The Queen’s Chain

Av Bjørn Egil Flø

 

Det kalde smeltevatnet er verken grønt eller blått anna enn det er mesta utan farge. Elva er så klar at ein må kunne sjå fisken same kvar den står i elva. Ein perfekt høl for ”sight fishing”etter brunaure, kanskje det edlaste av alt sportsfiske og noko av det som har gjort New Zealand til det mekka det er for sportsfiskarar verda over.

Eg står på ein smal og krunglete grusveg og ser bort på elva som renn stille, kald og klar tre hundre meter nedanfor meg. Mellom meg og elva går det eit hundretals sauer og nokre gess, det er med andre ord ”private property”. Inngjerda jordbruksland som bonden sjølv har rydda med sine eigne hender.

Draumen om ”Sir McLaugan”
Ein dryg kilometer, eller kanskje to, lenger framme finn eg at gjerdet endar, men einast med det føremålet å starte på nytt att. For her er nemleg bytet mot den neste bonden. Ja vel, eg hadde von om at det kanskje var ei lita stripe public land her, men den gang ei. Uansett treng ikkje det å bety så mykje for meg, for om det så var ville det neppe stå i mi makt å kome meg igjennom bushen som ville vore der i så høve. Einaste vona kunne vere om ein eller annan ”idealist” hadde spandert litt av formua sin på å få laga ein sti her. Då hadde den i så fall heitt eit eller anna Sir McLaugans Millennium Pathway liknande. Og den godaste McLaugan hadde fått skattelette for det det kosta å anlegge stien og vel så det. Kanskje hadde den forlokkande fiskehølen også fått namn etter den edle Sir’en. Kanskje viste nokon at det fyrst namnet menneske gav denne hølen var taunga ika eller noko slikt, då ville det i så fall vorte skrive, i mindre bokstavar sjølvsagt, under namnet åt Sir’en. …

Men her stod eg då og viste at Sir McLaugan ikkje har laga nokon slik sti og at einaste moglegheita for å kome meg bort åt hølen, som ingen veit namnet på, var å krysse privat eigedom. Eg viste med andre ord at eg laut finne bonden å spørje om eg fekk lov å gå over eigedomen. Det å finne ein bonde i Otago på grensa mot Canteburry, kan vere ei utfordring i seg sjølv. Ikkje finn du nokon å spørje heller, det er rett og slett ikkje folk å sjå her. Det går eit utal vegar på kryss og tvers gjennom terrenget, men dei fleste endar i ingenting midt ute på eit jorde. Det var eit lukketreff at eg fekk auge på kassa, den stod der liksom litt tilfeldig som om den hadde falle av eit lasteplan. Slike kassar, som ser ut som strøsand kasser, er nok det sikraste teiknet på at det bur folk i enden av vegen. Den fungerar som postkasse og varekasse og er ein mellomting mellom vår postkasse og den klassiske mjølkebukken.

Aoraki Station
Bonden var omkrinsa av ei seks sju bikkjer då han kom imot meg. Eg svinga inn porten under det forseggjorde skiltet med Aoraki Station og parkerte attom ein gamal ATV som såg ut til å ha sett sine beste dagar.

Det er maori for Mt Cook svarar bonden då eg spør kva namnet på garden tyder.

Bonden er venleg, men bestemt når han kommanderar bikkjene opp på lasteplanet på Pickup’en. Eg tolkar det som at han har anna å gjere enn å småprate med meg og går rett på sak og spør om å få lov å gå over jordet for å kome fram til den forlokkande hølen.

Han ser over mot bilen og spør. Har du hund?

Nei, nei…. eg trur fiskestanga fiskar betre svarar eg i ein freistnad på å vere morosam.

Berre gå roleg…. prøv å uroe sauene minst mogeleg seier han i det han let att baklemmen på lasteplanet. Kvar kjem du frå? spør han til sist.

Det er noko med det spørsmålet, på ein måte er eg lei det, men på ein annan måte verkar det som ein isbrytar.

Noreg, svarar eg og merkar at eg forventar ein reaksjonen.

Vel… seier han, … har du kome heile denne lange vegen etter brunauren?

Eg er glad eg kan svare nei på det, og fortel han at eg er bygdeforskar og at eg er her for å lære meg litt om tilhøva her i motsetnad til heime.

Kva kan du seie så langt då? spør han

Om eigedom og det å eige
Eg fortel han om allemannsretten og grunneigarkortet for å få fiske. Han tek opp tobakken og ser på meg med smale auger. Sjølve røyken rullar han med berre eine handa, den andre stryk han over skjeggstubbar så stive at det høyrest ut som sandpapir.

Fortel du meg at bonden ikkje eig jorda, men at han eig fisken i elva?

Nei, han eig jorda. Seier eg. …og han eig eigentleg ikkje fisken, men elva og på den måten retten til å fiske.

Kva slags eigedomsrett er det å eige jorda når alle likevel kan bruke den fritt? Undrar han før han held fram: …. og korleis kan nokon eige ei elv som renn forbi og er ny heile tida?

