Gale, men godt for noko?

Av Bjørn Egil FløBjorn E Flo

 

 

 

La det vere sagt; eg har lita tru på Sanner og pusle-jpg-250x1000hans ihuga fylkesmannsvenner sin iver etter å lage størst mogleg kommunar og fylkjer her i landet. Eg har lite tru på at det vert nemneverdig vellukka, og enno mindre tru har eg på argumenta dei nyttar for å forfekte sitt politiske prosjekt. Men la no det ligge, la oss tenke litt meir ope om kva som likevel kan skje om me no lagar store kommunar og legg administrasjonen lengst mogleg vekk frå folk.

Prosessen så langt har vore det ein mildt sagt kan kalle lite tillitvekkande. Frå fyrst å ha appellert til friviljugheit for så seinare å innføre økonomisk pisk gjennom den nye inntektsfordelinga, var ei uheldig dreiing av prosessen. Men enno meir uheldig er det å aktivt ignorere resultata frå folkerøystingane, for så å legge opp til ein statleg dirigert tvang mot ein struktur som til dels overgår dei mest ambisiøse alternativa det vart røysta om. Ein ting er at det svekker tillita til den sitjande regjeringa, det i seg sjølv er neppe ei ulempe, men verre er det at misstillita set seg i folket og redusere tillitsgrunnlaget også til framtidige regjeringar og politikarar på alle nivå.

For slik er mennesket laga, me er sosiale og evnene våre til å få til ei positiv sosial utvikling sviv kring tre kjerneomgrep nemleg; tillit, gjengjelding og røynsler. Me kan sjå det slik at i utgangspunktet er me føydd tillitsfulle. Me møter livet med ei positiv innstilling til andre menneskjer og stolar på at dei me møter også stiller seg positive til oss, altså; at dei me møter gjengjelder tillita me møter dei med. For kvar gong dei gjere det styrker det grunnlaget for tillita, det styrkjer grunnlaget for tillita til dei me har møtt før og til dei me aldri før har møtt. Men for kvar gong tillita vert broten set det seg som ei negativ røynsle i oss, og grunnlaget for tillita vert svekka. Summen av dette «triangelet» – tillit, gjengjelding og røynsler – utgjer samfunnets sosiale kapital. Høg sosial kapital gjer eit samfunn sterkt og set oss i stand til å samarbeide om å skape kollektive gode, som mellom anna velferdsgode, og til å tole kriser.

Men innan delar av samfunnsfaga, særleg statsvitskapen og økonomifaget, har det etablert seg ei forståing om at me menneskjer er hjelpelaust fanga i sosiale dilemma. I kjølvatnet etter viktige teoretiske bidrag frå profilar som Alexis deTocqueville, Robert Nisbet, Milton Friedman, Mancur Olson, Garret Hardin og ei rekkje andre, sette den same forståinga seg også tungt hjå politikarar og byråkratar. I dag er det meste av forvaltinga gjennomsyra av ideen om at skal me greie å skape og ivareta kollektive gode treng myndigheitene ta sterk kontroll. Folk er rett og slett ikkje i stand til å forvalte seg sjølve utan «hjelp» (les sterk styring) frå stat og kommune. Men etter kvart som myndigheitene tok meir og meir av ansvaret for forvaltinga av fellesgoda våre, oppstod det også ein diskusjon om at dei typiske velferdsstatane lei av ei sokalla «crowding out» effekt.

crowding-out-slide

For mange, særleg amerikanske samfunnsforskarar, meinte å sjå at me skandinavar hadde blitt litt for godt vane til at stat og kommune tok ansvaret, og den vanen hadde fortrengt grunnlaget for lokale initiativ for fellesgodeproduksjon. Me gjorde så godt som ingenting for den kollektive velferda sjølve, meinte dei, me berre ropte på kommune og stat. Medan mesta alle amerikanarar er eller har vore involvert i friviljug lokalsamfunnsarbeid i store delar av livet sitt, set me skandinavar oss til å rope på stat og kommune om det trengst etablerast ein leikeplass i lokalsamfunnet eller i fall eit gjerde kring skuleplassen treng vølast. Forklaringa på det manglande lokalsamfunnsengasjementet er at me har for høg tillit til politikarar og forvalting og at det igjen altså fortrenger grunnlaget for lokale initiativ for fellesgodeproduksjon.

