det grøne skiftet og grendene

– sentrum og periferi i den nye økonomien

 

Av Bjørn Egil Flø Bjorn E Flo

 

                   LAT MEG FÅ lov å ta til orde for tvilen. Den kom til meg for nokre månadar sidan då eg saman med nokre kollegaer hadde invitert til ei arbeidsgruppe i samband med den Nordiske bygdesosiologi konferansen i Akureyri på Island.

”Rural development and the transition to the bioeconomy” var tittelen på arbeidsgruppa og det sentrale spørsmålet var å drøfte korleis den sokalla bioøkonomien kan bidra til ei berekraftig økonomisk, sosial og miljømessig utvikling i rurale områder kring om i dei nordiske bygdene.

ein roten banan og nokre druer

Eitt av bidraga der kom frå den danske agrarsosiologen Egon Bjørnshave Noe, frå Århus universitetet i Danmark. Han stilte spørsmål om jordbruket og den bio-baserte økonomien vil kunne vere ein drivar i dei endringane som treng skje i det rurale Danmark så vel som i store delar av resten av det rurale Norden.

Han innleia presentasjonen sin med ei forteljing om ein ròten banan. For i dette vesle og vakre flatlandet har det nemleg utvikla seg eit tragisk skilje mellom rikdom og armod. Typisk har rikdomen samla seg opp innanfor kommunikasjonslinene mellom dei største og mest dynamiske urbane vekstsentra i Danmark dei siste 30 – 40 åra, medan armoda har samla seg i den bogeforma vestkysten – den danske baksida – som vart kalla «den ròtne banan». Dette er det agrare Danmark og det her finn du dei gjeldstynga bøndene, dei depraverte og utarma landsbyane, konebankarane og dei langtidsledige veljarane til Dansk folkeparti.

«Det er ingenting i denne pyramiden som tilseier at denne bananen i Danmark skal bli mindre ròten», påstår Noe, og syner fram eit bilete av ei stilisert pyramide som alle oss som har vore nøydde til å overhøyre våre velkledde politikarar snakke om «bioøkonomien» og «det grøne skiftet» kjenner så altfor godt. For i det grøne skiftet ligg tydelegvis lykelen til suksess i å utnytte heile verdipotensialet i dei biologiske ressursane. Så eit tre er ikkje berre brenneved, og bygningsmateriale, men også drivstoff, mat, krydder, plastikk, medisin og «you name it», som det heiter. Og til lenger oppe i pyramiden produktet ligg dess høgre er verdiskapinga av treet sjølv om volumet er aldri så mykje mindre.

Alt dette høyrest då tilforlatelig ut, det er eit poeng at god ressursutnytting er viktig og det vil verte enno viktigare etter kvart som me opplever ressursknappleik og lyt bremse bruken av ikkje-fornybare ressursar. Men når ein i same augneblink vert presentert for argumentet om at dette vil kome grendene og distrikta til nytte, er det grunn til å tvile. For som Egon Noe sa, «det er ingen garanti for at denne nye bioøkonomien vil kome bygdene til gode, sjølv om det er der både graset, taren og granskogen veks». For etter kvart som bioøkonomien vert meir og meir lovande vert den også jamt meir interessant for dei store multinasjonale selskapa med hovudkontor i kva verdsby som helst som kan tilby gunstige skattevilkår og fasjonable liv for dei altfor høgt lønna leiarane.

Her heime har me ingen «ròten banan». Og for å forklare grunnen til det går Professor i økonomisk historie, Einar Lie, langt attende i historia. «Norge var rett og slett så fattig og utarmet i mellomkrigstiden at det var nødvendig å dyrke mat på hver grønne flekk» fortel Lie til Dagbladet den 3. april 2015. Det som skil Noreg frå resten av Skandinavia er at her støtta fagrøyrsla og Arbeiderpartiet distriktspolitikken og småbøndene.

