Free range milk

Av Bjørn Egil Flø

 

Det ligg ein søknad på kontorpulten åt miljøvernkonsulenten i Canterbury distrikt på New Zealand, ein søknad om å få bygge eit mjølkebruk kostnadsrekna til tett på 450 millionar norske kroner. Dei skrur opp tempoet no, Kiwiane. Ein stadig veksande asiamarknad har gitt dei von, von om at det kan gå an å svare ein halv milliard i investeringar.

Kvar einaste dag, heilt sidan midten på 80 talet då dåverande finansminister Roger Douglas held sin ”solnedgangstale”, har den New Zealandske bonden skrudd opp farta på tredemølla, eitt trinn meir for kvar dag. Det har plassert The High Country Farmer, sjølve frontmarkøren for den New Zealandske nasjonale identitet, i leiinga for verdas ull, hjort, kveg og frukt produksjon. Heilt til for ti femten år sidan var enno mjølkeproduksjon mest som ein kuriositet å rekne, men i takt med ein asiamarknad som vert stadig svoltnare på mjølkeprotein og målretta utvikling av tørrmjølkteknologi har mjølkeproduksjon vokse fram som den økonomisk mest løfterike sektoren. …

Problemet er berre at det bryt med forteljinga om det reine og miljøvennlege landbruket som eit enno samla New Zealandsk landbruksmiljø, målmedvite har bygt opp gjennom mange år. Ein marknadsretta miljøprofil som har passa perfekt inn i dei krava som matvareindustrien i Europa til ei kvar tid har sett. New Zealand landbruket har vore fleksibelt og tilpassa seg langt raskare industriens skiftande standardkrav enn noko anna landbruk i verda. Medan amerikanarar og europearar høvesvis ignorerte eller protesterte mot sertifiseringskrava og satsa på å vinne tid til å omstille seg, snudde Kiwiane seg på hælen og innfridd månadsvis før konkurrentane. Dermed plukka dei marknadar framfor augo åt demonstrerande franske bønder og bonusen fekk dei utbetalt i eit stadig reinare landbruk for kvart år.
Ein jamn og trutt overgang til mjølk har likevel skapt uro dei siste åra, særleg etter 2006 då den kontroversielle nyvalte presidenten i Federated Farmers Charlie Pedersen leverte si tiltredingstale der han gjekk rett i strupen på miljøforvaltniga. Slik mjølkeproduksjonen vert driven på New Zealand har den store problem med miljøkrava. Intensiviteten er mange gongar høgre enn anna husdyrproduksjon og dei tre siste åras harde turkesumrar har retta merksemda mot dei enorme vassmengdene mjølkeproduksjonen krev. Likevel er det mjølk som ber på den store lovnaden for Kiwibonden, ein lovnad som nett no er større enn på lenge.

Det var i haust det starta, det som ser ut til å vere eit taktomslag i omlegginga av det New Zealandske landbruket. I september kunne Otago Daily Times melde om fem ulike kompani som ønskja å etablere seg ved Omarama i Nord Otago ved innfalsporten til reiselivsregionen McKenzie country. Ein ting var at konsesjonssøknaden galdt totalt 22.530 mjølkekyr, enno meir urovekkande var det faktum at produksjonen skulle skje innandørs i det me her heime kallar lausdriftsfjøs og som her vert omtala som European style cubicle stables. ”Det representerer steget inn i industrilandbruket for New Zealand” seier Russel Norman i partiet Dei grøne. Leiaren for reiselivsnæringa i Otago og McKenzie country kallar det ”galskap” og hevdar det vil skade ”ikkje berre Otago, men heile reiselivsnæringa i landet”. Endatil talsmannen for meierigiganten Fonterra uttrykker uro og meinar det vil ”skade renommeet åt meierisektoren både nasjonalt og internasjonalt”.

Me har likevel berre sett starten på det heile, statsminister John Kay og landbruksminister David Carter innrømmer begge at; ”…så lenge dei kan dokumentere at dei har ressurstilgong nok til den planlagde produksjonen og at dei tilfredstillar miljøkrava kan me lite gjere”.

Medan politikarane toar sine hender tikkar stadig fleire søknadar inn frå risikovillige bønder som vil prøve lukka på Sørøyas High Country i blind tru på blårussen sine lovnadar. Andre tenker som Simon Williamson; ”Alle som har drive jorda her i distriktet nokre år veit at dette ikkje går. Desse folka veit ikkje kva dei gir seg ut på… dei kjem ikkje frå distriktet her, dei har ikkje eingong slektskap hit” seier han før han til slutt slår fast at; ”McKenzie Country is not dairy country!”.

Bjørn Egil Flø

Innlegget har stått på trykk i Nationen 13. januar 2010

Kommenter innlegget