MAT, MILJØ OG MOGLEGHEITER

Av Bjørn Egil Flø Bjorn E Flo

 

 

 

«EG SKAL HALDE eit avsluttande innlegget på NIBIO-konferansen i år», sa eg med bror min. «Javel, kva slags konferanse er det då?», spurte han, utan å gi meg noko nemneverdig kred for det ærefulle oppdraget.

«Mat, miljø og moglegheiter, er liksom den tittelen dei har gitt sjølve konferansen», sa eg utan at eg eigentleg trudde det ville vere noko særleg svar på spørsmålet hans.

«Åh, ja er det ikkje typisk. Sjølvsagt må dokke henge på moglegheit på slutten», sa han før han held fram.

«Dokke reirar dokke som gaukungar i trastereiret».

Jau da, eg kan forstå at ein eldre mjølkebonde på Flø, ytst ute på ytre søre luten av Sunnmøre, kan vert litt oppgitt av slike «trendar i tida». For det er det det er; Trendar i tida.

Og me er då moderne menneskjer skal vite, me har då lært at me lyt vere framoverlente å sjå moglegheiter der vanlege folk ser problem.

Og kanskje er det der gaukungen kjem inn. Eg meiner, hadde det vore ei linerle som hadde krope ut av egget i eit trastereir så er eg nokså sikker på at den hadde opplevd det som eit problem…. Eg er nokså sikker på at linerla hadde hatt store vanskar med å sjå noko som helst moglegheit i den situasjonen den då var komen i. Derfor ville den også døydd.

Og kanskje er det frykta for dauden som gjer at me i dagens miljø- og landbrukspolitiske debatt har etablert denne konsensusen om nettopp å «sjå moglegheitene».

Frå å ha vore utsett for sterk kritikk frå tidleg på 70-talet og godt inn på 90-talet, målbore av tydlege motkrefter frå miljørøyrsla og ei rekkje alternative grupperinger innan landbrukets eiga familie, så handlar det no om ei opportunistisk og mesta ukritisk hylling av denne så løfterike bioøkonomien og det sokalla «grøne skiftet».

For her skal det utviklast teknologi og nye næringar. Me skal stimulere dei innovative og omstillingsdyktige enkeltaktørane som er villige til å ta steget inn i denne «nye økonomien».

Og skulle det dukke opp nokon som stiller spørsmål til denne teknologiske lovsongen eller det konstante kravet om økonomisk effektivisering, så går me aktivt ut å stemplar dei som bakstreverske ludittar som ikkje veit verken sitt eige eller samfunnets beste.

Me formeleg ropar fram dette skiftet som me alle er samde om skal realiserast gjennom «økologisk modernisering».

Klima og miljøproblema skal gjerast om til sjølve forretningsidéen, for her ligg det muligheiter for økonomisk vekst. Her ligg løysinga på korleis me skal kunne halde fram våre komfortable liv under ei brennande sol.

Løysinga skal syast rundt den same gamle moderniseringslogikken som i utgangspunktet skapte problema; nemleg økonomisk vekst og teknologiutvikling.

Og om det ikkje verkar; ja så tenkjer me berre at det lyt virke…. me tenkjer berre at me ikkje har prøvd hardt nok. Så derfor pøser me på med meir av same sorten.

Bore fram av ei kollektiv semje om at me treng å auke matproduksjonen vår med ein prosent i året så pressar me «det grøne skiftet» og «bioøkonomien» til å passe inn i rammene av det den amerikanske landbruksfilosofen Paul Thompson kallar «the industrial philosophy of agriculture».

 

Eg veit ikkje om me kjem til å lykkast med dette skiftet. Eg veit berre at me må lykkast!

Om ikkje, er eg redd for at me – om ei ti års tid – vil sjå eit anna land enn kva me kjenner i dag.

Heilt i tråd med den rådande politiske diskursen – heilt i tråd med tidsånda – vil staten, ja endåtil regionane, ha kome langt i arbeidet med å fråskrive seg ansvaret for samfunnsutviklinga og overlate ein jamt større del av arbeidet til næringsaktørane og dei nasjonale og multinasjonale konserna.

Reiser me ein tur gjennom landet vårt om ei ti års tid, vil me bli slått av ulikskapen. Me vil bli slått av kor ulike bygdene er, nokre har lykkast, medan andre har mislykkast.

Typisk er det dei mest uttynna som har misslykkast, dei har ikkje evna å henge med på konkurransen i prosjektmakarøkonomien. Dei har hatt for dårlege folk til å skrive prosjektsøknadane og dei har tapt i konkurransen om å overleve.

Generalistbygdene slik me enno kjenner dei i dag, vil bli erstatta av  spesialistbygder. Nokre har spesialisert seg på reiseliv og det å tilby stilisert rural idyll for nykomarar, urbane weekend-turistar og tilfeldig forbipasserande, medan andre har dyrka industrialisert primærproduksjon der fjøs og merder er stappa til randen av det mattilsynet og andre tillèt.

Atter andre har lagt seg på rygg for internasjonale bioindustriselskap eigd av dei store råvareselskapa som Rio Tinto, Billiton og Glencore International.

Fire stikkord vil prege dei norske bygdene i framtida, om me ikkje lykkast med skiftet; gentrifisering, danskifisering, brutalisering og hillbillyfisering.

Typisk er det dei vakraste grendene våre som vil vere prega av gentrifiseringa. Det er bygder passe nær transportknytepunkta og dei største byane våre. Her vil nykomne kunstnarar og tilfeldige turistar kunne nyte havlyset og ein tilsynelatande idyll i full kontemplasjon. Men grunnressursen er truga av manglande landskapsskjøtsel.

I dei beste jordbruksområda våre, typisk på flatbygdene austafor, Inntrøndelag og Jæren, vil bøndene satse. Der trur dei enno på ideen om at berre dei får vide nok fullmakter så vil dei greie å halde tritt med utviklinga i verdslandbruket. Alt for seint vil dei oppdage at det einaste som veks like raskt hjå dei som hjå verdsbøndene, er gjelda.

Og i skogs og fjellbygdene set dei sin lit til hardcore naturressursar. Dei legg skogs- og fjellområda ut på anbod til internasjonale kontraktørar som står klar til å tilby kortsiktig råv mot rimeleg betaling, akkurat nok til å halde liv i skule og eldreomsorg i ei ordførarperiode eller to.

Medan store delar – ja kanskje størstedelen – av bygdesamfunna ikkje rekk opp i konkurransen og vil lide tungt av fortsatt marginalisering og uttynning. Ei uttynning som fører dei inn i ein evig negativ spiral dei neppe greier å snu. Her vil einast banjospelande hillbillyar trivest i sin årelange piknik med døden.

Derfor treng me å lykkast med arbeidet me no er sett til å gjere. For moglegheita er no.

_____

Bjørn Egil Flø

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s