Om ei løe og Aidensfield

Av Bjørn Egil Flø

 

 

Ho ville berre verte kvitt litt dårleg samvit, eit vitnesbyrd om alt arbeidet ho ikkje rakk over. Verst var det kvar gong ho såg at vinden hadde fere med enno ein del utav veggen. Det var gjerne vårane ho såg det best, medan ho svinga kring novene med gjøsselen. Ho var så lei av alle krinkelkrokane ho måtte gjere mellom alle desse ubrukelige bygningane og verre var det med ein fôrhaustar på sida. Nei ho gledde seg til ho fekk svaret på søknaden og ho kunne få fjerne den, slik den står no er den einast til skam og vitnar om vanskjøtsel.

Svaret
Svaret kom fyrst langt utpå sumaren og var heller nedslåande. Utifrå brevet kjem det fram at kommuna hadde sendt saka til høyring hjå Fylkeskonservatoren og han har frårådd riving. Vidare står det å lese i brevet at konservatoren har vurdert løa som verneverdig. Det var merkeleg, tenkte ho … når kan konservatoren ha gjort den vurderinga… ho har ikkje fått med seg at konservatoren har vore her å gjort noko vurdering? Kva grunnlag har han til å vurdere noko som helst? Ho er snar til å bla opp vedlegget, og der finn ho brevet frå Fylkeskonservatoren til Ulstein kommune.

I brevet kan det synast som om den omtalde ”vurderinga” nok er gjort utifrå dei bileta av løa som var vedlagt søknaden om riving. Nei det var då stusseleg, tenkjer ho, kan det verkeleg vere så ille i forvaltinga då? spør ho seg sjølv. …

Ho kan mesta ikkje tru sine eigne auge når ho vidare ser at konservatoren legg fram nokre hårreisande samanlikningar mellom Flø og utprega masseturist stadar som Hellas og ein stad konservatoren kallar Aidenfield som nok er småbyen Goathland i North Yorkshire Moors nasjonal park i England. Det kan sjå ut som konservatoren meinar den aktuelle løa skal vere eit sentralt element i høve til å utvikle Flø til å bli ”…… ein slik stad, dersom godt vertskap tek imot og bygda får varsam tilrettelegging med bevaring av staden sin eigenart”.

Ho må sjå ein anna veg. Kven ønskjer at Flø skal verte ein slik stad? Ei kulisse for turistar og fjernsynssjåarar, rett nok vart det spela inn ein reklamefilm her for nokre år sidan, det var for så vidt stas det, men konservatoren kan då ikkje meine at det skal vere framtida for Flø? Ho rettar blikket nordvest i havet og ser at han legg opp til godvêr i morgon, han vert kanskje turr og fint under slåtten i år, tenkjer ho før ho igjen tek føre seg brevet.

Dette kan eg ikkje tolke annleis enn rein retorikk, seier ho og ser rett på meg medan ho slår handbaken i brevet ho held i handa.
1Konservator brevet.pdf
Eg tek brevet og må fleire gongar sjekke om dette verkeleg kan stemme. Er dette ein spøk, eller er det verkeleg skrive og sendt frå Fylkeskonservatoren? spør eg. Eg ser på leten hennar at det nok ikkje er ein spøk. Eg må innrømme at bonden har eit poeng når ho tolkar dette som einast retorikk og eg tykkjer det er noko overraskande at konservatoren nyttar slik ordlyd i formell sakshandsamings korrespondanse.

Flø ein spanande stad
Sjølvsagt er det vanskeleg å vere usamd med konservatoren når det vidare vert hevda ”…..at Flø er ein spennande stad med eit flott kulturlandskap”. For det er nettopp kulturlandskapet, lyset frå havet og den opne horisonten og dei stupbratte fjella som røyser seg i bakkant som gjer Flø til det det er. Men frå derifrå å hevde at det skal vere ” Hovudgrunnen til å bevare løa….” kan vanskeleg tolkast annleis enn ei logisk feilslutning av konservatoren.

