Langlysrefleksjonar

Av Bjørn Egil Flø

 

 

 

Har du opplevd det? Har du opplevd å stå ved rekka av hurtigruta og sjå mot land å tenke; kva gjer dei her? Eller å køyre langs dei einsame bygdevegane våre med langlysa på og tenke; kvifor bur folk her?

Jau da, me forstår det når me ser gardsbruka. Me forstår det når me ser eit av dei mange velstelte vestlandsbruka med 70-tals fjøs og tilhøyrande tårnsiloar, me forstår det når me ser dei korrekt kvitmala våningshusa kledd med vestlandspanel, sjøvendt ark og skifer på taket. Me forstår det også når me passerar eit av dei mange karakteristiske trøndertuna med den smale og altfor lange hovudlåna som saman med dei andre bygningane krinsar om gardsplassen som eit vernande fort mot den gnagande kalde elvedalskjella ein tidleg vårmorgon. Me forstår det også når me ser det fancy arkitektteikna designarhuset ytst ute på ein bergknaus som opnar seg mot det frodande storhavet eller like gjerne mot den spegelblanke fjordarma som breiar seg ut framom den glaskledde fasaden og inngår som ein naturleg del i den postmoderne innreidde installasjonen som skaper basisen for kreativiteten for det unge paret med dei frie yrkja som veit det er lengre til London frå Holmenkollen enn frå Haram. …

Alt dette er noko me kan forstå, for det er dette dei har vore opptekne av professorane og amanuensisane, det er dette dei har studert i fleire mannsaldrar no – det rurale og ruraliteten. Dei har fortalt oss at det både er materielle og immaterielle grunna for å bu ruralt. Dei har dosert om produksjonslandskapet og om dei stadeigne ressursane som einast let seg nytte der dei er. Dei har snakka om nære fiskegrunnar som gjev grunnlag for det kystnære fisket og gjer det rasjonelt å bu på Husøy.

Dei har grunngjeve busetnadsrasjonaliteten med døme frå den britiske landsbygda som opplevde kontraurbanisering som fylje av at London vart for trongbudd og krevjande. Dei har snakka om dei nye rurale som bruker det landlege som kjelde for inspirasjon, kreativitet og meiningsinnhald og om dei som søkjer det rurale og det heimslege og oversiktlege i von om at det skal skape meining når omverda vert global og uoversiktleg.

Men korleis forklarar me alle dei andre? Korleis forklarar me kva dei gjer her alle dei vanlege menneska, dei som verken eig gardsbruka, linebåtane eller dei fancy designarhusa som aspirerar for å få Interiørmagasinet på vitjing? Korleis forstår me alle desse som faktisk utgjer den store massen av dei rurale? Alle desse som bur her som ikkje flyttar til byen trass det tilsynelatande ikkje er noko som held dei att? Slik me forstår kunnskapen om det rurale og ruraliteten i dag, er det det som er gåta. Det at folk faktisk ikkje flyttar, det er det me forstår minst av og det er det det er verdt å sjå nærare på. Spørsmålet er framleis; kva gjer dei her?

Bjørn Egil Flø

Artikkelen har stått på trykk i Klassekampen 27. august 2009

2 Comments on “Langlysrefleksjonar

  1. Anonym writes:Noen flere argumenter er kort veg til fjellet, fiskevann, fjorden og bærmyrene.Videre er det en treghet i systemet. Er man født på et sted, så har man sine røtter der. Store deler av folket har faktisk ikke langvarige utdannelser og tilknytning til studentbyer.Røttene betyr også mye. Yppige Anne drar saktens til byen når hun er ung, men hva gjør hun når samboerskap nummer tre er havarert, og hennes tre unger holder henne innomhus hver bidige lørdag for andre år i trekk? Da drar hun hjem hvor det er lett å finne barnevakt, hjem til mor.Jeg tror egentlig at forskere og synsere om utviklingstrendene har både rett og galt. De ser trolig mange riktige trender, men de bommer kanskje med timingen.Kanskje får de rett, eller kanskje ville de ha fått rett, om det ikke hadde vært for at ny teknologiplutselig ikke gjør sentralisering like nødvendig lenger.

    • Beklager at eg ikkje har svart på denne før, men av ein eller annan grunn har eg ikkje sett komentaren. Eg tenkjer du har heilt rett, det finst ei serie med grunnar for å bli og ikkje reise. Nett det er også mitt poeng her, eg etterspør eigentleg her at forskarane konsentrerar seg om kva som gjer at det bur folk kring om i grendene og ikkje berre driv forsking på korleis me skal få folk til å kome dit. Me lyt legge tilrette for dei som bur på ein stad snarare enn einast dei som me vonar skal kome.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s