Av Bjørn Egil Flø
“Welcome to John Howard’s sunburnt country” stod det å lese på banneret åt demonstrantane som møtte oss på Brisbane Internasjonale flyplass. Med praktiske råd og kreative triks om vassparing bad dei oss om å hjelpe Brisbane med å etterleve ’Level 5’ krava om vassrestriksjonar. Me lova å gjere vårt beste og spøkefullt tipsa me dei om å hente tørrsjampoen ned frå retrohylla, det ville vere nyttig i eit land der vassforbruket før fyrste restriksjon vart innført i 2005 faktisk var på heile 300 liter per dag per person.
Men tørken som har råka landet er slett ingen spøk. Bøndene i dei folkerike og sterkt tørkeramma delstatane New South Wales, Victoria og søre delar av Queensland drøymer om grøderike våtmarkar og blenkjande billabongar på Australias ’Top end’ kvar gong dei bøyer seg for å sjekke merket på enno eit kveg som har måtte gitt tapt. John Howard, som aldri har ratifisert Koyoto avtala og som heller ikkje vil tilkjenne tørken å vere ein effekt av klimaendringar, er varsam med å karakterisere dette som ei katastrofe. Likefullt vil me kanskje få sjå ei folkevandring frå sør til nord som me ikkje har sett maken til i moderne historie. …
Av Bjørn Egil Flø
“It’s not just what you take out of life that’s important it’s what you put in to it”
Slik opnar dei New Zealandske mjølkebøndene si store kampanje “go dairy”. Unge bønder i 30 – 40 års alderen står fram å tilrår mjølkeproduksjon som eit seriøst alternativ for den som måtte ønskje eit karriereskift og som ønskjer å kome à jour i livet. Mjølkeproduksjon kan, i fylje reklamen, tilby både økonomisk tryggleik, ein spanande livsstil samt moglegheit til å arbeide saman med resten av familien.
Kampanjen hevdar å ha som mål å rekruttere fleire
folk til landbruket, men enkelte uttrykkjer likevel ein viss skepsis til kampanjen. …
Av Bjørn Egil Flø
I landed with every waka in Aotearoa and all iwi embrace me
I am a custom they call manaakitanga
My brother landed in the pockets of the Pakeha
He is an industry they call tourism.
My brother and I have been trying to get along ever since
Slik introduserar Steve Sole sin artikkel «Maori Tourism» i siste nummer (No 82) av New Zealand Geographic, og trekker opp hovudlinjene i den lange og konfliktfylte debatten om kommersialisering av Maori kulturen.
I motsetnad til mange andre stadar i verda har likevel Maoriane greidd å finne det ein kan kalle ein gylden middelveg og bygd opp sterke og stabile institusjonar som sikrar at store delar av inntektene frå maori turismen går til å styrke maori kulturen. …
Av Bjørn Egil Flø
Klokka er kvart over 5 om ettermiddagen då me landar. For ein med to vintrar etter kvarandre og New Zealands hittil kaldaste forsumar i blodet, er 28 grader celsius og ei relativ luftfuktigheit på 95 prosent nett som å gå på ein vegg.
Vanuatu airport må vere verdas raskaste internasjonale flyplass, etter knappe 25 minutt set me alt på bussen som skal frakte oss til Breaka’s Beach Resort. For det er ”Resort” dei vert kalla desse feriestadane, sjølve ordet stammar eigentleg frå gamal-fransk og tyder noko slikt som ein tilfluktsstad eller skjulestad som ein gjenoppsøkjer og kanskje er det nett det det er òg. Bak strenge portstolpar ligg ei oase av luksus og rikdom med badebasseng og swim-up-bar og kvite strender som vert raka kvar morgon før sola står opp. …
Av Bjørn Egil Flø
Det er stålkaldt og lufta er så klar som einast fjelluft kan vere. Sjølv om det enno berre er tidleg i november, noko som ikkje tilsvarar meir enn tidleg i mai på den nordlege halvkula er Kiwiane sjølve overraska over at det enno er frostnetter. Å ja det var kaldt i soveposen då eg vakna ved breidda av Mavora lake, like ved der Frodo dreiv å bala på ei av sine mange meiningslause vandringar med altfor store fotblad og med ein ring i nevane.