Stikkordet er; politisk vilje. Medan me i Noreg hadde ein politisk vilje som la grunnlaget for å utvikle institusjonar retta mot å sikre verdiskaping lokalt kring om i distrikta, såg det annleis ut i både Sverige og Danmark. I Sverige meinte både fackföreningar og Social­demokraterna at landet skulle industrialiserast og sentraliserast. Og i Danmark vart landbruket vurdert til å kunne konkurrere internasjonalt, samstundes har danskane ein ibuande allergi mot statleg eigarskap, noko som gjorde Maersk til mesta eineprofitør på landets oljeinntekter. Så me har ingen ròten bana i Noreg – berre nokre ròtne druer.

Druene finn me i nokre lommer her og der – me finn dei på austfinnmarka, i delar av Nordland, i ein og annan fjordbotn på vestlandet, enkelte stadar i indre Nord-Trøndelag, samt i fjellbygdene og delar av dalstroka innafor.

kapitalismekritikk

Tek me eit kort historisk tilbakeblikk, ja det er ei vanskeleg øving, men eg vågar meg likevel utpå. Men la meg fyrst få seie som Kjartan Fløgstad; «dette vert grunnleggande overflatisk».

Etter unionsoppløysinga og dei fyrste par 10 åra av det tjuande hundreåret tok Noreg eit steg vekk frå den frie marknaden. Det var ei tid prega av sterke brytningar mellom liberalismen og ein sterkt sosialreformistisk kapitalismekritikk. Internasjonalt opplevde dei gamle bransjane etter den fyrste industrielle revolusjon – særleg kol- og tekstilindustrien – vanskelege tider. Både i USA og Europa søkte dei vern bak sterke tollmurar. Samstundes vart den nye industrien – den elektrokjemiske industrien (stål, farge og gjødsel) – organisert gjennom store bedrifter og sterke samarbeidsavtaler. Den nye industrien kverrsette store naturressursar, i tillegg tilfall profitten dei få framfor dei mange.

Denne tidlege epoken av eit norsk industrieventyr var typisk prega av kritisk skepsis snarare enn blind fasinasjon av den nye økonomien. Ideologisk var den dåverande politiske diskusjonen sterkt inspirert av den amerikanske politiske økonomen Henry George. Og den som kanskje var sterkast i trua på den amerikanske «sosialisme light» var Johan Castberg, noko som kjem fram i ei tale i Stortinget i samband med framlegginga av konsesjonslovene;
«Man skal til det ydterste utnytte anledningen til at søke at styrke disse mer afsidesliggende og karrig utstyrte distrikter ved at la dem få en rundelig andel i de værdier som skapes indenfor deres grænser … Man tar værdierne ut av distrikterne og fører dem på tråd ned til industrcentrerne og byerne, tømmer bygderne, tømmer landdistrikterne, særlig fjeldbygderne, får deres værdier uten vederlag og det er absolut urigtig».

Den som les dette og tilsvarande dokument frå den tida, vil sjå at institusjonsbygginga fyrst på 1900 talet kvilte på eit sterkt moralpolitisk grunnlag.

by og land, hand i hand

Går me over til mellomkrigs åra – framleis like grunnleggande overflatisk – så tek me steget inn i nokre kaotiske år for økonomien. Kriseforlike som Arbeiderpartiet gjekk inn med Bondepartiet var «the second best» for Arbeiderpartiet; som ikkje hadde fått igjennom sin Keynes inspirerte kriseplan, men for Bondepartiet var det ein stor siger. Forliket mellom dei to partia bygde neppe på eit breitt meiningsfellesskap, men mest på bondepartiets ønskje om at marknaden måtte leggjast under ein viss statleg regulering for å sikre betre vilkår for bygde-Noreg. Likevel drog Arbeiderpartiets propagandaavdeling opp ei stor kampanje med slagordet «By og Land, hand i hand», ei kampanje som sette seg som ein del av den norske politiske kulturen og prega Arbeiderpartiet sitt forhold til det rurale på ein måte som var vesensforskjellig frå søsterpartia i dei andre nordiske landa. Medan distriktspolitikken i den førre perioden var tufta på eit moralpolitisk grunnlag, vart den no forankra i ei strategisk partipolitisk allianse.

