Mot eit industrijordbruk

– er tida inne for norsk jordbruk til å hoppe av karusellen?

 

Av Torbjørn Tufte

 

 

 

 

 

I innføringsheftet i landbrukspolitikk frå 1980 skreiv dåtidas bondelagshøvding Amund Venger til medlemane: «Samfunnet driver prinsipielt sett ikke landbrukspolitikk i første rekke av hensyn til bøndene, men nettopp fordi hele samfunnet trenger de varer og tjenester landbruket lager. Akkurat slik som helsetjenesten er til for pasientene og ikke for legene.» Det betyr òg at det er samfunnet gjennom landbrukspolitikken som må legge til rette for at bøndene kan utføre sitt samfunnsoppdrag.

Framfor jordbruksforhandlingane i 2014 lira landbruksminister Sylvi Listhaug av seg dette: «Å modernisere landbruket er som å flytte en kirkegård. Du får lite hjelp av dem som er der.» Ein vart mest mållaus av å høyre noko slikt frå ein minister1. Likevel var det mange som fann dette morosamt, og knapt noka næring vert så ofte omtalt som bakstreversk og umoderne som jordbruket. Det forbausar meg. For utviklinga rasar av garde mot større og færre bruk, samstundes sprett kratt og tjafs fram som paddehattar på inn- og utmark, og kraftfôrråvarer vert importerte i stort monn. Er ikkje dette endring? Er det aller viktigaste samfunnsoppdraget bøndene no har, å produsere mest mogleg billigast mogleg? Korleis er me i så tilfelle komne dit? Og framfor alt, kvifor er me ikkje meir uroa over om grunnressursane i Noreg og verda taklar køyret? Sjølv meiner eg mat er det aller viktigaste storsamfunnet skal sikre. Då vert eg uroa når bønder og areal fløymer ut av næringa i Noreg. Slike spørsmål og tankar er bakgrunnen for det eg her har skrive.

Les meir

Snakk med oss

Av Bjørn Egil Flø

 

 

 

 

 

Eg vart spurt om å vere med på ein debatt på det politiske sirkuset i Arendal her hin dagen. «Hva kan byene lære av bygda?», var temaet. I omtala av programposten kunne ein lese at; «Noen ganger kan det virke som om all omstilling til lavutslippssamfunnet skjer i byene». Ja, eg trur mange deler den observasjonen.

Sett frå bygde-Noreg sin ståstad kan det sjå ut som at det offisielle Noreg si løysing er å pakke saman folk i små boksar stabla i høgda innanfor ring 3, og la resten segle sin eigen sjø. Så det er på tide å starte sjå kva som skjer kring om i landet, løfte det fram i lyset og gi det vørdnad og respekt. For det er ingen tvil om at alle oss i dei små boksane, er – og vil alltid vere – avhengige av byane sine rurale omland. For her finst dei fornybare biologiske ressursane, her finst dei som kan fotosyntesen i praksis, dei som veit korleis ei veite skal settast og korleis ein snur ei garnlenke i stiv kuling. Slikt lærer ein ikkje andre stadar.

Les meir

Av Eirik Magnus Fuglestad
eirik-magnus-fuglestad-2-krympa

 

 

 

 

 

Den politisk ukorrekte franske forfattaren Michel Houellebecq er ute med ny bok. Den handlar i stor grad om undergangen til dei franske mjølkebøndene.  I romanen, som heiter Serotonin, må mjølkebøndene gi tapt for frihandelen. Med denne boka føyer Houellebecq til siste kapittel i ei lang rekke romanar der han avkler den vestlege kulturen som tom  og underganstruga. Men kvifor har mjølkebøndene ei slik sentral rolle i denne siste boka?

Hovudpersonen i årets bok er ein depressiv agronom med sjølvmordstankar som også er impotent grunna stoffet han bruker mot depresjonen. I boka blir denne deprimerte, impotente agronomen, saman med mjølkebøndene, eit symbol på den klassiske Europeiske kulturen som går under ved sjølvforskyldt sak. Antidepresivet serotonin  er det einaste som held hovudpersonen i boka frå sjølvmordet, men det gjer han også han både impotent og utan lyst. Det er Friedrich Nietzsche sin klassiske diagnose av det vestlege moderne menneske som tomt og utan kraft, som ikkje har vilje til anna enn til sakte å døy: «ein liten dose gift no og då gir dei søte draumar, og til slutt ein stor dose gift for ein søt død», som Nietzsche skriv.

Les meir

Ei kjensle av ran

Av Bjørn Egil Flø

 

 

 

 

Svært få har sett føre seg at dette skulle kome. Med få unnatak har korkje samfunnsforskarane eller kommentatorane – dei som liksom skal vere betalt for nettopp å sjå slikt – evna å sjå føre seg at moderniseringa– for ikkje å seie «den økologiske moderniseringa» av Noreg, skulle verte møtt med slik ei motstand.