Området har ein estetikk som nærast er ubeskriveleg, men me hadde ikkje tid til å nyte den no. Me laut pakke saman telt og soveposar å kome oss til tilgangspunktet til Oreti elva før nokon andre rakk å kome føre oss. Klokka var kvart på seks då me kom der og det var i siste liten, ti minutt etter gleid den fyrste bilen håpefullt over bakkekammen berre for å sjå at me var før dei i dag. Ei typisk ”sight fishing” elv som Oreti har ikkje plass til meir ein eit lag av fiskarar i gongen over det same elvestrekket. Brunauren er for var til å tole å verte uroa av folk og ein støkka aure bit ikkje, so enkelt er det. Sjølv ikkje ein stor og irriterande streamer vil greie å provosere fram eit hogg. …
Av Bjørn Egil Flø
Bygdehøvdingane på Flø har mobilisert, dei har si fulle hyre med å vøle skaden den rurale idyll har vorte påført dei siste vekene. Ein sokalla forskar – endatil ein tidlegare sambygding – har fortalt ei anna historie frå bygda enn den me elles har lært å kjenne så godt frå eit utal aviser og magasin.
Der stod dei samla på framsida av lokalavisa, eit par av nytilflyttarane saman med ein retardert eksordførar og i midten stod sjølve arketypen av ein bygdehøvding, nærare bestemt skulelæraren og venstremannen i bygda. Og alle var dei opprørde, skulelæraren hadde endåtil mista nattesvevnen skal me tru oppslaget. Dei hevda det var noko av det største mølet dei hadde lese og at det i tillegg var ”rauvalaust” – artig ord i grunnen, det tyder noko slikt som å vere utan tyngde eller lite å ta notis av. Men kvifor lagar ein då så mykje støy kring denne saka? Om det verkeleg var så lett korleis kunne essayet då ha kraft nok til å gjere folk både svevnlaus og trasig? …
Av Bjørn Egil Flø
Dei omtalar seg som overlevarane, eller The Survivors, og utgjer omlag halvparten av bondestanden frå 1985. Det var då den New Zealandske finansministeren Roger Douglas, arkitekten bak den storstilte liberaliseringspolitikken, fjerna subsidiane til landbruket nærast over natta. Fram til då vart det meste av det Kiwiane produserte eksportert til England, men no gjorde EU reglementet sitt til at dei ikkje fekk nyte godt av det tvilsame privilegiet å vere del av The Common Welth med garanterte marknadsandelar.
Dryge 20 år etter går den New Zealandske bondeleiaren Charlie Pedersen ut å rettar ei klar melding åt sine ”subsidie- rike” kollegaer på den nordlege halvkula ”Det er liv – faktisk eit betre liv – etter subsidiane”. Sjølv om han innrømmer at omstillinga var brutal, meinar han den både var naudsynt og rett. Det 11300 mål store mjølkebruket greidde ikkje å svare utgiftene. Både han og kona Chrissie laut ut i fullt arbeid då krisa slo inn for alvor. …
Av Bjørn Egil Flø
Det kalde smeltevatnet er verken grønt eller blått anna enn det er mesta utan farge. Elva er så klar at ein må kunne sjå fisken same kvar den står i elva. Ein perfekt høl for ”sight fishing”etter brunaure, kanskje det edlaste av alt sportsfiske og noko av det som har gjort New Zealand til det mekka det er for sportsfiskarar verda over.
Eg står på ein smal og krunglete grusveg og ser bort på elva som renn stille, kald og klar tre hundre meter nedanfor meg. Mellom meg og elva går det eit hundretals sauer og nokre gess, det er med andre ord ”private property”. Inngjerda jordbruksland som bonden sjølv har rydda med sine eigne hender.
