Arkiv
Av Bjørn Egil Flø «Garlytestell», sa dei forakteleg, karane på butikken. Dei snakka om Berten, grannen vår, han som brukte gå fjøra å sjå etter rak kvar gong det hadde vore storbåre. «Fare slik å gå» sa dei «…, kunne han ikkje brukt tida på å sette istand løeveggen då..? Ein treng ikkje akkurat vere ingeniør for å sjå at den treng vøling». Han var annleis, Berten. Medan grannane investerte… Les meir
Av Bjørn Egil Flø Utmarka har gått frå å vere beitemark til å bli representasjonar for den symbolkonsumerande middelklassa sin iherdige projisering av flyktige identitetar. Kiting, hundekøyring og massemønstringar der tusenvis av DN-lesande middelklassemenn ivrar etter å simulere åndeleg slektskap med polarheltane våre, bidreg til å omdefinere utmarka og stiller store krav til forvaltingas handverkarar og utfordrar dei tradisjonelle utmarksnæringane. … Eg var på konferanse her om dagen*. Det var ikkje ein av… Les meir
Av Jostein Vik og Bjørn Egil Flø Han har vore på misjonsferd dei siste vekene – statsråd Lar Peder Brekk – og i veska har han bore på det landbrukspolitiske ny-testamentet “Landbruks- og matpolitikken. Velkommen til bords”. Eit ordrikt dokument på 301 sider, den tjukkaste landbruksmeldinga nokon sinne. Og på dei bondetillitsvalte sin felleslunsj slår dei vitsar om den til melodien frå Ole Ivars “Nei så tjukk du har blitt”,… Les meir
Av Bjørn Egil Flø All this dirt comes from bad politics, it is a consequence of our leading elite’s political ideology Dette var kommentaren Rick Davis, frontfiguren i det britiske progrock bandet Supertramp, gav journalistane som ville ha forklaringar for kvifor dei hadde valt eit så dystert coverbilete til sit fjerde album “Crisis? What crisis?”. Det same kan me seie om det som i dag veks fram som ei stadig… Les meir
Duften av fersk ved er noe av det du seinest vil glømme når slørene trekkes for … ”Hans Børli”, sa han. ”Kjenner du til han?” Eg må innrømme at eg ikkje forstod at han nett hadde deklamert byrjinga av eit dikt, for det passa liksom så godt inn i forteljinga hans. Han snakka om nyingen, dette bålet som både skogeigarane og jegerane snakka om, og som ikkje eingong trong vere… Les meir
Av Bjørn Egil Flø ”Dei hevdar det”, sa Arvid. Eg hadde nett konfrontert den staute jaktlagsleiaren med at eg trudde elgkjøtet var vorte mindre viktig no når dei fleste av oss har råd til å kjøpe all den maten me ønskjer. ”Men”, held han fram ”.. eg trur likevel ingen på laget her ville ha jakta om det ikkje vart kjøt utav det”. Han trur tvert om at mykje av… Les meir
Eg har vorte fortalt at folk som meinar å høyre til på vestlandet driv å skriv på ”veggar” og ”twitrar”, og til dels er nokso harme over ein kronikk eg hadde i Bergens Tidene den 16. januar med tittelen ”idylliseringas pris”. Sjølv undrast eg på kva som kan ha gjort dei så harme, for eg ville då berre gjenfortelje historia til Annie – ei sprek og trivleg eldre dame eg trefte i… Les meir
Medan stadig fleire velmeinande bygdeutviklingsprosjekt ivrar for at Bygde-Noreg skal gjere seg attraktiv for unge urbane og velutdanna par som etter teorien forvaltar mesta alt som skal til for å skape kreativitet og dynamikk, kan det vere relevant også å gløtte litt til kontraurbaniseringas bakside. Kanskje kan prosjekt som ”Framtidsfylket”, ”Flytt hit” og ”Hardangerlokk” også lære litt av mitt møte med 70 år unge Annie i bydelen Haringey i Nord-London. Kanskje kan… Les meir
Av Bjørn Egil Flø Dei kom med fly dei som bygde Snøhvit i Hammerfest. 26.000 mann, inkludert ei og anna kvinne. Dei kom frå Stavanger og Kiev frå Aberdeen og Caracas og frå grendene kringom på vestlandet, ekspertane og fagarbeidarane. Dei kom med pendlarfly frå Stord og samla seg kring lukta av oljedamp og gass som nordausten bar inn frå Barentshavet. For dei hadde det som trengdes, dei multinasjonale… Les meir