Charlie Pedersen
Av Bjørn Egil Flø
Han er liten, og tett og held armane i kors over brystkassa. Det er noko med han der han set, nypussa og fin, som gjer at eg tenkjer attende på tidleg 80 talet. Kanskje er det den vesle barten hans, eller kanskje er det spisseskoa og skinnjakka med strikk kring livet som gjer det?
Den einaste løysinga var å røme landet sa Charlie Pedersen. Han snakka om besteforeldra sine. Bestefaren var 23 år og hadde lagt seg i hop med datera åt storbonden, det var kome så langt at resultatet var vorte synleg for dei med det skarpaste blikket i den vesle landsbyen utanfor Ribe på Sør-Jylland.
Eg er mest imponert over bestemor seier Charlie og lenar seg fram etter glaset med kaldevatten som står på bordet mellom han og intervjuaren. Bestemora var vist berre 15 år då og strengt oppdratt, og no stakk ho altså av med ein husmannsson. Og det var ikkje kva som helst for husmannsson heller, anna enn det var son åt Peder Knutsen som vist nok skulle ha vore sentral då dei danske husmannsforeiningane samla seg i ’De samvirkene danske Husmandsforeninger’ i 1910. …
Ei tale med ringverknader
Han er i vinden no Charlie Pedersen, som enno ikkje har sete eitt år i sjefsstolen for Federated Farmers of New Zealand, men som no har greidde å lage meir furore enn han kanskje sjølv ønskja. Forklaringane i ettertid har vore litt haltande fyrst var det strategien om å stå hardt på og ikkje gi ved dørene, den held han på i to dagar. Etterpå vart det meir DeLillos liknande ala ”jeg prøvde bare å være morsom”. Den har han halde på til i dag, no er det fem dagar sidan det heile starta og han vert portrettintervjua på fjernsyn.
Ingen hadde rekna med den kraftsalva han kom med, det har vist ikkje vore tradisjon at leiarar kjem med hardtslåande programmerklæringar på sitt fyrste årsmøtet for Federated Farmers of New Zealand. Alan Harman, i distriktsavisa Rural News, forklarar det med at det vanlegvis er tid for å slikke såra etter valkampen og å bygge tilliten til dei som stemte på den andre kandidaten. Pedersens valsiger var overveldande, det var kanskje derfor han fant det passande å gjere ein ny vri.
Det må ha med min skandinaviske arv å gjere forklarar Pedersen og ser rett sympatisk ut der han set med tusenvis av watt på seg i fjernsynsstudioet. Det ser ut til at han trivst, barten greier ikkje å skjule tendensane til eit lurt barnleg smil.
Det har vore ei hard veke, men eg ville gjort det igjen for eg meinar kvart eit ord av det eg sa.
Så då er det ”på han igjen”, tenkte eg, og slik vart det. Den påfyljande veka etter fjernsynsintervjuet var avisene på ny fulle av innlegg, det var ”fase to” i Pedersen debatten. Leiarane, kronikkane og lesarinnlegga handla alle om det Pedersen meinte eller meinte å seie eller ganske enkelt om det han sa. Og det var særleg ei setning som var viktig:
«I say shame on the people who elevate environmentalism to a religious status, shame on you for your arrogance, shame on all of us for allowing the environmentalists» war against the human race to begin, and take hold,»
I reine predikantstilen kastar han skam over dei som har vore med å løfta miljøvernsaka opp og fram og gitt den, som han seier, religiøs status. Han angrip alle som ikkje har røyst seg i motstand mot miljøvernarane og deira erklærte krig mot menneskeheita, som han uttrykkjer det.
Ei krigserklæring
Der står han då på talarstolen og held si fyrste verkelege tale til sine eigne og legg ut ei krigserklæring til store delar av grunnprofilen i det New Zealandske landbruket. For i årevis no har Kiwiane gått å meint at den kommersielle suksessen for landbruket deira har vore miljøprofilen. Ein marknadsretta miljøprofil som har passa perfekt inn i dei krava som matvareindustrien i Europa til ei kvar tid har kravd. New Zealand landbruket har vore fleksibelt og tilpassa seg langt raskare industriens skiftande standardkrav enn noko anna landbruk i verda. Medan europearar og amerikanarar høvesvis protesterte mot eller ignorerte sertifiseringskrava og satsa på å vinne tid til å omstille seg, har kiwiane snudd seg på hælen og innfridd månadsvis før konkurrentane. På den måten har dei plukka marknadssegment for marknadssegment framfor auga på demonstrerande franske bønder. Samstundes har det New Zealandske landbruket vorte reinare og reinare for kvart år. Kanskje trudde mange kiwiar at grunnen til stadig betre miljømålingar for landbruket deira låg hjå bøndene sin sterke omsut for jorda, landskapet og ressursane, dei må i så høve ha vorte skuffa denne veka.
Ein motreaksjon?
I botnen er det miljøkrava som forbrukarane i Europa stiller som gjer elvane reinare for kvart år i dette landet, det hevdar professor Hugh Campbell ved The Centre for Study of Agriculture, Food and Environment (CSAFE), og fleipar med at elvane gjennom det europeiske jordbrukslandskapet ikkje vert reinare fordi franskmennene er meir opptatt av å demonstrere enn å tilpasse seg miljøkrava frå eigen matvareindustri. Han har forska på dette fenomenet omlag heile sit vaksne liv og har stor truverd på feltet her på New Zealand. Men no kan det sjå ut som om kiwibøndene er lei av å tilpasse seg, det kan sjå ut som det kjem ein motreaksjon no. Med dansk husmannsblod i årane skal Charlie Pedersen leie det New Zealandske landbruket inn i framtida.
This was great to reead