The Queen’s Chain
Eg tenkjer at mannen må ha lest Rousseau og kjenner at dette kan verte vanskeleg. Han må ha sett uvissa i augo mine og let eit venleg og mildt smil kome til syne før han spør: Har du høyrt om The Queen’s Chain?

Og det hadde eg då, berre få veker før hadde mine kollegaer Mark og Hugh på CSAFE gitt meg innføring i korleis eg skal te meg når eg ferdast kring om i landet på leit etter den perfekte fiskehølen. Dei har forklart at ”The Queen’s chain” er ein sedvanerett som sikrar ålmentas ferdsel langs elvar og vatn i dette landet og at denne kjettinga åt dronninga skal vere 25 yards. Men det rekke eg ikkje svare før bonden held fram.

Kiwiar ser ut til å tru at det alltid har vore ei automatisk Queen’s Chain langs med alle elvane og innsjøane og endatil langs strendene i New Zealand. Men slik er det faktisk ikkje. Det finst ingenting i lovverket her som omtalar ”The Queen’s Chain”. hevdar bonden og tender røyken.

Eg må innrømme at eg tvilar på at han har rett samstundes lurer eg på kvar han vil hen.

Eg kan faktisk ta betaling for at du står på min grunn å fiskar slik dei norske bøndene gjer, i tillegg kan eg ta betaling for at du kryssar min private grunn, held han fram. Smilet avslører at det nok er meint som ein spøk, men hadde han kravd nokre dollar for det hadde eg vore villig til å strekt meg eit godt stykkje for å sjekke den hølen.

Lykke til seier han og inviterar til å avslutte samtala med å strekke seg etter dørhandtaket på pickup’en samstundes som han minner meg på å gå roleg å ikkje skake opp sauene meir enn naudsynt.

Ved den forlokkande hølen vert eg ståande å tenkje, ukonsentrert som eg er missar eg to gongar på tilslaget. Til sist greier eg å presentere ein klase med taum rett over fisken og dermed er eg overlaten til blindfiske i straumen resten av dagen, irriterande …. berre på grunn av The Queens Chain.

Guvernør Hobson og dronningas instruks
Vel heime måtte eg sjekke opp utgangspunktet for denne kjettinga og fant ut at det starta i 1840 då Viktoria gav ein Guvernør Hobson fyljande instruks:

“It is our will and pleasure, and we do strictly require and enjoin you, that you do not on any account, or on any pretence whatsoever, grant, convey or demise to any person or persons any of the land so specified as fit to be reserved as aforesaid, nor permit or suffer any such lands to be occupied by any private person or for any private purpose.”

Dronningas instruksar laut uansett inkorporerast i den praktiske lovgivnaden for å ha effekt, men til det var det ikkje utarbeidd nokon sameint standard som kolonimaktas tenestefolket hadde å arbeide etter. Det resulterte i omlag like mange ulike måtar å prøve å sikre ålmenta sin tilgang langs elvebreiddene som det fantes offentlege tenestefolk. Den vanlegaste var likevel at kolonimakta, det vil eigentleg seie dronning Viktoria, kravde eigedomsretten langs elvane, men all eigedom som det vart kravd eigedom til laut målast og registrerast før eigedomskravet kunne stadfestast. Til det var det for knapt med tenestefolk så dei rakk aldri over å rette dei krava som dei eigentleg hadde fått instruksar om. Landet vart kolonialisert så raskt at dei hadde meir enn nok med å få unna arbeidet som settlarane gav dei. Dermed vart det aller meste av landets elvebreidder eigentleg aldri formelt sikra for ålmenta.

I ettertid har staten prøvd å legge ulike sett av reguleringar på områder som ligg nærast opp mot elvebredder og vatn. Bonden får knappast lov å setje ei spade i jorda langs etter elvebreddene, noko som har resultert i at bøndene har sett på desse områda med stadig mindre interesse. Denne reduserte interessa har opna for at Directorate of Conservation har møtt relativt liten motstand når dei har søkt å ta opp att Viktorias instruksar og starta arbeidet med å definere desse områda som verneverdige og gi dei ulike vernestatusar. Dei fyrste områda fekk statusen ”marginal strips” og sorterar under The Conservation Act av 1987, seinare kom ”esplanade reserve” og ”esplanade strip” som sorterar under The Resource management Act. I tillegg finst det ei rekkje ”access agreements” som er forhandla fram mellom grunneigar og myndigheit. Men framleis er over halvparten av elvestrekningane i landet utanfor desse ordningane, utan at det nødvendigvis hindrar folk i å spørje grunneigaren om å få gå der. Dei fleste vil gi deg lov enno, men det er knytt ei viss uro til kor lenge den velviljen vil vare. Landet har oppnådd status som beste sportsfiske destinasjon i verda og fisketurisme seiest å vekse stort. Bøndene er i ferd med å sjå seg leie på at inntektene går til gjestande amerikanske fiskeguidar medan det er deira markar som får slitasjen utan at det gir ei krone tilbake til verken bonden eller bygdesamfunnet.

Bjørn Egil Flø

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s