ny-liberalistisk orden

I den siste epoken om norsk bygdepolitikk – etterkrigstida og fram til i dag – skal eg vere om mogeleg enno meir overflatisk. Berge Furre kallar dei fyrste åra etter krigen for «Den sosialdemokratiske orden». Typisk er denne perioden prega av det Furre kallar «blandingsøkonomisk kompromiss» og ei sterk tru på regulering. Gradvis vart landbrukspolitikken meir og meir næringspolitikk, men framleis likevel «den store distriktspolitikken». Dei siste åra før Furre ferdigstilte sitt historieverk i 1991, altså 80-talet og inngangen til 90-talet, kallar han «marknadens år». Men han går ikkje til det steget å definere 80-talet og framover som ein orden og han vegrar seg også for å gi epoken eit namn tilsvarande «den sosialdemokratiske orden» slik han gjorde med epoken før. Derfor tillèt eg meg å døype denne epoken til den «ny-liberalistiske orden». For i denne perioden vart landbruket jamt mindre ein distriktspolitikk og der «den store distriktspolitikken» hadde vore berebjelken i norsk bygdepolitikk i fleire tiår var det no «den vesle distriktspolitikken» bygdene laut sette sin lit til. No skulle bygdene byggast med prosjektpengar.

Og heilt i tråd med tidsånda og det post-moderne «kulturelle skiftet» vart bygdene freista gentrifisert og omgjorde til attraktive destinasjonar med bunadskledde servitørar som bar på gjestane lokale smaksbomber. Det tydlegaste skiftet i den ny-liberalistiske orden var ei individualisering av ansvaret for eigen suksess. I landbruket fekk samvirke det praktiske reguleringsansvaret for produksjonen og ute i bygdene fekk prosjektmakarane ansvaret for bygdeutviklinga.

individualisering av ansvaret for eigen suksess

I løpet av dei godt og vel hundre siste åra i vår historie har me gått frå ein moralpolitisk forankra bygdepolitikk via ein bygdepolitikk i partipolitisk spel prega av blandings­økonomiske responsar på politiske og marknadsmessige utfordringar. Og inn i ein ny-liberalistisk orden prega av naive dogma som laissez-fair økonomi, privatisering, skattelette, deregulering, fri handel og reduksjon i offentleg utgifter.

Eg trur at den som reiser gjennom landet vårt om ei ti års tid, vil sjå eit anna land enn kva me ser i dag. Heilt i tråd med den rådande politiske diskursen – heilt i tråd med tidsånda – vil me i løpet av få år ha kome langt i individualiseringa av ansvaret for eigen suksess. Staten, ja endåtil regionane, vil halde fram det iherdige arbeidet med å fråskrive seg ansvaret for bygdeutviklinga og overlate ein jamt større del av arbeidet til lokalsamfunna, næringane og bygdefolket sjølve. Og dei gjere det på grunnlag av eigen fåkunne om kva lokalt sjølvstyre eigentleg er.

aukande ulikskap

På vår tur gjennom landet, vil me bli slått av ulikskapen. Me vil bli slått av kor ulike bygdene er, nokre har lykkast, medan andre har mislykkast. Typisk er det dei mest uttynna som har misslykkast, dei har ikkje evna å henge med på konkurransen i prosjektmakarøkonomien. Dei har hatt for dårlege folk til å skrive prosjektsøknadane og dei har tapt i konkurransen om å overleve. Generalistbygdene slik me enno kjenner dei i dag, vil bli erstatta av  spesialistbygder. Nokre har spesialisert seg på reiseliv og det å tilby stilisert rural idyll for nykomarar, urbane weekend-turistar og tilfeldig forbipasserande, medan andre har dyrka industrialisert primærproduksjon der fjøs og merder er stappa til randen av det mattilsynet og andre tillèt. Atter andre har lagt seg på rygg for internasjonale bioindustriselskap eigd av dei store råvareselskapa som Rio Tinto, Billiton og Glencore International.

