Grensevern – eit særnorsk fenomen?
Av Torbjørn Tufte
I debatten kring internasjonal handel og grensevern kan ein lett få inntrykk av at EU står fram som den liberale handelsblokka, medan vi ”norrbaggare” står som forsvarar av proteksjonisme og tollvern. Særskilt er dette eit inntrykk som festar seg når EU-ambassadøren i Noreg, Percy Westerlund, kommenterar dei bilaterale forhandlingane mellom EU og Noreg.
Gjennom EØS-avtala fell grensevernet for industri vekk. Det vil seie at i handelsrelasjonane mellom Noreg og EU møter føretak frå EU eit norsk grensevern berre på landbruksvarer. Medan norske føretak møter grensevernet til EU både på landbruk og fisk.
Internasjonal handel omfattar likevel meir enn EØS. Og i eit globalt perspektiv vert skilnadane mellom handelsregima til EU og Noreg tydlege. Det norske handelsregimet er langt meir ope mot omverda enn tilfellet er for Unionen. Marknadstilgangen for dei 122 WTO-medlemane utanfor EØS kan illustrere dette. …
Ut frå talet på varelinjene, definert i HS-standarden på seks siffer, praktiserar EU i følgje WTO tollfri marknadstilgang for 31 prosent av varelinjene dersom ein ser på ”alle produkt”. Tilsvarande for Noreg er 88 prosent.
Ser ein på landbruksvarer for seg sjølv, viser tollprofilane at både Noreg og EU nyttar toll på over halvparten av varelinjene. Inn til EU er 30 prosent av varelinjene tollfrie for medlemslanda i WTO, medan 46 prosent av varelinjene for landbruksvarer er tollfrie inn til Noreg. Likevel er det på industrivarer den store skilnaden på tollprofilane til EU og Noreg kjem fram. Medan EU gir tollfri marknadstilgang på berre 31 prosent av varelinjene, har Noreg gitt tollfridom på heile 94 prosent.
Det er sjølvsagt fleire handelshindringar som kan nyttast enn grensevern. For vareflyten er likevel tollvern ein av dei meir effektive mekanismane. Bruk av tollvern er også eit virkemiddel som er legetimt innanfor regelverket i WTO.
Talet på varelinjer med toll fortel rett nok ikkje noko om kor høg tollsatsen er. Samstundes er det eigentleg likegyldig om tollsatsar er 5 eller 50 prosent all den tid tollsatsen sikrar at den som nyttar tollen oppnår det grensevernet ein søkjer å nå. Difor kan 10 prosent toll på ein biff eller ein komfyr vere like effektivt for ein stat, som 40 prosent er for ein annan.
Det vert sjeldan poengtert at prisnivået er avgjerande for om ein tollsats er effektiv eller ikkje. Til tider vert dette framstilt som uvesentleg. Tydelegvis er det langt meir dramatisk å dra fram ei tollinje med 200 prosent toll. Percy Westerlund, Ambassadør for Europakommisjonens delegasjon i Noreg og Island, vel å gjere dette når han kommenterer skilnadane på tollprofilane til EU og Noreg (Nationen 21/2 -2009) med å referere til bananar og sukker:
Westerlund seier at det å vise til at EU har toll på 70 prosent av varelinjene, medan Noreg har toll på 54 prosent av varelinjene ”…blir totalt misvisande” .Vidare legg han til: ”Det som betyr noko er kor høg tollen er. For alle landbruksvarer har EU i gjennomsnitt 15 prosent toll. Noreg har tilsvarande 57,8 prosent toll, for alt sett under eitt. Forskaren Tufte legg i staden vekt på at Noreg ikkje har toll på vareliner som bananar, appelsinar og sukker. Det blir for meg litt spesielt.”
Typisk nok nemner ikkje Westerlund grensevernet på industrivarer i det heile.
Sjølvsagt har EU som ein av verdas største økonomiar langt fleire produksjonar enn Noreg. Det tilseier også at det er fleire produkt og produksjonar som ikkje har internasjonal konkurransekraft. Difor har EU behov for å verne fleire varelinjer mot internasjonal konkurranse enn tilfellet er for Noreg. Men det er òg slik at Noreg på si side handhevar tollfri marknadstilgang også på eigne viktige produksjonar som fisk og industrivarer.
Uansett har EU, som Noreg, full rett til å nytte det grensevernet dei ynskjer mot omverda ut frå rammene definert i WTO. Difor bør det verte respektert at norsk landbruk er avhengig av eit aktivt grensevern dersom produksjonsomfanget skal oppretthaldast. Norsk grensevern på landbruksvarer har akkurat lik vernefunksjon mot landbruksvarer frå EU som grensevernet til EU har mot landbruksvarer frå Brasil. Det avstår EU-ambassadøren i Noreg klokleg å kommentere.
Eigne handelsinteresser står særs sterkt i politikken til EU. Unionen nyttar eit aktivt grensevern på dei fleste sektorar og krev vanlegvis gjensidig marknadsopning framfor å gi preferansar eller tollfridom på import. Handelspolitikken til EU har som hovudmål å sikre eigne føretak betre marknadstilgang, samstundes som Unionen vernar dei fleste sektorar og produksjonar i større eller mindre grad frå utanlandsk konkurranse ved hjelp av eit aktivt grensevern. EU er langt meir restriktive med å gi tredjeland tollfri tilgang til heimemarknaden enn det Noreg er. Handelsregimet til EU tufta på gjennomgåande bruk av toll, der grensevernet både skal skjerme konkurranseutsette næringar og gi inntekter til EU-budsjettet.
Når det gjeld landbruk er det grunn til å tru at EU, som ein av verdas største landbruksvareeksportørar, prioriterar eksportinteressene langt sterkare enn Noreg. Truleg er det mest dette som vert reflektert i dei omfattande krava i Artikkel 19-forhandlingane. Og strengt tatt er vel svensk landbruk si internasjonale konkurransekraft så svak at det omtrent berre er i den norske marknaden dei kan konkurrere? Mogleg det er difor svenskane, med Westerlund i spissen, ivrar så sterkt for redusert norsk grensevern.
Torbjørn Tufte
Statsvitar
Landbrukets Utredningskontor
Innlegget har stått på trykk i Nationen 30.05.2009
Les Percy Westerlund sitt svar til Tufte i Nationen 17.06.2009 her.