No skal det seiast at det har vore vanskeleg å finne empiriske prov for dette teoretiske resonnementet, men kanskje har Sanner og hans vener opna ei gullgruve for samfunnsforskarar som ønskjer å fordjupe seg i forskingsfeltet sosial kapital og crowding out effekten. For kva no, når Sanner og hans våpendragarar har brote denne tillita og flytta kommuna lenger vekk frå dei rurale grendene? Vil det revitalisere lokalsamfunnet og det private initiativet, vil det medføre at grendefolket vil sjå på kvarandre å seie; me lyt sjølv skape vår eiga framtid?

Her blenkjer det kanskje ein økonomipris frå den svenske riksbanken til minne om Alfred Nobel for norske sosiologar, statsvitarar og økonomar. For som kjent, ingenting er så gale at det ikkje er godt for noko.

Innlegget har stått på trykk i Kommunal Rapport nr 32/2016

Bjørn Egil Flø

 

2 Comments on “Gale, men godt for noko?

  1. Jeg synes det er fornøyelig og lærerikt å lese bloggen din, men jeg må si at argumentene til Sanner (og alle andre partier når de er i posisjon, inkludert SP) for å endre kommunestrukturen, overbeviser mer. Du har ikke sans for disse argumentene men skriver: «Men la no det ligge, la oss tenke litt meir ope om kva som likevel kan skje om me no lagar store kommunar og legg administrasjonen lengst mogleg vekk frå folk.»

    Jeg skal ikke gå nærmere inn på min forståelse av å «tenke litt meir ope» og jeg er usikker på om premissene du legger i fortsettelsen handler om organisatorisk eller fysisk avstand, men interkommunale selskap gir ikke organisatorisk nærhet. Bilen gir derimot nærhet om ikke til naboen så til områder lenger unna, og folk bor i stadig mindre grad i mange av de små kommunene og de jobber i enda mindre grad i mange av de små kommunene (pendling eller pensjonering). Min hypotese er at tilliten til det politiske systemet på sikt handler om at det offentlige klarer å løse reelle problem. Så kan man bli bekymret når man ser Trump love rurale amerikanere at Amerika skal bli bra igjen, og den systematiske og ubegrunna nedbyggingen av tilliten til offentlige løsninger de kreftene har fått til der borte.

    Til lags åt alle kan ingen gjera; det er no gamalt og vil so vera. Eg tykkjer stødt, at det høver best å hjelpa den, som det trenger mest. Og i kommunedebatten betyr det at man bør legge mer vekt på å bruke penger på utsatte grupper enn å beholde mange posisjoner for aspirerende politikere og således smøre partiapparata rundt om i landet. Det et ikke bare ordførerposisjonene som ryker, men også styreverv i unødvendige interkommunale selskap m.m., dersom kommunestrukturen tilpasses realitetene rundt om i Norge.

    • Hei Bjørn og takk for kommentaren. Og takk også for at du tykkjer det både er fornøyeleg og lærerikt å lese bloggen, slikt er alltid kjekt å høyre.
      Hei Bjørn

      Det har dessverre teke litt tid for meg å svare deg, men betre seint enn aldri er det vel noko som heiter. La meg fyrst få seie at det er interessante tankar du presenterer her og eg må vel innrømme at eg nok ikkje er så usamd med deg som ein kan få inntrykk av når ein les teksta som var utgangspunktet for kommentaren din.

