Kan graset veksa seg evig inn i himmelen?

Av Eirik Magnus Fuglestad
eirik-magnus-fuglestad-2-krympa

 

 

 

 

 

 

Søker ein på ordet «effektivitet» i den nye jordbruksmeldinga, vil ein sjå at ordet finst på nesten kvar einaste av dei 160 sidene, og ofte opp til fleire gonger per side. Bodskapen er eintydig: effektivitet!

 

gulrotakerI meldinga heiter det då også: «Hovedformålet  med  jordbrukspolitikken  skal være  en  kostnadseffektiv  matproduksjon». Effektivitet står, i regjeringa si idéverd, alltid saman med konkurransekraft, låge kostnader og auka verdiskaping. Og det er klart, dette er ting som er bra for bonden. Sjølvsagt vil bonden tena pengar som alle andre.  Men bonden veit at jordbruket er del av noko større: bonden har kulturlandskap å passa, dyr som skal ha velferd, og jord å pleia. Bonden veit at jordbruket kjem frå ei verd som ikkje toler industriell effektivitet, for med ein slik effektivitet går landskapet og dyrevelferda fort tapt.

Effektivitet og konkurransekraft høyrer til den industrielle verda. Jordbruket, på den andre sida, er derimot underlagt naturen og værets ur-gamle luner. Ein kan kalle dette ei agrar-religiøs verd, lik den ein kan lesa om i til dømes mosebøkene. Sjølv den dag i dag vert draumetydinga som Josef skal ha gjort av Farao sine syn – der sju magre kyr kjem og et opp sju feite kyr – nytta som metafor for at etter gode år kjem det skrinne år.

Jordbruket var i starten bunde opp til religiøse forståingar, der naturen var del av det heilage. Ein spelte på lag med naturen i ei forståing av at naturen er meir enn berre eit produksjonsmiddel for konkurransedriven vekst. I det norrøne samfunnet haldt ein til dømes blot fordi ein visste at naturen (og gudane) var noko ein var prisgjevne. Haldt ein ikkje eit godt midtvintersblot kunne det hende at våren  aldri kom – og som ein kvar jordbrukar veit: inga vår inga vekst.

I ei sentral myte i gresk mytologi blir Persefone, dotter til Demeter – gudinna for avling og vekst – bortført til underverda. Demeter leitar og leitar etter dotter si, og medan ho leitar let ho ingenting gro. Menneska svelt, og til slutt blir klagesongen frå dei svoltne menneska så høg at Persefone blir levert tilbake frå underverda. Men i eit hemmeleg triks blir det slik at Persefone vert dømd til å vera i underverda ei viss tid kvart år. Dette vart vinteren som stadig kom, og om vinteren gror ingenting.

skjermbilde-vekst-i-himmelenReligiøse førestillingar var tufter for jordbruket heilt opp til den industrielle revolusjonen, ofte endå lenger. I dag avfeiar ein dette som overtru, men det religiøse har røtene i røynda, og peikar på noko grunnleggjande: jordbruket handlar om å produsera og å forvalta natur som er avgrensa, sårbar og syklisk. I sum er jordbruket ressursforvaltning av ein avgrensa arealressurs, og det er sjeldan samanfallande med verken industriell effektivitet eller med kostnadseffektiv produksjon. I staden bør jordbruket handla om forvaltning og hevd.

Ingenting er meir forskjellig frå eit slikt syn på jordbruket en den industrielle tenkemåten som dagens blå-blå regjering er forkynnarar av. La oss berre sjå på kva regjeringa føreslår: avvikling av marknadsordningar for korn og egg og geitemjølk, avvikling av konsesjonspris og eigedomsregelverket i jordbruket, kontraktsbasert produksjon osv. Alt dette peikar mot eit jordbruk viss einaste mål er større og effektiv produksjon.

cafo

Bilete over syner algeoppblomstring veg ein sokalla CAFO (Concentrated Animal Feeding Operation) i Indiana, USA

Gjennom auka kvotetak for mjølk har regjeringa alt opna opp for at 1650 mjølkebruk kan produsera heile det norske mjølkeforbruket (Fuglestad og Tufte, her på bloggen og Klassekampen, 09.12.2016). Sanneleg effektivt! Men det blir stusseleg mot dei 9000 bruka ein har i dag, og det har lite å gjere med eit trygt forvaltande jordbruk over heile landet. I regjeringa sin logikk blir alt eit stigande forbruk som ingen grenser har. Økonomen Karl Polanyi skreiv godt om dette i The Great Transformation frå 1944. Jorda blir ein «kunstig forbruksvare», og jordbruksvarer blir omgjorte til ei vare for masseproduksjon som alle andre varer, sjølv om jordbruksvarer er fundamentalt annleis.

Regjeringa seier sjølvsagt at dei også har som mål å halda landbruk i heile landet, og at landbruket må vera berekraftig. Men det er vanskeleg å sjå føre seg korleis ein skal oppnå dette med ein politikk som er gjennomsyra av industriell vekstlogikk.

Sjølvsagt skal me ikkje tilbake til før-moderne tider og myter, og sjølvsagt skal ein ikkje undergrava at det moderne industrijordbruket har potensiale til å brødfø mange fleire menneske med mindre slit. Men dette er framleis berre eit potensial, fordi hovudtanken som driv dette handlar berre om vekst og konkurranse, ikkje om skjønnsmesig bruk eller fordeling.

Det som me verkeleg treng i ei ny melding, er ei erkjenning av at jordbruket ikkje høyrer til den industrielle logikken, at graset ikkje veks seg evig inn i himmelen, og at sommar går over i vinter. Me bønder er først og fremst forvaltarar og del av ein syklus. For oss handlar ikkje effektivitet om stadig auke og konkurranse, men om å forvalta dyr og jord ein evig syklus.

 

 

Eirik Magnus Fuglestad er PhD i sosiologi og tilsett som trainee hjå Norges Bondelag

Innlegget har stått på trykk i Nationen 21. januar 2017

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s