Ordskifte om jordskifte

Av Bjørn Egil Flø

Bjorn E Flo

 

 

 

 

 

Å bu: Ein storslått bok om klyngetuna kan inspirera til å snakke om korleis framtidas bygder skal formast.

 

Idet eg opna den siste boka frå Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth – «Klyngetunet» – vart eg straks sett attende til ei oppleving, eller snarar ei slags tilstand, frå barndomen.

Eg var nett fylt seks år og hugsar det berre vagt. Men det var ein fin vårmorgon og eg gjekk mot der sola skein fyrst på Ytre-Flø landet. For fleire timar før vårsola nådde solveggen heime, kunne me sjå nautrekkja i Staberget bivre i solvarmen. Det spira på markane så eg kunne ikkje skråe beinveges over. Derfor gjekk eg vegen. Langs sjøvegen, knappe hundre meter før naustrekkja, vart eg var han Oddmund som sat på ein stein ved den gamal gravrøysa der.

«Her låg det opphavelege tunet på Ytre-Flø», sa han. «Viste du det?» Kanskje viste eg det, men eg hadde aldri tenkt særleg over det. Men då han Oddmund starta fortelje korleis det kanskje hadde sett ut, skjedde det noko med meg. Då han starta fortelje kor tett husa stod og kor mange som budde i same stova, om smier og løer og om stover som delte ytterveggar med kvarandre for å spare bygningsmaterial, så fôra han fantasien min med nokre bilete som prega meg heile den våren. Han snakka om kor krevjande det måtte vere å bu så tett i hop, om at nokre familiar måtte dele den same stova og endatil det same kjøkenbordet. Alt saman like fasinerande for ein gut som enno ikkje hadde lært seg ordet kjeldekritikk. For Oddmund var ein klok og kunnskapsrik mann, og han var ein god forteljar. I vekevis etterpå kunne eg sete å leike meg i fjøra med å bygge gardstun i sanden. Eg dikta min eigen kopi av dei bileta Odmund hadde teikna i den vesle skallen min. Eg sette gavlveggane mot nord og sikra sjøutsikt frå alle stovene og brukte strandsniglar som buskap. Dei små grå var sauer, medan dei største og kvitaste var hestar. Langt frå alle hadde eigen hest, hadde Oddmund fortalt, nokre laut dele på hesten, både på bruken av den og på å fôre den.

Les meir

Av Eirik Magnus Fuglestad
eirik-magnus-fuglestad-2-krympa

 

 

 

 

 

 

Er me i ferd med å verta ein nasjon av umyndige bønder att her på berget? Spørsmålet er relevant i ein kontekst der rikdom og eigedom hopar seg opp på færre hender. Dette undergrev sjølve det demokratiske fundamentet. Kan odelsretten redda oss ? Er Per Olaf Lundteigen ein moderne Christian Magnus Falsen? Historia visar veg.

 

Fuglestad, E.M. 2018. Private Property and the Origins of Nationalism in the United States and Norway

Som ein dim draum i vintermørkret svann visjonen om eit egalitært småbrukardemokrati frå 1814 bort i ei ny natt, like djup som den danske 400-års natta før var lang. Men odelsretten minner oss framleis på denne mytiske visjonen om makt og fridom, den dreg oss attende til historia og sameinar blodsband, slekt og makt.

Eigedomsretten til jord som odelen er kopla til, og til andre grunnressursar, er sentralt for eit levande demokrati. Forsking som eg presenterer i boka Private Property and the origins of nationalism in the United States and Norway  viser dette, men også korleis eigedomsretten og demokratiet kan skli i frå kvarandre. Dette forstod mange av Eidsvoll-mennene i 1814. Forstår me det i dag?

I 1815 skreiv Christian Magnus Falsen at odelsretten var ein «grundvold for norges constitution», ja beint ut «det sikkreste vern for norges frihed». Grunnen til dette, meinte Falsen, var at oldelsretten var med på å skapa eit breitt eigarskap til jord, og dette var heilt essensielt, meinte han: «Saa lenge jordgodserne er smaa, fordelede mellem flere, see vi overalt at sæderne agtes, lovene overholdes, kort sagt, at staterne ere, om ikke mæktige, saa dog lykkelige». Nordens sønner, skreiv Falsen, var praktisk talt dei einaste som var «i besiddelse av menneskerætter og borgerlig frihed». Skal me ta han på ordet? Er fridomen vår gått tapt om me avskaffar odelsretten?

