Eit møte med sentral Otago
Av Bjørn Egil Flø
Landskapet her kan minne om ein reklamefilm for dongeribrøker. Du veit dette utprega rurale som er så moderne i det meste av marknadsføringa for tida. Det heile vert forsterka av det grå og tørre vinterlandskapet som berre ein dag eller to i løpet av vinteren får oppleve snø. For slik er det her i hjartet av Otago på New Zealand, sjølv om ein i år har hatt ein av dei mest snørike vintrane på mange år er det likevel grått og tørt i sentral Otago.
Eg køyrer i retning Otautau, eigentleg utan anna mål og meining enn å gjere meg kjend med dette landet. Og sjølv om det nærmar seg timen no gjennom same landskapet greier eg ikkje å slutte å la meg fasinere av det. Det liknar ikkje på noko anna landskap eg har sett, men likevel set eg her å trur eg har sett alt før. Det næraste du kjem er om du tek bilen opp på Høvringen å køyrer nett så langt at du ser dei runde slake formasjonane av Rondane samstundes som du kan sjå ned i Gudbrandsdalen. Når du står slik så kan du la tankane dine kle heile Rondane med vårgråe kulturmarkar slik dei berre ser ut nett etter at snøen har fere og spirane enno ikkje er synlege. Så kan du fylle markane med ein sauetettleik omlag som den du kjenner frå den illustrerte barnebibelen då englane synte seg for hyrdane på markane utanfor Betlehem. Om du då i tillegg let heile Gudbrandsdalen gro att av einer og gran og let Lågen få grave seg fritt leide der det måtte passe seg har du omlag det New Zealandske landskapet. …
Paul Turner ”The farmer of the year”
Det er i dette landskapet du finn kjerneområdet for det New Zealandske sauehaldet og her finn du òg Otago sin kandidat til ”Young Farmer Contest 2006” ei mediahending som her på øya var større enn fotball VM. Den 27 år gamle Otautau bonden Paul Turner var ein av to i finalen som insisterte på å kalle bruket sitt familiebruk. Det vert vist færre og færre av dei med åra, derfor var Paul ein av folkets favorittar i år. Kanskje har eg teke skade av oppveksten min på eit lite mjølkebruk på ytre søre Sunnmøre, men 8570 mål gir meg assosiasjonar om noko langt anna enn familiebruk. Alt er nøye inngjerda og delt opp for sau, ammekyr og hjort som er den typiske kombinasjonen i dette området.
Det ser ut til å vere lite driftsbygningar her, ein open mjølkestall med eit enkelt overbygg i tillegg til eit og anna lagerskur er omlag alt som er av bygningsmasse på gardane om ein ser vekk frå våningshuset. Kring om i landskapet ser ein plansiloar og rundballar med vinterfôr, plasseringa av fôrlagera er nøye planlagt og må leggast slik at det vert minimalt med køyring gjennom vinteren, det er kostnadsreduksjon som gjev nettoen.
Ein mann og hans Land Cruiser
På ei rett vegstrekning kan eg sjå ein bonde som tilsynelatande er ute og ser til gjerdet sitt. Veit ikkje kva som reiv i meg, men brått hadde eg svinga av og stod med fronten inn mot akterenden på ein Toyota Land Cruiser seint 1970 modell, med ekstrem bakkeklaring.
”Goddag, korleis er det med deg?” helsar bonden, nærast før eg får kreksa meg ut av bilen.
”Jauda, slett ikkje verst” svarar eg og lurer på kva eg no har rota me oppi. ”Eg har køyrt ein times tid gjennom distriktet her og har ……”
”Kvar kjem du frå?” avbryt bonden meg. I det eg svarar Dunedin skjønar eg at det han eigentleg spør om kva land eg kjem frå, så eg fekk slengt på Noreg også.
”Du er langt vekke heimafrå” seier han då, og måten han seier det på gjer meg usikker, han verka nærast aggressiv. Eg kjenner eg byrjar angre på heile stoppen.
