Nyingen og den østerdalske elgjaktetos

Bjorn E Flo

 

Duften av fersk ved
er noe av det du seinest vil glømme
når slørene trekkes for …

 

”Hans Børli”, sa han. ”Kjenner du til han?” Eg må innrømme at eg ikkje forstod at han nett hadde deklamert byrjinga av eit dikt, for det passa liksom så godt inn i forteljinga hans. Han snakka om nyingen, dette bålet som både skogeigarane og jegerane snakka om, og som ikkje eingong trong vere ein ”nying” reint teknisk, men berre eit vanleg bål som jaktlaget kunne samle seg kring i skogen. Dei snakkar om det, eller det å samlast kring nyingen, som det skulle ha vore ein heilag rite – ein rite som ikkje må brytast. Men i botnen er det like mykje samhald dei snakkar om, og om det å ta seg tid. Ved å knyte det spesifikt opp til nyingen knyter dei det også opp til noko større. Dei knyter det opp til arven frå skogsarbeidarkulturen og til samhald mellom arbeidsfolk, grannar og bygdefolk. Forteljinga om nyingen symboliserer den østerdalske skogskulturetosen og inngår i skapinga av den stadeigne elgjaktetosen. …

Som dei fleste ”rural performances”, som den amerikanske antropologen Stuart Marks kallar slike ritualliknande førestillingar, demonstrerer nyingen potensen i den stadeigne historia og inngår som ein vesentleg aktør i struktureringa av framtida. For det er kva nyingen representerer, som er det viktige. Det er kva dette vesle bålet symboliserer – kva det fortel når eit heilt jaktlag sit samla kringom det midt i skogen – det er dét som er viktig. Det fortel om ro, samhald og arv; alle viktige element i den lokale jegeren si moralske forteljing om seg sjølv og om elgjakta. Og så lenge skogeigaren og den eigedomslause bygdejegeren sit kring nyingen, inngår dei båe i den same fellesskapen.

For jakta er fellesskap, fridom og likskap, og den vert fortalt fram som dét av både skogeigarar og eigedomslause. Den er forteljinga om andre kapitalformer enn dei som gjeld i ”det andre” livet, forteljinga om at ”kula er demokratisk”, som ein elgjeger formulerte det. Den gjer med andre ord ikkje skilnad på kor tjukk pengepungen åt den som trekkjer av, er. Det er ferdigheitene dine som jeger som tel på jakta, ikkje utdaningsnivået eller om du er rik eller fattig.

At det eksisterer ei forteljinga om likskap oppi her er ikkje ukjent; det har Ketil Skogen og Olve Krange påvist før, men det gjer det ikkje til eit mindre paradoks av den grunn. For nettopp oppi her finst då utvilsamt klasseskilja, både historisk og i dag, og kanskje er dei også tydlegare her enn mange andre stadar i Bygde-Noreg. Det er her du finn dei verkeleg store skogeigarane i landet, dei som har vore skogeigarar i generasjonar, og som set i posisjonar med makt, og som har høve til å utøve den om dei må. Likevel eksisterer altså forteljinga om likskap, i alle fall under elgjakta. For her kan du altså høyre forteljingar om den store skogeigaren som møter på elgjakt i arbeidskjeledressen. Eller om jegerar som kan stikke innom skogeigaren når det måtte vere ein vanleg ettermiddag for å kjøpe småviltkort og vert sitjande med støvlane på ved kjøkenbordet og drikke beksvart sur termoskaffi. Det er forteljingar om det ujålete bygdesamfunnet der det er andre kapitalformer enn pengar og eigedom som rår i det sosiale spelet.

Så, skit jakt til alle – både Salomo og Jørgen.

 

Bjørn Egil Flø

Innlegget har også stått på trykk i Østlendingen 30. september 2011

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s