For det er det motstanda handlar om, eller rettare; den handlar om dei konkrete resultata som følger i kjølvatnet av moderniseringa og ikkje minst i kjølvatnet av den økologiske moderniseringa.

Det handlar ikkje om identitetspolitikk eller representasjonar, det handlar ikkje om at bygdefolk ikkje identifiserer seg med omgrepa og språket ein nyttar i det moderniserte Noreg. Nei, det handlar om det substansielle innhaldet i det som vert sagt.

Sameleis handlar det ikkje om at eit nedlagt fiskemottak – eller for den del ulven – «representerer» eitt eller anna abstrakt. Nei; det handlar om at folk mistar levebrødet sitt; det handlar om at ulven drep og om at ein kypriot busett i London drit ut fjordane deira utan å legge att anna enn arbeid åt eit par estlendarar og ein biolog frå Oslo.

Les meir

 

Av Rose Bergslid og Bjørn Egil Flø

 

 

 

 

 

 

Det ligg mykje god jord unytta, kring om i grendene. Du skal ikkje køyre lenge etter bygdevegane før du ser fyrsteklasses matjord låst fast mellom bergknattar og gamle bytesteinar åt tidlegare så veldrivne småbruk. Du vil sjå gamle kulturbeiter der næringsrike og smaklege urter har levd i symbiose med folk og fe i tusenvis av år, men som no vert jamt meir herja av klunger, bjørk og or. Det er spora av det som tidlegare var store fôrressursar du ser då, ressursar som no er sett til sides og ofra på alteret åt det «effektive», men enn så utdaterte, ideallandbruket åt landbruksøkonomane frå 60-, 70- og 80-talet. Men no skal dette snu, for det må snu.

No veks det fram jamt fleire bønder som startar sjå at denne jorda har verdiar. Verdiar som lenge ikkje vart sett, men som no igjen har vorte synleg. Me kan enda lese om det i dei landbrukspolitiske dokumenta. Me kan lese om at det er eit politisk mål å auke bruken av norske fôrressursar. Dyrkamarka, saman med dei bøndene som veit å drive den, er sett på som vår fremste kapital på veg mot eit berekraftig landbruk, i ordets rette forstand. Å ta vare på dyrkamarka, dei frodige og nærliggande beitemarkane så vel som dei vide utmarksbeita våre, er viktig for matproduksjonen så vel som for velferda og verdiskapinga kring om i dette grisgrendte landet.

Les meir

Av Astrid Een Thuen og Torbjørn Tufte

 

 

 

 

 

 

Leder i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Kjersti Hoff, sier Ja til gras, beite og sjølforsyning, i Nationen 26/3-2019. I Klassekampen 29. mars følger Alf Skjeseth opp ønsket til Hoff om sterkere prioritering av gras og beite opp mot de kommende jordbruksforhandlingene. Skjeseth skriv: «Medan Bondelaget heller ikkje i år ser ut til å stille spørsmål ved volumvekst som ufråvikeleg mål, har Bonde- og småbrukarlagets leiar Kjersti Hoff tenkt meir radikalt.».

Nylig avsluttet AgriAnalyse prosjektet Grasbasert ammekuproduksjon – Tiltak for økt bruk av grovfôr, finansiert av Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri. Her ser vi nærmere på hvordan virkemidlene i jordbrukspolitikken kan innrettes slik at bønder som driver med ammekuproduksjon, kan prioritere å bruke mest mulig gras og norske arealressurser. Av flere tiltak som drøftes er bedre tilrettelegging for kastratproduksjon et enkelt og trolig effektivt tiltak for å øke grasbruken i norsk storfehold.

Les meir

 

Av Bjørn Egil Flø

 

Dette er eit svar til Engh og Skrede sitt innlegg i Vikebladet den 23. mars 2019 og delvis også Eldar Stein Flø sitt innlegg i same avis datert 21. mars 2019

 

 

 

Med overskrifta «Fyr her!» varslar styremedlem i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre (DÅS) – Knut Erik Engh (også ordførar i Ulstein kommune) – og hans gode venn og administrerande direktør i same selskap – Tom Anker Skrede – at det snart smell. Men fakta er at det har alt smolle og mykje gjekk sundt i smellen. Og vit, det var dokke sjølve som tente lunta.

Inspirert av ei freisting om å skildre meg som «ein sjølvgod elitist som manglar både bakkekontakt og vidsyn», har dei sett seg i hop for å skrive noko dei kallar eit «svar» til mitt innlegg «Gi meg fyr» som vart publisert i Vikebladet den 16. mars (og her på denne bloggen same dag). Rett nok gir dei meg «enkelte gode poeng», som dei skriv, men dei etterspør samstundes «konstruktive innspel i det vidare arbeidet». Ja, det er ikkje løye det, for mitt mål var ikkje å gi dei konstruktive innspel til det vidare arbeidet, men snarare å fortelje dei at dei har kødda til det vidare arbeidet med grunnleggande dårleg forarbeid.

