Nykolonialisme i krisetider
Av Frank Egil Holm og Bjørn Egil Flø
Når gassisk militære kjeppjagar Ravalomanana og set den vasskjemde gutungen Rajoelina i statsleiarstolen handlar det i botnen om slike som Trygve Hegnar og hans meiningsfellar sine grådige krav om stadig billigare mat.
For sjølv om årsakene til statskuppet på Madagaskar er mange og kompliserte var det likevel inngåinga av ei jordleigeavtale me ikkje har sett maken til sidan føydalismen som fekk begeret til å renna over for dei elles så tålsame gassarane. Midt i hjartet av Madagaskars beste jordbruksland har det sørkoreanske gigantselskapet Daewoo Logistics sikra seg ei 99 år lang leigeavtale som skal syte for at den oppveksande sørkoreanar ikkje skal måtte gi opp sitt urbane liv i Seoul og verte tvinga til å finne fram att hakkegrevet og dyrke jorda på si heimlege halvøy. …
Stadig dystrare framtidsutsikter for verdas klima og hyppige meldingar om ei matvarekrise som kjem oss nærare for kvar dag, har skaka opp våre politiske leiarar. Dei smiler på gruppebileta – utanriksministrane når dei samlast, dei vil skape inntrykk av stabile relasjonar og gode intensjonar. Men utanfor fjernsynsskjermen stel dei matjorda frå dei fattige under påskott av å skulle gjere investeringar i tredjeverdens land. Det skal vist vere til hjelp å investere vert det sagt, det er mest som ei rein å skjær godhjarta handling frå oss det. Men sanninga er snarare at det er den kollektive kunnskapen om at ”når krybba er tom bites hestene” som driv oss. I krisetider er mat eit tungtvegande forhandlingskort og når støvskyene ikkje vil leggja seg i Midtvesten og når matjorda på Kontinental-Europa har næringsverdiar på linje med eit stykke skumgummi, lyt me sjå ut over eigne landegrenser for å sikre mat nok åt vår velgjødde befolkning.
Aktørar som Libya, Kina, Dei Arabiske Emiratane og andre styrtrike oljenasjonar i Persiabukta er alle representantar for eit aggressivt statleg støtta oppkjøp av jordbruksareal med sikte på å sikre eiga matforsyning. I vår del av verda set me vår lit til den frie marknaden, her stiller me oss apatiske i ring og vitnar hundrevis av agribusinesselskap sin systematiske plyndring av tredjeverdas småbønder. Ranet tiltek i brutalitet i takt med at svolten kjem nærare innpå dørstokken åt betalingsdyktige vestlege borgarar. Berre i Uruguay har det tidlegare New Zealand baserte såfrøselskapet PGG Wrightson omdanna seg til NZ Farming Systems Uruguay og driv no nokre små nette jordlappar på til saman 400.000 mål med intensiv mjølkeproduksjon. Med dei aggressive oppkjøpa vert også jordprisane pressa opp. Gassarar, uruguayanarar og estarar vert alle effektivt fortrengt frå sine farsgardar og lyt stille seg i køa av arbeidssøkjarar som kvar morgon samlast ved porten åt ”nybonden”.
Her heime har me også ein og annan representant for det ”nye” landbruket. Nokre initiativrike haugianarar har for lengst etablert seg både i Aust-Europa og andre stadar, men førebels har dei innteke rolla som sjølvstendige og uavhengige produsentar i EU-landbruket og er slik sett fråkopla sine moderbruk heime i Noreg. Men det er ikkje vanskeleg å tenke seg ei framtid der norske industriselskap innan landbruk- eller energisektoren vil sjå nærare på moglegheitene til å sko seg på rimelig jord og arbeidskraft. Eit framtidsscenario med ”norsk” landbruk i Kviterussland, Ukraina eller Kasakhstan drive av TINE, Yara eller Statkraft med eksklusiv tilgong til den norske marknaden treng ikkje vere så altfor langt fram i tid.
Det nærmar seg jordbruksforhandlingane her heime. Og også denne våren lyt me forvente at Trygve Hegnar, Torbjørn Hansen og Hans Frode Asmyhr vil påpeike at norsk landbruk er dyrt og at det inneber høge prisar for den norske forbrukaren. Dei vil foreslå å bygge ned grensevernet og kvitte seg med uproduktive bønder samstundes som me supplerar matvarebehovet med auka import.
Det er på tide å minne dei borgarlege knektane på den hasard dei spelar med våre primærbehov. Å kaste vekk annanmanns sparepengar på børsen og tru ein driv verdiskaping er ein ting, men når ein argumenterar for å leggje matvareproduksjonen ut på globalt anbod og satsar på at verdsmarknaden har ein ibuande god vilje, er det i beste fall naivt.
Likt med nyttårskonserten frå Wien får me kvart år ei påminning om kva som skjer når nasjonalstatar ikkje har ordna seg med stabile forsyningar av essensielle råvarer. Når trykket i gassrøyrleidningane fell i Ukraina er det einast i diplomatiets møterom ein greier å halde varmen. For når Russland og Ukraina kranglar om naturgassen står EU nervøst på sidelinja som eit makteslaust gissel og ber til Gud om at partane må sanse seg.
So kva no, gamle Noreg? Har me tillit til råda frå Hegnar og kompisane? Hugs, dei har spelt før.
Frank Egil Holm
Bjørn Egil Flø
Begge forskarar ved Norsk senter for Bygdeforskning
Innlegget har stått på trykk i Klassekampen den 24. april 2009