Politisk støtta jordrøveri

Av Bjørn Egil Flø

 

15 milliardar dollar i almisse er det som skal til for å sikre at vestlege agrobusiness selskap for halde fram sin systematiske plyndring av fattigfolks jordbruksland. For det var omtrent det som kom ut av G8 møtet sine drøftingar av verdas matvarespørsmål i L’Aquila i Italia førre veke. I over 20 år har det internasjonale samfunnet systematisk ignorert matvarespørsmålet og vona at ein eviggrøn revolusjon skulle greie å halde svolten frå dørene i all framtid. Men ved inngangen til 2007 fekk me dei fyrste signala om at revolusjonen var falma i fargen. …

Styrtrike arabiske oljenasjonar var dei fyrste som sansa det. I takt med at matvarekrisa kom nærare inn på livet opplevde dei at den enorme matvareimporten slo negativt ut på betalingsbalansen. Dei såg også at det sinnrike systemet som omslutta den global handelen med matvarer hadde mykje av den same veikskapen som finanssystemet. Og fleire mista etter kvart tillita til den internasjonale matmarknaden. Spekulasjonar og prognoser om framtidige prisar ber nemleg på ein tydeleg lovnad om ustabilitet.

Saman med eit nærast eksplosivt veksande Kina, eit overbefolka India og fleire av dei landbrukssvake asiatiske nasjonane, gjekk arbabarstatane i gang med ei omfattande kolonialisering av den tredje verda. Og der nokre luktar svolt, luktar andre peng. Dei mange brutale vestlige agrobusiness selskapa har også intensivert jakta på fattigmannsjord. I Afrika, Sør-Amerika, Aust-Europa, Russland og i tidlegare sovjetstatar kunne me vitne eit jordrøveri me ikkje har sett maken til sidan nokre solømfintlege øybuarar frå Nordsjøen rappa halve verda frå mørkhuda menneskjer som ikkje hadde gjort anna vondt i livet enn å krangle litt med naboen. Med selskapet Alpcot Agro, som etter kvart har slått til nokre jordlappar på den nette storleiken av 1,3 millionar mål i Russland, har også våre elles så harmlause naboar i Sverige teke steget inn i det tvilsame selskapet.

Kvar dag stel velgjødde ny-kolonialistar maten or kjeften åt svoltne afrikanarar. I fylje ein ny rapport frå FAO har me berre dei siste seks månadane vore vitne til eit oppkjøp av meir enn 200 millionar mål matjord. Det er eit område tilsvarande halvparten av Europas samla jordbruksareal som berre det siste halve året har hamna i hendene åt utlendingar, utlendingar som absolutt ikkje har til hensikt å drive velgjerd overfor fattige afrikanarar. Og frå G8 delegasjonen er det larmande knyst. Det systematiske ranet vert støtta, både politisk og moralsk, av statsleiarar og verdsmenn. Alle takkar dei sine diplomatar og byråkratar for deira evne til rundtom-formuleringar som sikrar at me kan halde fram som me stemnar. ”Vi bidrar til en betydelig økning i vertslandets BNP og sårt tiltrengte skatteinntekter” seier talsmennene ”Vi bidrar til å skape muligheter, muligheter for økonomisk utvikling og velstand”. Dei er dyktige, pene i tøyet og nydusja, og dei ser rett på deg frå fjernsynsruta. Dei let vere å nemne det faktum at lokalbefolkninga misser tilgangen til livsviktige ressursar i lokalmiljøet og vert drivne til næraste slum der ikkje eingong vona veks. Kvart einskild jordsal svekkar dei fattige landa sine moglegheiter til å kome seg ut av fattigdom og til å sikre mat til eiga befolkning. Kvart einskild jordsal sementerar ytterlegare det eksisterande maktforholdet nord-sør og gjer skilnadane mellom oss større. For medan den pågåande ”outsourcinga” av matproduksjonen sikrar matvaretryggleiken i investorlandet etterlet den seg menneskelige lidingar som svolt og fatigdom for lokalbefolkninga.

 

Bjørn Egil Flø

Artikkelen har stått på trykk i Nationen 24. juli 2009

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s