Fire stikkorda vil prege dei norske bygdene i framtida, om me held fram som me stemnar; gentrifisering, danskifisering, brutalisering og hillbillyfisering.

Typisk er det dei vakraste grendene våre som vil vere prega av gentrifiseringa. Det er bygder passe nær transportknytepunkta og dei største byane våre. Her vil nykomne kunstnarar og tilfeldige turistar kunne nyte havlyset og ein tilsynelatande idyll i full kontemplasjon. Men grunnressursen er truga av manglande landskapsskjøtsel.

I dei beste jordbruksområda våre, typisk på flatbygdene austafor, Inntrøndelag og Jæren, vil bøndene satse. Der trur dei enno på ideen om at berre dei får vide nok fullmakter så vil dei greie å halde tritt med utviklinga i verdslandbruket. Alt for seint vil dei oppdage at det einaste som veks like raskt hjå dei som hjå verdsbøndene, er gjelda.

Og i skogs og fjellbygdene set dei sin lit til hardcore naturressursar. Dei legg skogs- og fjellområda ut på anbod til internasjonale kontraktørar som står klar til å tilby kortsiktig råv mot rimeleg betaling, akkurat nok til å halde liv i skule og eldreomsorg i ei ordførarperiode eller to.

Medan store delar – ja kanskje størstedelen – av bygdesamfunna ikkje rekk opp i konkurransen og vil lide tungt av fortsatt marginalisering og uttynning. Ei uttynning som fører dei inn i ein evig negativ spiral dei neppe greier å snu. Her vil einast banjospelande hillbillyar trivest i sin årelange piknik med døden.

lokal forankring og lokalt engasjement

So kva lyklar treng ein for å låse opp dørene og sleppe bygdene inn i den lovande bioøkonomien. Fyrst og fremst treng ein å forankre den bioøkonomiske produksjonen i stadeigne ressursar, historie og den kunnskapen og ferdigheitene som finst der. Deretter lyt ein sikre lokalt eigarskap, både til ressursen, produksjonsmidlane og til verdiane skapt av produksjonen.

Vidare krev det lokalt engasjement, det krev at ein – både regionalt og i kommunane –arbeidar aktivt opp mot potensielle entreprenørar og stimulerer til lokale initiativ, både økonomisk og gjennom rådgiving, kursing og sørving av aktørar i utviklingsfasa. Ein treng å tenke sirkulær økonomi – ein må vere kreativ og nyskapande når ein skal utvikle bioøkonomien – og til det treng ein fagleg påfyll og god tilrettelegging.

Og sist, men ikkje minst, så treng ein å tenke god gamaldags endogen bygdeutvikling. Me skal ikkje kome som ei knippe kontorekspertar frå byen og fortelje kva folket ute i grendene skal gjere. Men me skal sørve dei med dei råda dei etterspør og  me skal lytte til dei råde dei gir oss. For det ligg mykje god kunnskap i gode bygdeskallar, og den som lyttar til bønder, fiskarar, skogsarbeidarar og industrieigarar kring om i landet, vil fort sjå at me har mykje å lære. Så skal me hugse at ein lyt lytte den som vil ha von om å bli lytta til.

Greier me dette vil me også evne å skape berekraftige bygder. Då sikrar me god ressursforvalting og økologisk balanse. Me skirar gode sosiale levekår og bidreg til å hindre fleire rotne druer kring om i landet, me bidreg til økonomisk verdiskaping som kan fordelast rettvist til trengande og me sikrar ei kulturell utvikling som me kan vere stolte av i alderdomen. Men ikkje spør meg om eg trur me greier dette.

 

Essayet er  publisert i tidsskriftet PLAN 2/2017

______

Bjørn Egil Flø

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s