Arkiv
Av Bjørn Egil Flø Tenk deg at eg ringte på døra di ein dag og fortalte deg at hagen din var som skapt for epledyrking. Dette samstundes med at alle solemerke synte skyhøge epleprisar og stadig aukande etterspurnad etter både konsumeple, saft, sider og syltetøy, ja endatil prisane på eplekaker var i ferd med å nå ukjente høgder. Tenk deg so at eg tilbaud deg ti kroner i året for… Les meir
Av Bjørn Egil Flø Den som har fylgt med i avisa Nationen ei tid, kan umogleg ha unngått å ha lagt merke til ei omvending. Det er ei omvending som ikkje står tilbake for den me lærte å kjenne i vår barndom gjennom søndagsskulens vitnesbyrd frå Galilea og bygdene aust om Jordan. Det var vist ikkje måte på alt som der hadde skjedd og vende me oss berre til trua… Les meir
Av Bjørn Egil Flø Ein ven av meg har kviskra meg i øyro at Fosen trafikklag har foreslått å redusere rutetilbodet til Froan enno ein gong. Dette vesle øysamfunnet som strekker seg nokre titals sjømil nordover omlag ein halvannan time utanfor trøndelagskysten i Frøya kommune vil dermed få ytterlegare innskrenka moglegheiter til å kome seg opp av hengemyra moderniteten har ført med seg. Dette for meg til å tenke på vår… Les meir
Av Bjørn Egil Flø Hjå sportsfiskarar verda over er fiske etter anadrome laksefiskar, rekna som det edlaste av alt sportsfiske. Grada av eksklusivitet ser ut til å auke i takt med at vasstemperaturane fell og oksygeninnhaldet i vatnet stig på vegen nordover langs breiddegradskalaen. På kjøpet føl gjerne sceniske omgivnadar og lange lyse sumarnetter som bidreg med sitt til at sjølv dei tettaste myggsvermane lettare kan ignorerast. Stadig fleire, både her… Les meir
Av Bjørn Egil Flø Det er sjeldan ein er vitne til ein tilsvarande sutring som den reiselivsnæringa i Finnmark la for dagen i førre veke. Mi største bekymring er likevel knytt til den politisk uklokskapen dei avslører når dei i Nordlys og VG sine nettutgåver går ut å angrip Fiskeri- og kystministeren for å ha sagt det me alle veit. Det heile starta då Helga Pedersen hadde vore på NHO sin… Les meir
Av Bjørn Egil Flø ”Sorry mate, it’s payback time” sa Mark, me stod ved breidda av Oreti River å såg på den svarte ryggen åt ei rettleg storaure på minst 8 kilo. Mark hevda det var hans tur å prøve no, etter å ha gitt alle dei tre føregåande sjansane til meg. Ein middels utvikla rettferdssans fortalde meg at han hadde rett. Etter å ha følgt med i Nationen dei siste… Les meir
Av Bjørn Egil Flø Han sa det aldri rett ut, far min, men han sa det då likevel. Det var på dei mange endelause helgeturane med vår gamle Austin Cambridge at han indirekte lærte meg at ekte mannfolk ikkje et kliss. Du skjønar eg via nesten to år av livet mitt til denne merkelege forma for helgesyssel som det var å fylgje far min for å sjå på nyfjøsane åt bønder… Les meir
Av Bjørn Egil Flø Eg var på utstiling her for ei tid tilbake. Blilyst, denne gruppa av velmeinande unge menneskjer som gjer ein heiderlig innsats for å halde liv i Bygde-Noreg hadde invitert gjestar til å sjå resultatet av arkitektkonkurransen ’Moderne boløsninger på bygda’. Det var interessant og eg vil på det sterkaste tilrå andre å ta ein tur innom containeren deira. Om ikkje anna for å sjå kor dårleg stelt… Les meir
Av Bjørn Egil Flø I landed with every waka in Aotearoa and all iwi embrace me I am a custom they call manaakitanga My brother landed in the pockets of the Pakeha He is an industry they call tourism. My brother and I have been trying to get along ever since Slik introduserar Steve Sole sin artikkel «Maori Tourism» i siste nummer (No 82) av New Zealand Geographic, og trekker opp… Les meir
Av Bjørn Egil Flø Klokka er kvart over 5 om ettermiddagen då me landar. For ein med to vintrar etter kvarandre og New Zealands hittil kaldaste forsumar i blodet, er 28 grader celsius og ei relativ luftfuktigheit på 95 prosent nett som å gå på ein vegg. Vanuatu airport må vere verdas raskaste internasjonale flyplass, etter knappe 25 minutt set me alt på bussen som skal frakte oss til Breaka’s Beach… Les meir