”Kan du fortelje meg korleis eg finn fram til Paul Turner?” Spør eg i ein freistnad på å kome meg ut av knipa.
”Har du avtale med han?”
”Nei eigentleg ikkje” må eg innrømme og tenkjer at dette vert det ikkje lett å kome seg ut av.
”Då kan du berre gløyme å få han i tale, han er for opptatt med journalistar. Dessutan er det berre far hans som er heime” seier bonden og ser meg rett i auga.
Same kan det vere tenkte eg, hadde heller aldri eigentleg tenkt å snakke med Turner. Det var berre ein freistnad på å kome meg ut av ein situasjon som var vorten litt snål. Bonden var rolegare no, han hadde fått eit mildare drag over auga der han sat på det heimelaga stigbrettet på Toyotaen sin.
”Har du lyst på ein kop te?”
Eg takkar ja og set meg på ein stabel gjerdestolpar og får ein stålkopp stempla i neven, heldigvis rekk eg ikkje å sjekke tilstanden på koppevasken før teposen fargar vatnet raudbrunt.
Der sat eg då saman med Jim Kleffmann ein 62 år gamal Kiwi-bonde med tyske anar. Dryge 7000 mål med sau og ammekyr var hans bidrag til fellesskapet som han sa. ”For det er det dokke europearar kallar det å drive landbruk” sa han ”…bidrag til felleskapet… ikkje sant?”
Om subsidier og 64 mil med sauegjerde
Eg forstod det slik at det var det multifunksjonelle landbruket han sikta til. I fylje Rural News…, eit reint distrikt og landbruks blad som kjem ut kvar fjortande dag og best kan samanliknast med Bondebladet heime, berre med den vesentlige skilnaden at det er til sals på kioskar og daglegvarebutikkar i heile landet…., Uansett, i fylje Rural News har ikkje bøndene her mykje til overs for EU landa sit subsidiebaserte landbruk. Og eg fant det etter kvart påtrengande å forklare Jim at det norske landbruket nok var enno tyngre subsidiert enn EU-landbruket. Men det var slett ikkje naudsynt, for Jim var forbausande godt informert. Og gav meg ei lekse om at det er forskjell på å subsidiere landbruket for å konkurrere på verdsmarknaden og det å syte for ein nasjonal basis produksjon. Han hadde med andre ord lite imot den subsidiepolitikken Noreg fører.
”Eg veit ikkje kor mykje energi landbruket dokka produserar, men det er nok neppe meir enn kva dokke treng i ei knipe?”
Eg sa at me produserar omlag femti prosent av dei kaloriane me et i oss og at landbruket utgjer basisen for eksistensen av ei rekkje plante, dyr og fugleartar som har levd i symbiose med landbruket i nærare 5 – 6000 år.
”Ja…, det var tusenvis av år før det var sett menneskefot i dette landet” sa han og røyste seg frå stigbrettet. Han strakte ryggen og grein mot sola og eg såg at Jim var ein gamal mann trass sine knappe 62 år.
”Takk for praten” sa Jim og tok stålkrusa mi, sjølv om den enno var halvfull var det ikkje meir tid. Med 64 mil med sauegjerde som måtte sjåast over og vølast før lamminga sette inn trong han å nytte dagslyset til arbeid.
”Det var verre å miste subsidiane enn det er å vere utan dei” sa han då han kleiv opp i Toyotaen. ”Me var mange som vurderte å gjere det slutt”. Land Cruiseren startar med eit brøl, trass sin ekstreme høgde ser det ut til at den ein gang var for låg til å berge lydpotta. Eg prøver å spørje kva han meinar med ”put an end to it” men han høyrde ikkje spørsmålet.
På vegen ”heimatte” til Dunedin ser eg at lamminga har byrja i låglandet utanfor byen. Lat oss vone Jim rekk over alle gjerda i år også.