Draumen om ”Sir McLaugan”
Ein dryg kilometer, eller kanskje to, lenger framme finn eg at gjerdet endar, men einast med det føremålet å starte på nytt att. For her er nemleg bytet mot den neste bonden. Ja vel, eg hadde von om at det kanskje var ei lita stripe public land her, men den gang ei. Uansett treng ikkje det å bety så mykje for meg, for om det så var ville det neppe stå i mi makt å kome meg igjennom bushen som ville vore der i så høve. Einaste vona kunne vere om ein eller annan ”idealist” hadde spandert litt av formua sin på å få laga ein sti her. Då hadde den i så fall heitt eit eller anna Sir McLaugans Millennium Pathway liknande. Og den godaste McLaugan hadde fått skattelette for det det kosta å anlegge stien og vel så det. Kanskje hadde den forlokkande fiskehølen også fått namn etter den edle Sir’en. Kanskje viste nokon at det fyrst namnet menneske gav denne hølen var taunga ika eller noko slikt, då ville det i så fall vorte skrive, i mindre bokstavar sjølvsagt, under namnet åt Sir’en. …
Av Bjørn Egil Flø
Ho ville berre verte kvitt litt dårleg samvit, eit vitnesbyrd om alt arbeidet ho ikkje rakk over. Verst var det kvar gong ho såg at vinden hadde fere med enno ein del utav veggen. Det var gjerne vårane ho såg det best, medan ho svinga kring novene med gjøsselen. Ho var så lei av alle krinkelkrokane ho måtte gjere mellom alle desse ubrukelige bygningane og verre var det med ein fôrhaustar på sida. Nei ho gledde seg til ho fekk svaret på søknaden og ho kunne få fjerne den, slik den står no er den einast til skam og vitnar om vanskjøtsel.
Svaret
Svaret kom fyrst langt utpå sumaren og var heller nedslåande. Utifrå brevet kjem det fram at kommuna hadde sendt saka til høyring hjå Fylkeskonservatoren og han har frårådd riving. Vidare står det å lese i brevet at konservatoren har vurdert løa som verneverdig. Det var merkeleg, tenkte ho … når kan konservatoren ha gjort den vurderinga… ho har ikkje fått med seg at konservatoren har vore her å gjort noko vurdering? Kva grunnlag har han til å vurdere noko som helst? Ho er snar til å bla opp vedlegget, og der finn ho brevet frå Fylkeskonservatoren til Ulstein kommune.
I brevet kan det synast som om den omtalde ”vurderinga” nok er gjort utifrå dei bileta av løa som var vedlagt søknaden om riving. Nei det var då stusseleg, tenkjer ho, kan det verkeleg vere så ille i forvaltinga då? spør ho seg sjølv. …
Av Bjørn Egil Flø
Han er liten, og tett og held armane i kors over brystkassa. Det er noko med han der han set, nypussa og fin, som gjer at eg tenkjer attende på tidleg 80 talet. Kanskje er det den vesle barten hans, eller kanskje er det spisseskoa og skinnjakka med strikk kring livet som gjer det?
Den einaste løysinga var å røme landet sa Charlie Pedersen. Han snakka om besteforeldra sine. Bestefaren var 23 år og hadde lagt seg i hop med datera åt storbonden, det var kome så langt at resultatet var vorte synleg for dei med det skarpaste blikket i den vesle landsbyen utanfor Ribe på Sør-Jylland.
Eg er mest imponert over bestemor seier Charlie og lenar seg fram etter glaset med kaldevatten som står på bordet mellom han og intervjuaren. Bestemora var vist berre 15 år då og strengt oppdratt, og no stakk ho altså av med ein husmannsson. Og det var ikkje kva som helst for husmannsson heller, anna enn det var son åt Peder Knutsen som vist nok skulle ha vore sentral då dei danske husmannsforeiningane samla seg i ’De samvirkene danske Husmandsforeninger’ i 1910. …