dei infrastrukturelle og dei institusjonelle føresetnadane i den tredje verda for svake. Då hjelper det heller ikkje at arrogante maktinstitusjonar som WTO og Verdsbanken pressar landa til ytterlegare å bygge ned det vesle dei har av offentlege forvaltning og politiske styring av økonomien.
Derfor tykkjer eg det er stusseleg å lese Sommerfeldt og Hoggen sin kronikk. Sjølv om eg er samd med dei i påstanden om at dumping av landbruksvarer på u-landa sin marknad råkar fattige bønder hardt, osar den likevel av naivitet. For når dei går derifrå og over til å påstå at WTO gir dei fattige landa moglegheit til å kollektivt avgrense dei mektigaste landa sin fridom, kan eg ikkje anna tru enn at Satan sjølv må ha lurt seg inn i det pensum dei har lest på vegen til stillingane sine i Kyrkjas Naudhjelp. Påstanden er om mogleg enno meir empirilaus enn heile den samla Chicago skulen og læra om den nye økonomien.
Skal dei fattige landa greie å utvikle ei sunn agrar næring som kan bidra til sosial likskap og rettferd bør dei halde seg langt unna utvikling av agribusiness. Då bør ein rette merksemda mot korleis ein skal sikre nasjonalt eigarskap til landets eige distribusjons- og foredlingsledd og hindre at det fell i hendene på multinasjonale selskap. Skal ein greie det lyt ein nok snu seg til heilt andre institusjonar enn WTO. Landbrukspolitikken har langt fleire møtepunkt med både sosial og velferdspolitikken samt med tryggingspolitikken enn den har med nærings-, industri og handelspolitikken.
Det er også slik eg tolkar bakgrunnen for Roma møtet, merksemda er fyrst og fremst retta mot dei sosiale og tryggingspolitiske konsekvensane som føl ei gryande verdsomspennande matvarekrise. Derfor er det også påtrengande å minne om Nobel økonomen Amartya Sen og lærdomen frå det han fortel oss; ”.. avlinga per dekar jord er omvendt proporsjonalt med gardens storleik”, altså dess mindre dei er, dess større er avlinga.
Berre dei fyrste åra like etter det som så parodisk har fått namnet ”den grøne revolusjon”, var det tendensar til at Sen sin lærdom slo feil. Då såg me nemleg at dei største bruka, dei med tilgong til kreditt, var i stand til å investere i dei nye industrivekstsortane som på kort sikt skapte ein særskild avlingsboom. Etter kvart har dei mindre bruka tatt att det vesle forspranget kredittverdet gav dei større naboane og situasjonen er på ny normalisert.
Forskar Fatma Gul Unal (2006), frå Political Economy Research Institute (PERI), University of Massachusetts Amherst, er den siste eg har greidd å finne som empirisk kan stadfeste det Sen forfektar. Ho har forska på produktiviteten på Tyrkiske bruk og finn at bruk på under 100 mål er 20 gongar meir produktive per mål enn bruk på 1000 mål eller meir. Dette fell seg inn i rekka av studiar som har vore gjort både i India, Pakistan, Thailand, Java, Brasil, Paraguay og ei rekkje med andre land. Då er det samstundes ei gåte at FAO i sin Profil av Tyrkia til dømes hevdar at, som fylgje av landets småbruksstruktur, vil ”… produksjonen halde seg lav”. Også OECD heng seg på den same systematiske løgna, når dei i sin Economic Surveys 2006: Turkey, hevdar at ”det er påtrengande å få stogga fragmenteringa av jordbruksareal for å auke produktiviteten”. Ingen av desse politiske autoritetane refererar til eitt einaste empirisk prov som kan støtte deira analyser. Kor lenge skal dei få lov til å kaste fram slike påstandar utan at nokon reagerar? Det einaste som må vere sikkert i denne samanhengen, og som eg hadde vona at folka i Kyrkjas Naudhjelp også hadde fått med seg, er som Svenn Arne Lie skriv i Nationen den 12. juni: ”Å løyse fattigdomsproblmatikken med meir frihandel på landbruksvarer er eit godt utprøvd feilspor”.
I fall Sommerfeldt og Hoggen er representative for Kyrkjas Naudhjelp sin politiske preferansar lyt eg ta affære å stogge mine månadlege ytingar til organisasjonen og eg vil oppfordre alle frihandelskritikarar til å gjere det same.
Anonymous writes:
Gløymde visst å skrive under, så eg prøver ein gong til.Beste hels p.g.sætre
Anonymous writes:Takkar så mykje for kommentar "heime" med lenker hit. Her var verkeleg mykje interessant å lese. Er det greitt at eg lenkar hit på bloggen min ?
Takk for det, sjølvsagt er det greitt at du lenkarBjørn E