Det kan synast som det er påtrengande å minne både konservatoren og for så vidt Ulstein kommune og om at det er ingen andre enn jordbruket som realistisk sett kan forvalte dette landskapet, og til sjuande og sist også dette lyset som er skapt av det opne jordbrukslandskapet. Eit levande og aktivt jordbruk har skapt landskapet til det det er i dag og det er også den einaste berekraftige vegen for å ivareta denne estetikken for framtidige generasjonar.

Slik sett vert altså jordbruket også ein føresetnad om Flø framleis skal vere den attraksjonen bygda er i dag for både turistar, lokalbefolkning og ikkje minst for nye tilflyttarar.

Autentisitet
Eg vil hevde det er grunn til å tru at det kvalitativt mest interessante marknads¬segmentet innan reiselivet fortrekker autentiske og levande samfunn som i liten grad synest å vere gjennom¬kommersialisert. Derfor skulle det vere viktig at dei som driv eit aktivt landbruk framleis kan ha mogelegheit til det. Det er med andre ord ei dualisme mellom det levande landbruket og ei framtidig berekraftig reiselivsnæring i bygda. Det er nett denne dualismen kommuna må etterstreve å få til for Flø sitt vedkomande. Denne bygda som no har vokse fram til å verte den viktigaste mjølkeproduksjonsbygda på ytre søre sunnmøre vil då kunne framstå som dynamisk og autentisk med velstelte gardsbruk både med omsyn til landskap og bygningar.

Det å kunne oppretthalde landbruket i bygdene er ikkje einast ein ressurs for turistnæringa, det vil òg vere den viktigaste faktorane for å ivareta regionens kulturarv. Med sin tilknyting til staden og jorda, og med den kunnskapen eit aktivt og levande bruk held i hevd gjennom si daglege drift ligg der ein kunnskapsbank som ein aldri kan gjenskape innanfor rammene av eit museum.

Løa
Eg skulle gladeleg gitt konservatoren eit poeng om den aktuelle løa på nokon måte var unik og at det her gjømde seg særleg delikate bygningstekniske finessar som elles var ukjende og i seg sjølv var verdifulle for etterslekta. Men eg er redd for å måtte informere konservatoren og Ulstein kommune om at slike løer står det dusinvis av kring om i grendene på ytre søre sunnmøre og truleg mange andre stadar i landet òg.

Konservatoren nemner spesifikt tilbygget og oppfattar det som ”interessant”. Korleis kan han få seg til å skrive slikt på bakgrunn av eit bilete? Han kunne i det minste ringt ein eller annan som bur på Flø så hadde han fått vite at tilbygget ikkje eit særleg spanande. Det er ikkje som konservatoren antyder eit stabbur, men heilt enkelt eit utbrukt bustadhus som vart fjerna frå sin opphavlige stad og flytta til løda og nytta som dass, sauefjøs og grisefjøs.

Arbeidskraft og kapital ein knapp ressurs i norsk landbruk
Det vert også framhelde av konservatoren at det ser ut til ”…enno å vere mogleg å berge (løa)”. Det kan nok hende konservatoren har rett i det, men uansett vil det innebere kostnadar lang over det økonomien åt denne bonden sitt bruk kan svare. Det vil innebere fleire månadsverk som ho gjerne aller helst vil nytte på å gjere bruket meir solid i møte med framtida.

Ho har etter beste evne etterstreva å fylje dei signala næringa har vorte gitt og ho har søkt å gi utviklinga av bruket ei retning. I det høve har ho teke nokre strategiske val dei siste åra, val som har innebore både økonomiske og arbeidsmessige kostnadar. I tillegg har ho planar som også vil innebere kostnadar, men voneleg vil det vere med på å gjere bruket enno meir solid. Ein soliditet som i siste instans vil syte for å oppretthalde det tidlegare omtala landskapet og dei estetiske verdiane i bygda.

Bjørn Egil Flø

One Comment on “Om ei løe og Aidensfield

  1. Anonymous writes:Dette er en helt fantastisk historie, du må fortelle hvordan det går…. jeg har flere lignende erfaringer fra min egen kommuneFido

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s