Statens pensjonsfond for mat og jord
Av Eirik Magnus Fuglestad
Jordbruket la førre veka fram eit krav til den norske staten der ein kravde ei auka økonomisk ramme på 1,4 milliardar. Dette er eit tillegg til dei om lag 15 milliardane jordbruket alt får frå før.
Ein kan spørja seg kvifor bøndene, som er private næringsdrivande, skal få pengar frå staten? Og bøndene har knapt avkastning på drifta si, høyrer ein ofte, og så skal det norske folk vera med å finansiera dette over skattesetelen? Mange tykkjer at dette er gale. Men av dei samla utgiftene til staten utgjer overføringane til bøndene forsvinnande lite
Overføringane frå staten utgjer snaue 0,01 prosent av statsbudsjettet. Dette er til dømes langt mindre enn utgiftene som går til petroleumsverksemd. Petroleumsutgiftene godtek dei fleste, fordi oljenæringa har gjeve oss ei enorm avkasting i retur. Og ikkje minst har den gjeve oss eit pensjonsfond for framtida. Men berre viss me forvaltar det klokt og ikkje overbeskattar det gjennom å ta ut for mykje – eit klokt prinsipp henta frå jordbruket.
Eg meiner me bør tenkje på jordbruket på nett same vis som oljefondet – eit slags evig kornlager som sikrar oss tilgang til mat i ei uviss framtid, fylt av klimaendringar og fare for matmangel. Dette forutset at me forvaltar næringa klokt og langsiktig. Bonden er nemleg ikkje ein «vanleg» privat næringsdrivande. Sidan hovudavtalen av 1950 har det vore fastset av Stortinget at jordbruket skal ha ein anna funksjon og rolle enn andre næringar.

Ei samfunnskontrakt er noko menneska inngår seg i mellom, der dei gir frå seg visse individuelle rettar for å skapa kollektive gode.
Hovudavtalen er nemleg ei samfunnskontrakt, ein samfunnsinnretning med røter tilbake til 1600-talsfilosofar som Thomas Hobbes og John Locke. Hjå desse betyr ei samfunnskontrakt at menneska inngår ei kontrakt seg i mellom, der dei gir frå seg visse individuelle rettar for å skapa kollektive gode. Slik er det også med bøndene og staten.
Som bønder har me ansvar for å forvalta jorda og dyra og naturen. Ein bonde skal overlate garden i betre stand enn då ho tok over. Me vernar gjennom bruk, og held i hevd jordresursane for dagens innbyggjarar, og for dei som kjem etter oss. Dette er ikkje til å kimsa av. Det tek 1000 år å arbeida opp 5 cm god matjord, og på god jord kan ei fyrstikkeske såkorn gi nok matkveite til eit brød, igjen og igjen og igjen. I bakkar og fjell der berre gras kan gro, der omdannar kua dei karbohydratane og proteinane som menneske ikkje kan fordøya, til mjølk og kjøt som me kan eta, igjen og igjen og igjen. Det er dette som er fondet til jordbruket, matjorda og naturen. Og i grunnen er det dette som er essensen i landbrukspolitikken.
For å forvalta dette fondet har me bønder inngått ei samfunnskontrakt. Me har gitt frå oss full rett til fri disponering av eigedomen vår, i staden forvaltar me jorda vår underlagt jordlova, konsesjonslover og odelsrett. I marknaden er bøndene underlagt marknadsregulering, der ein har både rettar og plikter, som mottaks og forsyningsplikt, slik at ein trygger rammer for stabil produksjon. Mange bønder driv gardane sine i bratte bakkar, langt frå folk, slik at me kan bruka kvar einaste kvadratmeter av dei dyrebare tre prosentane matjord som finst her i landet.
Når Jordbruket no krev 1,4 milliardar i auka middel, så er ikkje dette ei subsidiering av ei bakvendt næring, men ei investering i det framtidige matfondet vårt. Å sjå på jordbruket som ei næring på lik linje med alle andre næringar, er å gjera ein tankefeil. Tilskotet til jordbruket er ei investering for framtida. Komande generasjoner er avhengige av både ei frodig matjord òg av at det finst bønder som er viljuge til å pløye den.
Jordbruksforhandlingane som no skjer kan vera særs avgjerande for framtida for matfondet vårt, ettersom stortingets næringskomité no har slått fast at inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper skal tettast. Dersom staten no ikkje gjer dette reelt, kan det gjera stor skade på det framtidige matfondet vårt.
Sosiolog, Norges Bondelag
Innlegget har stått på trykk i Klassekampen den 23. mai 2017