RURALE REFLEKSJONAR

Arkiv

Av Bjørn Egil Flø Jordbruket har over tid etablert ein grunnleggande truskap til det etablerte kunnskapssystemet, og greier ikkje å tenkje utanfor boksen. Me brukte ha ein pinne i baklomma medan me tynna gulrøter på garden heime. Me brukte han kvar gong me skulle stige frå åkeren og inn på vegen. Då laut me fram med pinnen for å pirke molda av støvlane våre. Det var bestefar som hadde innført påbodet, og… Les meir

        For ei tid sidan sat eg å høyrde på radio. Der hadde ein flokk politikarar og nokre sentrale landbruksbyråkratar samla seg ein stad på sentralaustlandet. Dei hadde stirra seg så forbitra på eit kornjorde som skulle leggast under asfalt, at dei mesta ikkje greidde å snakke reint. Men det som aldri vart sagt på radioinnslaget, og som mesta aldri heller vert nemnt i tilsvarande nyhendeoppslag, er at bak… Les meir

Av Matthew Hoffman og Bjørn Egil Flø       «KOR STORT er stort nok?», spør Wenche Dramstad på Landbruksbloggen den 30. mars, seinare reflekterer Dag Jørund Lønning kring kva den «ideologiske storheitsdyrkinga» fører med seg. Og i skrivande stund les me Kari Gåsvatn sin glitrande kommentar om korleis «vekstmodellen stangar i taket». Alle desse tekstane og fleire med dei, syner oss at jamt fleire uroar seg om kva veg jordbruket skal… Les meir

Av Bjørn Egil Flø       HAN VAR streng, men lågmælt, kommunalministeren på radioen. Det var like før jul og sjølv med ein søknad om kommunesamanslåing frå Leksvik og Rissa på bordet, var han lite imponert av kommune-Noreg. I heile 2015 har han vitna den prestisjetunge kommunereformas støe kurs mot havari, men no var det på tide å syne politiske musklar og økonomisk makt. Eg kom til å tenke på prestesonen heime,… Les meir

Av Bjørn Egil Flø   I DAG STÅR fjøset heime tomt. Dottera til bror min prøvde det beste ho kunne, men innsåg at ei utbygging av drifta mot nye 10 – 15 år, ville gjere både velferda og inntekta ringare, samstundes som det einaste som ville auke var gjelda. Same kor effektiv ho gjorde drifta, så lét ikkje mjølkeproduksjonen seg berge på garden der eg voks opp. På under 40 år har produksjonen… Les meir

Av Bjørn Egil Flø   DET VEKS OPP ein ny økonomi i grendene. I hjulspora etter det gamle bondesamfunnet veks det fram ein ny rural økonomi. Frå å ha produsert varer for eksport ut av bygda, varer som vert konsumert i byane og tettstadane under fossane, lokkar den nye bygda til seg forbrukaren for å konsumere vara i grendene. Skilnaden mellom det nye og det gamle ligg i relasjonen mellom nettopp produksjon… Les meir

Av Bjørn Egil Flø         DET ER NOKO eige med Bergen. Ikkje berre har dei eit fotballag som ingen heilt greier å forstå seg på, men dei har også så mykje meir som alle oss andre kring om i landet einast kjenner saknet av. Mellom anna har dei eit heilt særskilt interessant miljø av tenkande. Og sist i førre månad var eg så heldig å få møte ei gruppe… Les meir

Av Bjørn Egil Flø   Me har 5000 år med jordbrukshistorie i dette landet, men aldri har me vel hatt eit heiltidsjordbruk. Kanskje er det på tide å revitalisere kombinasjonsbonden?   I heile oppveksten min stod far min i veitene. Frå han mønstra av på 50-talet dyrka han jord. Fyrst på sitt eige bruk, og seinare på to nabobruk. To gongar retta han ryggen, fyrste gong i 1971, då tok han med… Les meir

Av Rose Bergslid, Bioforsk økologisk Bjørn Egil Flø, Bygdeforskning Unni Støbet Lande, Bioforsk økologisk   Då den relativt lite landbrukskunnige RV politikaren Liv Finstad vart sett i NRK- studio for å forsvare Raud Valallianse sitt partiprogram i 1983, vart ho konfrontert med RV`s programfesta landbrukspolitiske mål om å auke sauetalet i Noreg. I mangel av noko meir fornuftig å seie leverte ho det NRK- legenda Herbjørn Sørebø seinare skulle hevda var den… Les meir

Av Bjørn Egil Flø Verdas jordbruks og matvaresystem står overfor omfattande utfordringar på vegen inn i den post-fossile framtida. Ikkje berre lyt ein auke den totale produksjonen i takt med utviklinga i folketalet, men heile matvaresystemet treng gjerast mindre sårbart, det må tole klimaendringane og dei auka energiprisane, samstundes som det lyt minimere sit bidrag til det totale utsleppet av klimagassar. Jamt tittare innslag av uføreseielege vêrfenomen i kjølvatnet av klimaendringane har… Les meir