Kom dykk opp av hengemyra

Av Bjørn Egil Flø

 

 

Dei omtalar seg som overlevarane, eller The Survivors, og utgjer omlag halvparten av bondestanden frå 1985. Det var då den New Zealandske finansministeren Roger Douglas, arkitekten bak den storstilte liberaliseringspolitikken, fjerna subsidiane til landbruket nærast over natta. Fram til då vart det meste av det Kiwiane produserte eksportert til England, men no gjorde EU reglementet sitt til at dei ikkje fekk nyte godt av det tvilsame privilegiet å vere del av The Common Welth med garanterte marknadsandelar.

Dryge 20 år etter går den New Zealandske bondeleiaren Charlie Pedersen ut å rettar ei klar melding åt sine ”subsidie- rike” kollegaer på den nordlege halvkula ”Det er liv – faktisk eit betre liv – etter subsidiane”. Sjølv om han innrømmer at omstillinga var brutal, meinar han den både var naudsynt og rett. Det 11300 mål store mjølkebruket greidde ikkje å svare utgiftene. Både han og kona Chrissie laut ut i fullt arbeid då krisa slo inn for alvor. …

”Det var eit helvete, men me kunne ikkje innrømme det der og då, det ville gjort det heile uuthaldeleg” fortel Chrissie Pedersen i eit intervju med Taipai Times. ”me laut arbeidde full dag begge to, i tillegg til mjølkinga morgon og kveld, slik held me på i ti år samanhengande”.

Ruth Rainey, frå mjølkedistriktet Timaru sør for Christchurch i Canterbury, meinar det var kjenneteiknande at bøndene som satsa var i 20 åra. ”Ungdomlig overmot gjorde at me krumma ryggen og stod på, det vart ikkje kjøpt anna enn basisvarer på femten år” fortel ho, og legg til at ho aldri ville gjort det same i dag.

Mange er imponerte av det Kiwibøndene har greidd, kvar dag les ein i avisene om utlendingar som vil lære. Og det er bøndene sjølve dei lyt lære av, for verken finansministeren eller nokon andre i det politiske systemet gjorde noko for å få landbruket på føtene. Så seint som i 1989 stod Roger sjølv på talarstolen og fortalte bøndene her at dei representerte ei næring i solnedgang, ei næring som aldri igjen ville kunne vere ein vesentlig bidragsytar til økonomien.

I dag står landbruket for 16,6 prosent av BNP noko som endatil er ein vekst frå midten av 80-talet då det låg på noko over 14 prosent. Førebels tal så langt i år syner at landbruket truleg vil stå for over helvta av eksportinntektene til landet.

Lykelen til suksessen er diversifisering, seier Charlie Pedersen. og oppfordrar sine kollegaer i EU å ”… kome seg opp av subsidie hengemyra å starte å gjere ein real jobb, det kan då umogeleg vere tilfredsstillande å gå rundt som leiglendingar for europeiske landbrukspolitikarar”

Under subsidie tida var her omlag 72 millionar sau i landet, no er ein nede i under 40 millionar. Store delar av sauen er byta ut med anna og langt meir effektiv produksjon noko som gjer at dei produserar meir kjøt enn før. Samstundes har det frigjorte areal vorte nytta til vin bær og frukt. I tillegg dominerar New Zealand verdas nisjemarknadar av hjort, geit, struts og lama.

”Suksessen har gitt oss ei farleg kjensle av å vere uovervinnelige” seier Barry Manderson og held fram ”Dei med vit gav opp og skaffa seg anna å gjere, medan me naive utopistane kjempa oss igjennom det og i dag nektar me å sjå kvar me stemnar. Midt mellom oss hadde du alle dei tusenar av sosiale tragediar som fylgde i kjølvatnet”. Barry Manderson er 52 år og driv mjølkebruk utanfor Timaru. 680 kyr kjem innom mjølkestasjonen to gongar dagleg, men det er langt frå nok til å møte framtida. Eg har dobla produksjonen to gongar sidan eg kjøpte bruket av far i 1983. Innan neste brukar er klar for å ta over reknar me med enno ei dobling.

Mange er tydeleg uroa over kvar dette skal ende, intensiviteten er på linje med den du finn i USA og EU no. Det er også bakgrunnen til at Charlie Pedersens gjekk til frontalangrep på miljøforvaltinga for ei tid tilbake. Det kan einast tolkast som eit desperat utspel frå ein desperat mjølkebonde, fortel Manderson, Charlie og mange med han ser ikkje korleis dei skal kunne auke produksjonen utan at dette får konsekvensar for jord og vasskvaliteten.

Det er mogeleg det New Zealandske landbruket er ein suksess for pengeteljarane, men det utlandske delegasjonar aldri for vite er at dei stemnar nett den same leia som resten av det intensive landbruket i verda.

Bjørn Egil Flø

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s