Krise? Kva krise?
Av Bjørn Egil Flø
All this dirt comes from bad politics, it is a consequence of our leading elite’s political ideology
Dette var kommentaren Rick Davis, frontfiguren i det britiske progrock bandet Supertramp, gav journalistane som ville ha forklaringar for kvifor dei hadde valt eit så dystert coverbilete til sit fjerde album “Crisis? What crisis?”.
Det same kan me seie om det som i dag veks fram som ei stadig meir alvorlege krise i verdslandbruket og verdas matvaresystem. Det er eit direkte resultat av dårleg politikk og ein logisk konsekvens av den leiande elite sin politiske ideologi. Sjølv om matvarekrisa (2007 – 2008) kom som eit sjokk på landbrukspolitikarane verda over, overraska det likevel ikkje dei som arbeida nærast grasrota. Landbruks og matpolitikken har feila, den har feila i å møte dei utfordringane me står overfor og som me har stått overfor lenge. Den har feila på alle felt; sosialpolitisk så vel som arealpolitisk, helsepolitisk så vel som miljøpolitisk og næringspolitisk så vel som distriktspolitisk. …
Dagstøtt vert det no lagt fram sterke empiriske prov på systemfeil som formeleg ropar på politiske skift. Men førebels er den internasjonale diskursen både teknisk, instrumentell og trongsynt og tilsynelatande utan evne, eller snarare vilje, til å sjå at det 21. århundres produktivistiske paradigmet ligg som ein stranda kval og blenkjer i solskinet.
Den eigentlege årsaka ligg nemleg ikkje primært hjå landbruket. Den ligg ikkje i oljeprisen eller i auka etterspurnad. Den ligg heller ikkje i avlingssvikt eller i omfattande omdisponeringar av jordbruksareal. Den eigentlege årsaka ligg djupare enn det, den ligg i ideologien. Den ligg i ideen om at den frie marknaden er effektiv og rettvis, om at den er sjølvregulerande og at forventningane i kapitalistiske økonomiar er rasjonelle. Den ligg i ideen om at statlege reguleringar inneber effektivitetstap og om at proteksjonisme er skadeleg.
Det er ideologien som har skapt eit oljeavhengig landbruk som forbrukar meir energi enn det produserar. Det er ideologien som har skapt eit landbruk der mesteparten av den vasskrevjande produksjonen skjer der det ikkje regnar. I ei tid der me står overfor omfattande klimatiske endringar, endringar som no har vore varsla i snart 30 år, har me altså bygt opp eit landbruk meir sårbart for sjølv ørsmå klimatiske endringar enn nokon gong før. Verdas landbruk er tufta på ein dogmatisk ideologi, preika og profetert av karismatiske emissærar – chicagoskulens siste dagars heilage.
Me har forvalta verdslandbruket etter grunnleggande kapitalistiske retningsliner som om det var kva for næring som helst. Og me fekk det me ettersteva, me fekk intensivering, konsentrering og spesialisering. Me fekk mekanisering og automatisering av produksjonsprosessane. Me fekk ein spesialiset produksjon med færre og meir effektive bruk. Men me fekk også eit meir sårbart matvaresystem, me fekk gjeldstynga småbønder og jordspekulerande agrobisnisselskap. Me fekk eit energikrevjande landbruk som vert stadig meir avhengig av fossilt brensel og me fekk overproduksjon for heimemarknadane i heile det globale nord. Me fekk nye sosiale relasjonar i dei rurale samfunna og auka sosial ulikskap. Me fekk fattigdom og deprivasjon og me fekk sjølvmord. Me fekk alt teorien fortel oss at me ville få og ideologane fekk det dei ville ha.
Spørsmålet er; kva gjer me no? Kva kan me gjere, og eventuelt; kva må me gjere for å kunne gjere det me må?