Bioøkonomi for kven?

Av Bjørn Egil FløBjorn E Flo

 

 

 

biotechDei kappast om å vere mest mogleg optimistiske og engasjerte, politikarane, statsrådane og leiarane for dei viktigaste naturvitskaplege og teknologiske forskingsmiljøa våre. Dei nærast hoppar av begeistring ved talarstolane om dagen, og alle snakkar dei om moglegheitene som ligg i den nye bioøkonomien.  For det er vist ikkje måte på kva opningar det sokalla grøne skiftet gir for jordbruket, fiskeriet, skogbruket og alle dei biobaserte næringane våre. Og det er i distrikts-Noreg det vil skje seier dei alle og meiner dette er definitivt den nye oljen.

Sjølv greier eg ikkje anna enn å tenke på vikarpresten heime det året eg gjekk for presten for å konfirmerast. I sin iver etter å frelse oss konfirmantane, som alle var tvinga til å møte opp denne eine sundagen, la han i veg med eit engasjement der han nærast spratt utav denne «stampen» som nokon hadde spikra opp på kyrkjeveggen. Men bodskapen vart ikkje lettare å tru på uansett kor mykje vikarpresten hoppa opp og ned.

Og slik er det også med desse bioøkonomi emissærane som har blitt så talrike om dagen. For sjølv ser eg ikkje at bioøkonomien automatisk skal bli så mykje meir saliggjerande for distrikta enn nokon annan økonomi, same kor ivrig dei sprett i stampen. Rett nok ligg det eit visst potensiale i bioøkonomien og det grøne skiftet, men skal det kome bønder, industriarbeidarar, fiskarar, småindustrieigarar, skogbrukarar og andre folk i distrikta til gode, må det gjerast langt meir enn einast å løyve nokre kroner til teknologisk forsking, sjølv om det òg trengst.

skogFor me har vore igjennom dette før. Me har hatt avgjerdande skift før i historia, også her til lands. Og sjølv om skifta ikkje har vore knytt til ein særskild farge, har dei likevel vore avgjerdande nok for dei generasjonane som har kome etter.

Eit av dei største og viktigaste skifta hadde me nokså tett etter unionsoppløysinga med Sverige. Internasjonalt var dei fyrste par 10-åra av 1900-talet prega av sterke brytningar mellom liberalismen og ein tydleg sosialreformistisk kapitalismekritikk. Fleire sterke industrinasjonar såg at den gamle industrien – særleg kol- og tekstilindustrien – opplevde vanskelege tider. Både i USA og Europa søkte ein vern bak sterke tollmurar, samstundes som den nye elektrokjemiske industrien vart organisert gjennom store bedrifter og sterke samarbeidsavtaler.

Her heime såg jamt fleire politikarar og embetsfolk at den nye industrien kverrsette store naturressursar, i tillegg tilfall profitten dei få framfor dei mange. Og den politiske diskusjonen i denne tidlege epoken av det norsk industrieventyret var – i motsetnad til i dag – prega av kritisk skepsis snarare enn blind fascinasjon av den nye økonomien. Ideologisk var ein sterkt inspirert av den amerikanske politiske økonomen Henry George. Og den som kanskje var sterkast i trua var Johan Castberg, noko som kjem fram i ei tale i Stortinget i samband med framlegginga av konsesjonslovene;

«Man skal til det ydterste utnytte anledningen til at søke at styrke disse mer afsidesliggende og karrig utstyrte distrikter ved at la dem få en rundelig andel i de værdier som skapes indenfor deres grænser … Man tar værdierne ut av distrikterne og fører dem på tråd ned til industricentrerne og byerne, tømmer bygderne, tømmer landdistrikterne, særlig fjeldbygderne, får deres værdier uten vederlag og det er absolut urigtig».

johan-castbergCastbergs tale, til liks med mange andre ytringar frå den tida, syner eit tydleg omsut for distrikta og distriktsbefolkninga samt eit sterkt medvit om institusjonsbygginga kring den nye økonomien som vaks fram. Dei norske konsesjonslovene, som også heimfallsinstituttet er uløyseleg knytt til, bana veg for utviklinga av sterke industrielle distrikt og sikra levekår og velferd som bidrog til å bygge opp ei ressurssterk distriktsbefolkning. Og mellom 50 – 60 år seinare kunne me hauste fruktene av klokskapen, då me hadde folk med kunnskap, kapital og kompetanse som sette oss i stand til sjølv å ta fatt på oppgåva med å bygge atter ein ny industri då oljen såg dagslys på Ekkofisk.

Men i dag når bioøkonomien står på døra, er det få som ser verdien av ein lokal, eller for så vidt heller ikkje ein nasjonal, industri- eller eigarskapspolitikk som kan sikre at verdiskapinga frå bio-ressursane vil bidra til å bygge heile landet. Få, om nokon, tenkjer distriktspolitikk i utviklinga av den nye bioøkonomien. Dei fleste tykkjest tru det gjer seg sjølv, om me berre pøsar nok pengar inn i teknologiutviklinga.

I mellomtida ber me konsesjonsinstituttet til offerplassane åt dei nyliberale avgudane, før me går på teknologiske vekkingsmøter og et kanapear i hop med representantar for dei internasjonale råvareselskapa i Bern, Basel og Bahrain.

Innlegget er også publisert i Kommunal Rapport.no

Bjørn Egil Flø

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s