Tragedie i den globale allmenning
Av Bjørn Egil Flø
Det er stålkaldt og lufta er så klar som einast fjelluft kan vere. Sjølv om det enno berre er tidleg i november, noko som ikkje tilsvarar meir enn tidleg i mai på den nordlege halvkula er Kiwiane sjølve overraska over at det enno er frostnetter. Å ja det var kaldt i soveposen då eg vakna ved breidda av Mavora lake, like ved der Frodo dreiv å bala på ei av sine mange meiningslause vandringar med altfor store fotblad og med ein ring i nevane.
Området har ein estetikk som nærast er ubeskriveleg, men me hadde ikkje tid til å nyte den no. Me laut pakke saman telt og soveposar å kome oss til tilgangspunktet til Oreti elva før nokon andre rakk å kome føre oss. Klokka var kvart på seks då me kom der og det var i siste liten, ti minutt etter gleid den fyrste bilen håpefullt over bakkekammen berre for å sjå at me var før dei i dag. Ei typisk ”sight fishing” elv som Oreti har ikkje plass til meir ein eit lag av fiskarar i gongen over det same elvestrekket. Brunauren er for var til å tole å verte uroa av folk og ein støkka aure bit ikkje, so enkelt er det. Sjølv ikkje ein stor og irriterande streamer vil greie å provosere fram eit hogg. …
For meg, som nok har meir røynsle som rypejeger i norske statsallmenningar enn som aurefiskar i dei New Zealandske elveallmenningane, var det meste likevel svært så familiært. Det finst ingen eksklusive grunneigarkort å få kjøpt her og då er det prinsippet ”fyrst i terrenget” som tel. På den andre sida slepp ein å kappspringe innover dalsida som ein ofte må ein tidleg septembermorgon i rypefjellet. Kiwiane respekterar at nokon kom her fyrst – ulikt det norske rypefjellet finst det alltids ein annan elveallmenning ein kan reise til, og der er det neppe folk. Slik har det vore og slik er det delvis enno, men ein kan høyre at stadig fleire er uroa for framtida. Og det synest som det er amerikanarane som for skulda.
I fylje John Houges, frivillig i Fish and Game Fiordland, var det kring midten av 90 talet kunn eit par tre amerikanske guidingfirma med faste turar til New Zealand, i dag meinar han det finst hundrevis slike firma. Dette er det næraste me kan kome ”the tradgedy of the commons” seier han og referer til det spelteoretiske dilemmaet til Garrett Hardin frå 1968. Og det er verkeleg eit allmenningteoretisk problem, rett nok har dette landet eit utal elvar, og sidan dei fleste Kiwiar med interesse for aurefiske er av britisk kulturbakgrunn, finst det neppe ein einaste fiskar som ikkje praktiserar ”fang og slepp”. Også dei aller fleste gjestefiskarane stammar anten frå USA eller frå sjølve Storbritannia, så sett vekk frå nokre få tyskarar slepp også dei ut den fisken dei får. Nei det er ikkje auren i seg sjølv som er knappleiksressursen, den er både talrik og stor, knappleiken er romet eller plassen fiskaren har. Det det at fiskaren kan gå heilt aleine i dagesvis etter ei og same elva utan å treffe ei levande sjel.
Eg har mi personlige vesle favorittelv i Fiordland som far min viste meg i 1967, fortel John Houges. Den ligg utilgjengelig til, men med båt frå Milford Sound tek det meg mindre enn to timar så er eg fiskeklar. Men i fjor fekk eg meg eit sjokk då fire fiskarar frå Montana vart heist ned frå eit helikopter rett ved den fiskehølen der eg stod å fiska.
Eg kan tenkje meg kultursjokket, der står altså John Houges ein typisk Kiwisportsfiskar…. ein slik ein som snur tvert om han ser at der alt er folk ved tilgangspunktet for ei elv. Ein som ikkje vil springe i kapp frå høl til høl, men ein som vil gå stille og roleg langsetter elvebredda å ”spotte” fisk som beitar sjølv i dei aller grunnaste delane av elva. Ein slik ein som tek seg tid til ein røyk etter å ha oppdaga fisk i hølen, ein slik ein som aldri knyter fluga på tippeten før han ser kvar fisken står i hølen. Med andre ord ein elegant sight fisher som har hatt si personlege ”Fiordland elv” i tillegg til alle elvane i Central Otago, Cantebury og Southland som han gladeleg delar med andre. Men no har dei altså funne hans elv òg, og dei respekterte ikkje eingong at der alt er folk i elva, anna enn at dei droppar gjestande amerikanarmilionærar rett på hølen der han står å fiskar.
Eg har aldri vore så nær å bli tiltalt for mannedrap, fortel John Houges samstundes som han syner meg ei fluge han sjølv har konstruert, den har namn etter elva mi, seier han, men kva namnet er vil han ikkje fortelje til ein utlending.