Les meir

Av Eirik Magnus Fuglestad
eirik-magnus-fuglestad-2-krympa

 

 

 

 

 

I framtida skal jordbruket verta bioøkonomi, høyrer ein ofte. Og denne bioøkonomien skal verta den nye olja vår – ein grøn og berekraftig ressursbruk i ein sirkulærøkonomi. Kan dette vera ein sjanse til å utforma ei ny marknadsregulering på nye premiss?

Marknadsregulering av kjøt er i hard vind i desse dagar. Først gjekk det så til her i landet vårt at Nortura eksporterte norsk fryselagra sau til Afghanistan. Mykje vart sagt om det og meir treng ikkje seiast her. Framleis er det overskot på kjøtvarer: Stort overskot av svin stod det å lesa i Nationen 4 september. Kan bli overskot på 54 00 tonn i 2019. Bøndene tapar 220 mill på manglande prisutak, les ein vidare. Førsteamanuensis ved Handelshøyskolen BI, Ivar Gåsland, skriv i Nationen at marknadsreguleringa som Nortura driv med verken er «berekraftig eller etisk»

 

Les meir

Om opphavet

– mitt Sommar i P2

 

 

Foto: Henning Gulli/NRK

«I heile min oppvekst stod far min i veitene. I nær tre tiår – frå sist på 50-talet til fyrst på 80-talet – dyrka han jord. Fyrst sitt eige bruk, og seinare to nabobruk. 

Aldri såg han ut til å tvile på det han heldt på med. Ikkje før på hans eldre dagar meldte den seg – tvilen – den meldte seg då dottera til bror min stod overfor valet om ho skulle ta over bruket eller ikkje.»

 

Slik opnar eg mitt «Sommer i P2» som vart sendt på NRK P2 i dag 7. august 2018. Der fekk eg ein time til å finne opphavet til det eg ser og til det eg ser etter som forskar. Eg snakka om jordbruk, mat og politikk og sånn…. om sjokolade, ferjereiser og fjøsteiknarar…  om lovnad og svik…. og om min eigen tvil på forskinga.

Programmet kan høyrast i sin heilheit på NRK sin nettradio og du finn det ved å følgje denne lenka. Ta deg gjerne også tid til å høyre nokre av dei andre bidragsytarane til denne fine serien som kulturkanalen gir oss radiolyttarar kvar sumar.

Av Eirik Magnus Fuglestad
eirik-magnus-fuglestad-2-krympa

 

 

 

 

 

 

Erna Solberg erklærte i starten av regjeringstida si at kunnskap er den nye olja. Det er ikkje tvil om at kunnskap og idear vil verta viktige i framtida, men gløymer me å snakka om det materielle grunnlaget for samfunnet vårt? Snakkar me nok om kven som skal eige grunnressursane våre?

Karl Marx minner oss på kor viktig eit eigedomsperspektiv er på politikken. Han tok eit kraftig oppgjer med Hegel sin idealistiske filosofi for 200 år sidan. Marx sette eigarskap til faktiske ressursar i sentrum, i staden for svevande idear og ideal.

I denne tradisjonen vart økonomen Thomas Piketty verdskjent då han viste korleis fast eigedom og kapital ville kunna bli den viktigaste inntektskjelda i det tjueførste hundreåret. Som eit supplement til dette har sosiologen Raj Patel og historikaren Jason W Moore, i boka A history of the world in seven cheap things (2017), nylig vist korleis kapitalismen si utfalding har vore avhengig av lett tilgang på billeggjorte naturressursar. Kapitalismen forserer stadig nye grenser, heilt til alle grenser er forserte. I denne prosessen tek den kontroll over eigedom og ressursar. Slike krefter krev regulering og forvaltning.

