Om slangar og Kelson i paradis
Av Bjørn Egil Flø
Klokka er kvart over 5 om ettermiddagen då me landar. For ein med to vintrar etter kvarandre og New Zealands hittil kaldaste forsumar i blodet, er 28 grader celsius og ei relativ luftfuktigheit på 95 prosent nett som å gå på ein vegg.
Vanuatu airport må vere verdas raskaste internasjonale flyplass, etter knappe 25 minutt set me alt på bussen som skal frakte oss til Breaka’s Beach Resort. For det er ”Resort” dei vert kalla desse feriestadane, sjølve ordet stammar eigentleg frå gamal-fransk og tyder noko slikt som ein tilfluktsstad eller skjulestad som ein gjenoppsøkjer og kanskje er det nett det det er òg. Bak strenge portstolpar ligg ei oase av luksus og rikdom med badebasseng og swim-up-bar og kvite strender som vert raka kvar morgon før sola står opp. …
Som dei fleste, ja faktisk alle slike resort, er også Breaka’s eigd og drive av ein utlending. George Winslet, opprinneleg Kiwi, men hevdar han kjenner seg meir som ein Melanesar. Han kom her for fire år sidan etter å ha gått konkurs både på Fiji og på Gullkysten. Det ser ut til å gå vegen for han no. Nyleg har han kjøpt enno ein kilometer strandsone og han syner villig fram skissene av dei store utbyggingsplanane han skal starte opp med i løpet av året. ”Det er som å surfe” fortel George ”det handlar om å treffe rett på bylja. Både på Fiji og i Australia kom eg bakpå, men her er eg no oppe å står”.
Alle som meinar å ha greie på det spår Vanuatu (Vanuatu kartlink) til å verte ”større” enn både Fiji og Ny-Caledonia. Det faktumet at landet er å rekne som eit skatteparadis har naturleg nok sitt å seie for utsiktene til å skulle vekse seg større enn alle sine naboar til saman.
”Det er dessverre få eller ingen Ni-Vanuatu som veks seg store på dette” hevdar Kelson Hosea frå landsbyen Loanengo på øya Tanna som ligg ein times flytur sør om hovudstaden. Oppvaksen berre eit steinkast frå den verdskjende aktive vulkanen Yasur lærte Kelson tidleg kva potensiale vulkanen hadde. Dei utlandske resorteigarane hadde trong om ein lokalkjend som kunne guide turistane opp til kraterkanten og ned att og Kelson utpeika seg som mest habil då han kunne vise til at han hadde guida både forskarar og ande før. Alt fyrste veka forstod Kelson at dette burde kunne nyttast til innkome for heile landsbyen. Med velsigning frå stammehøvdingen skreiv han brev til resorteigarane og krevde dei for 800 Vatu i ferdselsavgift for kvar person han hadde hatt med seg opp til vulkanen. Det var starten på ein fire år lang kamp om eigedomsrett og om retten til å skattlegge.
Kravet frå det nyetablerte ” Høvdingrådet for Yasur”, som utgjer ein representant frå kvar av landsbyane som ligg kring vulkanen, var at alle som ville besøke vulkanen måtte betale ei indeksregulert avgift (pr dato 1000 vatu – 50 NOK). Pengane skulle gå til eit fond kontrollert av høvdingrådet for rentefritt eller lågrente utlån til Ni-Vanuatu som ville etablere næringsverksemd i området kring vulkanen. Forsumaren, eller meir presist fyst i desember 2001 vart det klart at Kelson Hosea og Høvding Rådet for Yasur vant fram med sine krav.
Kelson sjølv var den fyrste som lånte pengar frå fondet. I 2002 bygde han sin fyrste bungalow til backpacer stasjonen Jungle Oasis, seinare har han sett opp mange fleire i tillegg til kjøken og spisesal. Her kan han tilby ei autentisk oppleving som få andre kan slå. I dag sysselset verksemda ein stad mellom 7 og 10 mennesker. Seinare har fondet finansiert fleire andre mindre verksemder, mellom anna hestar og tryggingsutstyr til Youseph Rohea som kan ta deg med på ei jungeloppleving utanom det vanlege.