Den politiske trua på stordrift i jordbruket

Av Eirik Magnus Fuglestad og Torbjørn Tuftetorbjorn-tufte-2-krympaeirik-magnus-fuglestad-2-krympa

 

 

 

1. april 2015 avvikla EU mjølkekvotane. Resultatet er stadig større og færre mjølkebruk, sentralisering av produksjonen til dei beste jordbruksområda, og ei jamt meir brutal «bondekannibalisme». I Noreg har ideen om at færre og større bruk betyr effektiv landbrukspolitikk òg byrja å slå rot blant mange politikarar.

industrijordbrukSia andre verdskrigen har det vestlege jordbruket vore inne i ein kontinuerleg industrialiseringsprosess. Stordrift og effektivisering har vore det sanne evangelium, sjølv om jordbruksproduksjonen i industriland stort sett har slite med overproduksjon. EU vart verdsberømte for både smørberg og mjølkesjøar. Landbrukspolitikken måtte endras, og frå midten av 1980-talet har politikken søkt å redusere smørfjella og drenere ut mjølkesjøane gjennom marknads- og produksjonsregulering.

No er fjella og sjøane gløymde att. Politikarane i EU, så vel som her heime, styrer på ny mot volumfella. Ei felle ein eigentleg aldri kom heilt ut av etter teknologi- og utviklingsskiftet, som kom i kjølvatnet av den grøne revolusjon, utover 1960-talet. Sakte men sikkert har jordbruket vorte underlagt jernlenkene til den industrielle rasjonaliteten og kapitalen sin blytunge logikk.

 

Ein kan sanneleg seie at det har vore effektivt: I Europa greidde ein til dømes å skapa mattryggleik og stabile inntekter etter den andre verdskrigen, i eit samfunn prega av matmangel og dårlige økonomiske kår. Men solsida har òg ei skuggeside; rasjonaliteten slår over i irrasjonalitet. Det einsidige produktivitetsfokuset har ført til ein slags volumfundamentalisme ute av kontroll. Jordbruksproduksjonen er no direkte kopla mot globale frie marknader og komparative fortrinn i nyliberalismens tidsånd. Slik har jordbruksvarer vorte omgjorte til ei vare for masseproduksjon på same måte som alle andre varer.

Mjølkesektoren i EU er råka av ei kraftig reduksjon i talet på mjølkebruk. Samstundes vert dei som er att større og større. I Danmark hadde kvart mjølkebruk 93 kyr i snitt i 2006. I 2014 var talet 166 kyr. Det har gitt ein bruksnedgang på kring 40 prosent. I Polen har ein hatt ei nedleggingsgrad på nesten 60 prosent mellom 2006 og 2014. Dette er trendar som følgjer fort når volumbasert produksjon til sal på verdsmarkanden vert levebrødet.

EU produserer seg inn ei volumfelle, der heile avsetnaden og økonomien i mjølkesektoren er prisgitt etterspurnaden i den internasjonale marknaden. Bruka blir større og færre , og bøndene slit med ustabile prisar for varene dei leverer. Det er på ny mjølkekrise i EU. Berre det siste året er det brukt 1 milliard euro i krisepakker til bøndene, fordi mjølkeprisane er så låge. Same soga var det under mjølkekrisa i 2009 i EU. Mjølkesektoren til EU ser ut til å vera inne i ein syklus med stadig tilbakevendande kriser som raderar ut dei som ikkje vil, eller kan, vere med på kappløpet.

super-melkebruk

 

Avvikling av mjølkekvotar er kanskje ein logisk konsekvens av produksjonsrasjonaliteten ein er underlagt. Det er iallfall logisk ut frå nyliberalismen. Her er produksjonsregulering og kvotar nærast som skjellsord å rekne. No kan bønder i EU produsera så mykje mjølk dei berre vil, dersom dei finn marknader for mjølka. Gode greier når det er gode tider, men over tid; berre for dei som klarer å hengja med. Slik sett vert kvoteavviklinga nok ei drivkraft for færre og større mjølkebruk. Ein kan her tale om ein variant av Schumpeters «kreativ øydelegging», der kapitalen utraderer dei gamle småe einingane og skaper nye store i eit kappløp mot botnen.

Også i Noreg legg regjeringa opp til at jordbruket skal underleggast den same dereguleringslogikken som i EU. I årets tilbod frå staten til bøndene sto det:

«Kvote-begrensninger og konsesjonsgrenser som hindrer utnyttelse av kapasitet i enkeltbruk og samdrifter må i størst mulig grad oppheves. Takene for maksimal produksjon heves først. Disse endringene må skje gradvis. I takt med dette skal nivået på overføringene reduseres» (Statens tilbud Jordbruksforhandlingene 2016, s.7).

Nedleggingsgraden av mjølkebruk i Noreg (30 % siste ti åra) er allereie nær den i mange EU-land. I dag er det dryge 9000 mjølkebruk kringom i heile Norge. Men då regjeringa med støtte frå Venstre og KrF i jordbruksavtala i 2014 auka kvotetaket for mjølkebruk til 900 000 liter per bruk, trengs det berre 1650 mjølkebruk for å produsere det norske mjølkeforbruket. Det blir ikkje mjølkebruk i heile landet av slikt.

I same oppgjer innførte ein beløpsgrense på husdyrtilskota i staden for dyretal. Det gjer det mogleg å få husdyrtilskot til kring 600 mjølkekyr per gardsbruk, der det før stoppa på 50 kyr. Når ein veit at 600 mjølkekyr lett mjølkar 4,5 millionar liter, kan 300 mjølkebruk dekke etterspurnaden i Noreg. Kort sagt – produksjonsregulering og mjølkekvotar kan vere lurt.

Ser ein på sau er talet enno meir talande; før stoppa tilskotet på 300 sau, no kan ein få tilskot for nær 2000 sau. Det gir 4000 lam med god lemming. Er me på Vestlandet eller i Australia? Ein kan spørja seg att: Kva vil politikarane med norsk jordbruk? Om målet er å berre produsere mest mogleg billigaste mogleg, så er dette sikkert vegen å gå.

Skal me køyre norsk jordbruk på den europeiske autostradaen – eller skal me heller finne vår eigen sti tilpassa norsk topografi? Regjeringa har teke sitt vegval i den nye jordbruksmeldinga. Stordrift og nedlegging av gardsbruk og jordbruksareal er framtida, drifta av mellom anna halveringa av mjølkekvoteregionar. Er det denne vegen Stortinget òg vil fylgje?

Svaret får me i handsaminga av den nye jordbruksmeldinga.

 

Eirik Magnus Fuglestad og Torbjørn Tufte. AgriAnalyse

 

Innlegget har stått på trykk i Klassekampen den 9. desember 2016

One Comment on “Den politiske trua på stordrift i jordbruket

  1. Tilbakeping: Kan graset veksa seg evig inn i himmelen? | RURALE REFLEKSJONAR

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s