      Eg er ikkje motstandar av endringar i kommunestrukturen, tvert om meiner eg strukturen i kommunane må tilpassast ”tida og tilhøva” som det så ofte heiter. Og her har sjølvsagt infrastrukturelle endringar stor innverknad på kva som er nært og kva som er fjernt. Samstundes er eg samd med deg i at til sjuande og sist handlar tillita «…om at det offentlige klarer å løse reelle problem», men då vil eg berre legge til; … for og på vegne av folk. For i dag har eg ei kjensle av at det som vert sett på som reelle problem for administrasjonen ikkje alltid er dei same problema som innbyggjarane i kommunen opplever som reelle. For i kjølvatnet av New Public Management iveren har målstyringsfetisjen svekka gangsynet åt dei som skal vurdere kva som er reelt og kva som ikkje er det.

      Personleg er eg skeptisk til om me faktisk oppnår så mykje med kommunesamanslåingane som mange trur. Me har ei rekkje empiriske prov på at det ikkje alltid er like lett å oppnå gevinstane som er så innlysande i teorien, ved berre å lage større administrative einingar. Nett det burde eigentleg borge for eit større forskingsprosjekt med formål om å justere på teorien, og ikkje slik me gjerne gjer no; nemleg tvihalde på teorien og heller satse på å justere røyndomen. Men la gå med det, for poenget er at eg tvilar på at større kommunar automatisk fører til verken betre eller billigare tenester. Her kan eg sjølvsagt ta feil, men eg tek ikkje feil i at eg tviler. Så det ligg til grunn for min svake tru på Sanner og venene hans, men enno mindre tru har eg på framgangsmåten deira.

      All god forvalting bør vekse opp nedanfrå, og her er nett det departementet som kanskje burde vere best skikka til å skjøne akkurat det, dårlegast av alle. Det KRD, eller no altså KMD, skulle ha gjort, er å så eit frø. Dei skulle skapt vokster der dei ønskte å hauste, men i staden har dei gått ut som tunge messingblåsarar å proklamert sitt program. Dei har rett nok prøvd med nokre ørsmå gulrøter – men dei aller fleste forstod fort at gulrøtene var einast symbolske – og då det ikkje hjelpte vart økonomisk tvang middelet. Samstundes løyste dei ut eit skred av folkerøystingar, det var nok ikkje planen, men likevel vart det resultatet. Og opplegget kring folkerøystingane var i sin tur ei studie av korleis folkerøystingar ikkje skal gjennomførast. Her hagla det av samanslåingsalternativ og dei fleste tykte heile greia grensa til det komiske og responderte med å droppe heile valet. Resultatet vart ei serie folkerøystingar med låg valdeltaking der langt dei fleste var imot mesta alle alternative konstellasjonar. Men då Sanner og venene hans ikkje likte resultatet av dei komiske vala, vart strategien å til slutt underkjenne folkerøystingane. Dette er eg redd for er uheldig og lite tillitsvekkande og på lengre sikt legg det seg til ei gryande politikarforakt som kan reire grunnen for ei veksande høgrepopulisme. Det har eg prøvd å skrive litt om i mellom anna teksta ”Prestesonsyndromet” som du finn her på bloggen.

      Når det er sagt skuldar eg å innrømme at nett denne teksta eigentleg var skriven for å freiste å reflektere kring «crowding out» effekten som eg tenkjer kan ha relevans i denne samanhengen. Eg tenkjer nok no, altså i ettertid, at det kan ha vore litt søkt. Likevel tykkjer eg at det er eit paradoks at svekka tillit til stat og kommune kan bidra til meir privatorganiserte kollektive initiativ lokalt. Og det er det som er mitt eigentlege poeng her, kanskje kan me sjå at om kommunane vert mindre relevante for folk så vil det blåse liv i folks evne til å sjølv ta grep for å produsere kollektive gode for lokalsamfunnet.

      Me ser tendensar til det i dag. Me finn interessante responsar kring om i grender og lokalsamfunn i dag der eksterne skift har ført til private initiativ for å produsere kollektive gode. Kanskje vil me etter kvart sjå meir av det, for ingenting er så gale at det ikkje er godt for noko…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s