Les meir

Gi meg fyr

 

Av Bjørn Egil Flø

 

 

 

 

 

 

«Har du høyrt det siste då?», sa kompissen min. Eg høyrde han ivra for å fortelje meg noko han trudde ville interessere meg. «No skal dei gjere oss om til fyrtårn her på Flø», sa han i full visse om at akkurat det ville eg ikkje kome til å forstå mykje av. Men etter litt att og fram fekk eg etter kvart ei forståing av kva som var på ferde.

Ulstein kommune har nemleg, som ein lekk i arbeidet med å lage ein felles «masterplan», gjennomført ein arbeidsverkstad saman med representantar frå reiselivet i regionen og Destinasjon Ålesund og Sunnmøre (DÅS). Etter det eg forstår kan det synast som det er DÅS som i etterkant har skrive saman eit notat som har fått tittelen «Strateginotat for ein reiselivsplan for Ulstein kommune». Og det er her grenda Flø dukkar opp som eitt av tre moglege «fyrtårn». Saman med Borgarøya og noko dei kallar «Maritim kultur og identitet» skal Flø profilerast og danne grunnlaget for ei auke i reiselivet på Sunnmøre. Det er også konklusjonen frå dette strateginotatet som Ulstein kommune sluttar seg til når dei gjennom kommunestyrevedtaket den 21. februar ber administrasjonen arbeide vidare i tråd med dei tilrådingane strateginotatet gir.

Les meir

Av Eirik Magnus Fuglestad og Rob Burtoneirik-magnus-fuglestad-2-krympa

 

 

 

 

I framtida blir laboratorieprodusert kjøt truleg vanleg, billeg og klimavenleg. Norsk jordbuk kan læra eit og anna frå fortida om korleis ein bør møta denne utfordinga.

Den 13. september 2013 skjedde det noko som kan få store og fatale følgjer for norsk jordbruk i ei ikkje for fjern framtid. Det som skjedde var dette: ein stad i verdsbyen London viste forskaren Mark Post frå universitetet i Maastrict fram ein hamburgar. Den såg ut nett som ein vanleg hamburgar, og smaka visstnok også slik.

Så kva er greia, då? Jau, denne hamburgaren kom nemleg ikkje i frå eit slakta storfe, men var produsert i eit laboratorium. Det var verdas første laboratorieproduserte hamburgar. Denne hamburgaren ville du som lesar neppe hatt budsjett til å kjøpa – den kosta nemleg over to og ein halv million kroner å framstilla. Vidare brukte ein to år på forsking, samt tre månader på å «gro fram» hamburgaren. Neppe noko stort trugsmål mot Dagros og norsk jordbruk, tenkjer du kanskje?

Slik har folk tenkt også før. I dag blir til dømes det meste av fargestoffet indigo produsert kjemisk i fabrikk. Slik var det ikkje på byrjinga av 1900-talet. Då vart blåfargen produsert av planter, og utgjorde leveveg for mange gardbrukarar både i India, Kina, Afrika og sentralamerika. Då tyske forskarar så smått byrja å eksperimentera med å laga kunstig indigo, hadde ingen av desse bøndene noko tru på at dette ville bli eit problem. Dei lo av «tanken på at einkvan tysk skrulling skulle kunna produsera indigotin som kunne konkurrera med den ekte vara», som det står i The Economic Journal, vol 22 frå 1912.[1]

Les meir

 

Av Bjørn Egil Flø

 

 

 

 

 

«Altså eg forstår dei steike godt», sa kompisen min brått.

Me var fem karar og no sat me på ein fotballpub å røla. Kampen var over og me var inne på eit nytt tema; nemleg Stordalen- menyen. Altså denne Lancet-autoriserte moralske peikefingeren som Gunhild Stordalen rettar til oss kjøtetarar der ho fortel oss at me bør klare oss med éi salamiskive for dagen og resten skal bestå av salat og nøtter. Jau da, me gjekk litt langt, men me var menn og me var på sportsbar, så mannehurven var utan taumar. Utbrotet frå kompisen vår kom brått på oss, det var effektfult og stemninga vart endra tvert. Brått sat me å snakka seriøst om mat, helse og miljø.

«Om ikkje jordbruket tek inn over seg at me treng eit skifte i regimet, så gir eg ikkje fem øre for heile greia», sa han.

«Hallo?», sa eg, utan å finne noko betre å seie. Det tok nok litt tid før eg klarte å stille inn på denne nye, seriøse frekvensen.

Les meir