Les meir

Av Egon Bjørnshave Noe og Martin Hvarregaard Thorsøe

 

 

 

 

 

Landbrugserhvervet befinder sig i en historisk brydningstid. En tredjedel af landbrugsbedrifterne er finansielt stærkt udfordret med høj gæld og lav indtjening. Samtidig er der et stigende pres på behovet for generationsskifter, og det er svært at se, hvordan de største bedrifter kan ejerskiftes som selvejende bedrifter.

En del af forklaringen på krisen er, at egenkapitalen er kraftigt reduceret efter et fald i jordprisen siden finanskrisen i 2009, at markeds- og prisforhold generelt er usikre, og at adgangen til finansiering er blevet vanskeligere. Det er dog vigtigt at understrege, at der ikke udelukkende er tale om en investerings- eller finansieringskrise, men der er mere grundlæggende tale om en indtjeningskrise. Og afledt af disse forhold også en krise i forhold til at motivere en ny generation af unge mennesker til at ville indtræde i landbrugserhvervet.

Den store fortælling om dansk landbrug bestående af selvejerbønder har sin rod i stavnsbåndets ophør i 1788 og de efterfølgende mange selvejerkøb af jorden. Det er en fortælling, der er stærkt underbygget af den enormt store betydning landbruget har haft for dansk økonomi og ikke mindst for det, der i dag benævnes som landdistrikterne.  Lidt populært kan man sige, at den store fortælling om selvejerbonden slutter med liberalisering af landbrugsloven 1. januar 2015, der åbner op for, at eksterne investorer kan købe landbrugsjord som en konsekvens af den krise, landbruget er i, og for at rede bankerne, der har investeret store beløb i landbrugserhvervet.

Les meir

Sveitsisk jordbrukspolitikk

Av Torbjørn Tufte og Caroline Berntsen

 

 

 

 

 

Brennpunktdokumentaren «Framtidsbonden» sendte sveitsisk jordbrukspolitikk inn i den norske landbruksdebatten for fullt. Nå har AgriAnalyse sett nærmere politikken i rapporten «Sveitsisk jordbrukspolitikk – matforsyning og fellesgoder likestilt».

Tidlig på 1990-tallet opplevde Sveits at jordbruket var i ferd med å miste sin multifunksjonalitet med gjengroing av jordbruksarealer og miljøskader etter intensiv drift. Det startet en 20-årig reformprosess frem til dagens jordbrukspolitikk i Sveits. Et mer miljørettet jordbruk som bedre ivaretok kulturlandskapet og biologisk mangfold var målet. Myndighetene ønsket en mer effektiv utnyttelse av Sveits’ egne ressurser, med vekt på støtte til å drive vanskelig tilgjengelige jordbruksarealer for å hindre gjengroing.

Reformene har resultert i at budsjettordningene har gått fra pris- og produksjonsavhengig støtte, til et system med produksjonsuavhengig støtte, der støtten utbetales per arealenhet. Sveits har i økende grad prioritert hvordan maten produseres, fremfor bare hvor mye mat som produseres.

Sveits har omtrent like mye dyrket mark som Norge; 10,5 millioner dekar i Sveits versus 9,8 i Norge, med henholdsvis 53 000 og 41 000 gårdsbruk i 2016. Begge land har krevende produksjonsforhold. Kjerneproduksjonen er melk og kjøttproduksjon, der gras legger beslag på omlag 70 prosent av jordbruksarealet. Andelen jordbruksareal av totalareal er imidlertid vesentlig større i Sveits enn i Norge, med 38,7 versus 2,7 prosent. Sveits har derfor en helt annen infrastruktur og logistikk i jordbruket enn det vi har i Norge. Sveits er et lite land, bare litt større enn Nordland fylke.

Les meir

Av Bjørn Egil Flø Bjorn E Flo

 

 

Bygdene er i opprør, seiest det. I alle kanalar og i alle spalter ropar dei om at det er eit distriktsopprør på gang. Sjølv har eg sett det lenge, eg har høyrt misnøya kringom der bygdefolk møtest, og eg har prøvd å forstå kva som uroar bygdefolket så kraftig.

  

Samtiden handsamar det lokale i siste nummer (Nr 1 / 2018). Tidsskriftet er å få kjøpt på din lokale kiosk eller på nett.

