Kraftkontrakt i eplehagen

Av Bjørn Egil Flø

 

 

Tenk deg at eg ringte på døra di ein dag og fortalte deg at hagen din var som skapt for epledyrking. Dette samstundes med at alle solemerke synte skyhøge epleprisar og stadig aukande etterspurnad etter både konsumeple, saft, sider og syltetøy, ja endatil prisane på eplekaker var i ferd med å nå ukjente høgder.

Tenk deg so at eg tilbaud deg ti kroner i året for kvart epletre eg planta, men i kontraktutkastet eg synte deg stod det at eg skulle ha alle epla som treet bar fram, det gjaldt også fallepla.

Ville du ha inngått ei slik kontrakt med meg? Sjølvsagt ikkje, ikkje så lenge du hadde høve til å velje. Nei, då skulle du heller ha planta dine eigne epletre og sjølv satsa som fruktbonde.

For det er så lageleg tilordna her i verda, me likar ikkje at nokon utnyttar verken oss eller andre. Me vil at alle skal ha sin rettmessige del av verdiskapinga og når det å produsere verdiar inneberer at enkelte må ta tyngre bører, vil me at dei skal ha godtgjort for børene dei ber. Det er grunnleggande for oss menneskjer det, me kallar det rettferd og nokre refererar til det som om det skulle vere ein sans. …

Dei tykkjest å gløyme det dei som ropar på vindmøller og vindkraft her til lands. Dei slår oppgitt ut med armane og meinar at bygdefolks motstand mot vindparkar både er kortsiktig og usolidarisk. ”De må då skjønne at landet trenger miljøvennlig kraft” seier dei indignert og meinar som Drude Beer i Nationen at «..vindmøllenes glade budskap om en renere fremtid» bør vere godt nok for pakket. At dei sjølve opererer tett på omgrepet ran er ein ting, men verre er det at framferda deira skaper varig misstillit til ein miljøvenleg kraftproduksjon me ikkje har råd til å missa.

Den som ønskjer å skape sympati og lokal velvilje for vindparkar kring om i bygdene må gi folk ein grunn til å ønskje å plante vindmøller i eigen bakgard. I staden for å ytterlegare styrke privilegia åt dei store aktørane i kraftbransjen må ein leggje til rette for at bygdefolket sjølve får høve til å produsere kraft med eigne møller. For det er lærdomen frå omverda, lærdomen frå dei som har lykkast med satsinga på vindenergi. Både Danmark og Tyskland, ja fleire andre land òg, har gitt politisk prioritet til lokalt eigde borgarvindparkar. Ei prioritering som ikkje berre har bidrege til å skape eit omfattande lokalt engasjement for vindkraft, men som også har stått for vekst både i den lokale verdiskapinga og i sysselsettinga. Lokalt eigde vindkraftprosjekt utgjer grunnlaget for det som i dag vert omtalt som det danske vindkrafteventyret. Eit industrieventyr som kan sporast attende til fyrst på 80-talet då den danske regjeringa vedtok ei omfattande subsidiering av vindkraftprosjekt. I dag, etter meir enn 25 år med nært samarbeid mellom politikarar, industri og danske lokalsamfunn, er nær 150.000 danskar deleigarar i eigne vindkraftprosjekt.

Prosjekta er drivne av bønder, huseigarar og næringslivet kring om i heile landet, anten uavhengig eller i det som på ”ny-dansk” vert kalla ”cooperative ventures” eller samvirkeforetak. I dag ser me at den same strategien vert nytta i fleire nordeuropeiske land, særleg Tyskland, Nederland og Sverige, sjølv Storbritannia har nyleg retta merksemda mot borgarvindparkar som utviklingsstrategi.

Røynslene frå desse lokalsamfunna har tydeleg synt oss at middels store lokalsamfunnseigde vindturbinar er ein farbar veg for å produsere rimeleg og miljøvenleg kraft for både landbruk, familiehushald samt små og mellomstore bedrifter kring om i grendene. Like viktig er kanskje det faktum at det også gjer noko med vår oppleving av kva som er stygt og pent. For så lenge det er ”litt ditt” er det gjerne også litt vakrare.

Bjørn Egil Flø

Artikkelen har stått på trykk i Nationen 07. februar 2009

Les oppfyljande artikklar til dette innlegget:
Alt kan ikkje kjøpast – Reportasje, Nationen 09.02.2009
Dyrere strøm for vindkraftnaboer – Reportasje, Nationen 09.02.2009
Vindkraft må friste – Leder, Nationen 10.02.2009

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s