Bygdehøvdingens forsvar for den rurale idyll

Av Bjørn Egil Flø

 

Bygdehøvdingane på Flø har mobilisert, dei har si fulle hyre med å vøle skaden den rurale idyll har vorte påført dei siste vekene. Ein sokalla forskar – endatil ein tidlegare sambygding – har fortalt ei anna historie frå bygda enn den me elles har lært å kjenne så godt frå eit utal aviser og magasin.

Der stod dei samla på framsida av lokalavisa, eit par av nytilflyttarane saman med ein retardert eksordførar og i midten stod sjølve arketypen av ein bygdehøvding, nærare bestemt skulelæraren og venstremannen i bygda. Og alle var dei opprørde, skulelæraren hadde endåtil mista nattesvevnen skal me tru oppslaget. Dei hevda det var noko av det største mølet dei hadde lese og at det i tillegg var ”rauvalaust” – artig ord i grunnen, det tyder noko slikt som å vere utan tyngde eller lite å ta notis av. Men kvifor lagar ein då så mykje støy kring denne saka? Om det verkeleg var så lett korleis kunne essayet då ha kraft nok til å gjere folk både svevnlaus og trasig? …

At det ville kome reaksjonar på essayet ”Utanfor folkeskikken” var ikkje overaskande. Då det vart publisert kring slutten av juni tikka det rett nok inn ein og anna e-post i ny og ne, mest frå ukjende kring om i landet og alle var utelukkande positive, men nokon reaksjonar var det ikkje snakk om enno. Han hadde nærast slutta tenke på det då kommentaren på side 3 i Dagbladet kom.

Ikkje berre løyste det ut eit ras av e-postar frå vilt framande folk som ville sjå og lese essayet, det løyse òg ut den forventa reaksjonen.

Reaksjonane går grovt sett ut på at det ikkje eksisterar noko konflikt mellom nykomarane og fløfolket. For å understreke at essayet ikkje er truverdig vert det trekt fram at nykomarane har rural kompetanse og det at forfattaren nyttar klengenamn som ikkje eksisterar. Strategien er å røyse tvil om truverdet til essayet, det vert med andre ord lagt opp til ein konsensusdebatt der alt som kan kallast ”faktafeil” vert trekt fram for å svekke essayet.

På mange måtar kan reaksjonane sjåast på som eit praktdøme på den klassiske bygdehøvdingen i arbeid. Denne sjølvutnemnde frontfiguren som finst i alle bygder og som typisk tek det kollektive ansvaret når han sjølv meinar det trengst. Her har han knytt allianse opp mot dei han truleg har lese som uthengde i essayet og står side om side med dei i kampen om å fortelje kva Flø eigentleg er for slags bygd.

Hovudpoenget ser ut til å vere at på Flø er det idyllen som rår. Rett nok innrømmer dei at det nok kan hende at ”… ein eller annan fløssing har slumsa bort i ein kommentar om at nyinnflyttarane ikkje har gardiner” men han meinar likevel at det ikkje er noko å skrive i Syn og Segn om.

Kva er då rasjonaliteten bak bygdehøvdingens reaksjon? Altså kvifor slik ein kraftig reaksjon når essayet likevel var ”rauvalaust”? For å kunne svare på det må ein sjå kva essayet gjer. For det gjer nett det same som nykomarane gjer, det blandar seg i kampen om å definere det rurale. Det hevdar å vite kva slags bygd Flø er og på den måten utfordrar det dei etablerte maktstrukturane. Det påstår at Flø er annleis enn det nykomarane og delvis også reiselivsnæringa påstår Flø til å vere. Med dette essayet gjekk den utflytta Fløssingen ut og ”…. gjorde det til ei offentleg sak og ikkje halde det innanfor Flø-familien, slik skikken gjerne var om noko absolutt måtte takast opp”. for å sitere essayet. Dermed laut dei sjølvutnemnde bygdehøvdingane trø til. Dei tok på seg representantskapskappa og stemna mot konsensus der dei hevda å forvalte sanninga om kva som røyver seg i bygda. Det einaste ein kan seie dette fører prov om er at kampen om det rurale held fram med fullt mon.

Bjørn Egil Flø

3 Comments on “Bygdehøvdingens forsvar for den rurale idyll

  1. Hei Det er underhaldande lesning. Keep up the good work!!Håpe det stende bra te me dokke to down under.Mvh M

  2. Anonymous writes:Hei Bjørn – fin nettstad du har laga deg herFløhistoria di trefte nok enkelte hardare enn andre… eg vil berre du skal vite at artikkelen din er noko av det beste eg har lese på lenge. Eg synest du greier å balansere kritikken på ein elegant måte. Trur alle som kjenner Flø eller ei anna sunnmørsgrend vil kjenne att det meste du beskrivtrur eg vel å vere anonym, sender deg heller ein e-post

  3. Anonymous writes:Fikk tips om bloggen din av —-, dette er bra Bjørn. Kjenner eg deg rett tek du det neppe så tungt att "høvdingane" øser seg litt.xxxxINNLEGGET ER ANONYMISERT AV MODERATOR

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s