DET VAR like før jul då han ringde meg. Eg fekk ikkje med meg namnet med det same, men han sa han var den nye redaktøren for tidsskriftet Samtiden, og no ville han drøfte vinklinga av eit temanummer om det rurale. «Det er kanskje ikkje det temaet Samtiden har handsama mest oppgjennom åra», sa han, og det var som om han kunne lese tankane mine over smarttelefonen sin.

Men samstundes er det kanskje tidstypisk at nettopp Samtiden – denne ultimate identitetsmarkøren for den urbane middelklasseeliten – no brått skulle starte å bry seg med dei som har blitt att i grendene, dei som aldri reiste til byen. Eg meiner, me har då registrert det. Me har då sett alle desse kommentatorane, amanuensisane og professorane som har figurert i avisspaltene. Me har høyrt dei i dei langdryge debattprogramma i radioen der dei har snakka om eit distriktsopprør og trekt opp parallellar til både Brexit, Trump og det som verre er. For kvar kommentar som har vorte skriven frå hovudstadens kulturelle og politiske elite, har det teikna det seg eit jamt tydlegare bilete av nokre innfule bygdetaparar som sit på verandaene sine ikledd brunspetta flanelltrøyer med jaktrifla i fanget. Den overordna bodskapen i kommentatorane sine spalter er at me har med ein hop tullingar å gjere, tullingar som ikkje veit sitt eige beste.

Sjølv har eg reist kringom i det meste av Bygde-Norge dei nær 20 åra eg har arbeidd som bygdeforskar, og det biletet kommentatorane teiknar, er eit bilete eg absolutt ikkje kjenner att. Men eg er samd i at noko skjer ute i bygdene, men kva er det for noko? Kva er dette bygdestyret? Kva er det som uroar bygdefolket?

Les meir

Av Bjørn Egil Flø Bjorn E Flo

 

 

 

«EG SKAL HALDE eit avsluttande innlegget på NIBIO-konferansen i år», sa eg med bror min. «Javel, kva slags konferanse er det då?», spurte han, utan å gi meg noko nemneverdig kred for det ærefulle oppdraget.

«Mat, miljø og moglegheiter, er liksom den tittelen dei har gitt sjølve konferansen», sa eg utan at eg eigentleg trudde det ville vere noko særleg svar på spørsmålet hans.

«Åh, ja er det ikkje typisk. Sjølvsagt må dokke henge på moglegheit på slutten», sa han før han held fram.

«Dokke reirar dokke som gaukungar i trastereiret».

Jau da, eg kan forstå at ein eldre mjølkebonde på Flø, ytst ute på ytre søre luten av Sunnmøre, kan vert litt oppgitt av slike «trendar i tida». For det er det det er; Trendar i tida. Les meir

 

Av Svein-Magne Gjessing

 

 

 

 

I disse dager opplever vi klima- og miljøproblemene sterkere enn noen gang, men hverken nasjonale eller internasjonale myndigheter tar tak i hovedårsaken.

Ifølge Nationen den 18. november, hevder Norsk Landbrukssamvirke og Akershus fylkeskommune, sammen med forskere ved NMBU, at teknologi som robotisering, kunstig intelligens og automatisering kommer til å endre det norske og det globale landbruket. De begrunner det med argumenter som stor kostnadsbesparelse, økt produksjon, klimaendringer, optimalisering av tidsbruken, etablering av kommersielle foretak, hensyn til dyr og klima, at «vi har et håpløst klima og topografi» i Norge, og at unge som ønsker en framtid i landbruksnæringen motiveres av roboter, for å møte «endringene som landbruket må gjennom».

Denne begrunnelsen for en såkalt «digital revolusjon» høres, for meg, ut som en livsløgn eller en bløff. Det er en fremmedgjøring av mennesket som tvinger oss til å spille på lag med teknologien, i stedet for naturen. Dette konkrete eksempelet er bare ett av mange, som illustrerer virkelighetsforståelsen som ligger til grunn for den generelle samfunnsutviklingen. «Business as usual» tar oss i en retning som jeg tviler på at mange unge motiveres av, dersom de selv får handlingsrom til å velge. Jeg skal begrunne mine påstander, og peke på et realistisk alternativ og andre valgmuligheter som ligger rett foran oss.

Les meir