Grend og granne i det moderne Noreg
Av Bjørn Egil Flø
Finst grendene? Lat meg leike med tanken om å stille dette spørsmålet til mine kollegaer. Eg har nemleg ei sterk kjensle av at svaret dei ville gitt meg ville ha vore svært kontekstavhengig. Hadde eg spurt på lunsjromet på Bygdeforskning ville nok dei fleste svare ”ja vist finst det grender”, men hadde eg stilt spørsmålet under ein fagleg sesjon på ein bygdesosiologisk konferanse ville nok fleire kome opp med referansar til Ulrik Beck, Anthony Giddens og Scott Lash1 som hevdar at det i det seinmoderne eller høgmoderne samfunnet har skjedd ei svekking av kollektiv identitet, stadskjensle og klassemedvit.
Resonnementet til desse tre knektane er langt frå nytt, det har på mange måtar prega bygdesosiologien i generasjonar. Ved berre eit enkelt søk kan ein spore dette attende til Georg Simmel2 sin studie av urbanisme og til Louis Wirth3 som begge meinte at modernisering og urbanisering ville øydelegge dei personlege og varige relasjonane som kjenneteiknar dei rurale samfunna og erstatte dei med fragmenterte, flyktige og upersonlege band. …
Amerikanaren Roland Warren4 landserte i 1963 sin teori om ”The Great Change”, der hevda han at dei rurale samfunna vil verte meir differensierte og den einskilde vil i stadig større grad lenke seg opp mot større system som ligg utanfor lokalsamfunnet. Dette vil svekke dei lokale banda som ein gong femna om mesta alt som skjedde i lokalsamfunnet. Over tid vil dette også svekke verdien av lokalsamfunnet i folk sitt daglegliv og det som til slutt tel er det som skjer utanfor lokalsamfunnet. Samstundes med Warren sin store endringsteori kom også teorien om ”The Mass Society”5 som i motsetnad til Warren såg endringa som ein fordel for lokalsamfunnet. Mass society tesen leverte eit sterkt argument for å forlate det territorielle som har vore vanleg for definisjonen av eit lokalsamfunn og heller studere korleis folk vert innlemma i eit felles verdisystem med trådar ut mot eit større samfunn. For i fylgje mass society teorien er ikkje lokalsamfunn (community) lenger eins med det lokale samfunnet (the local society).
Eg får lyst å svare slik far min pleidde gjere når eg hadde lagt meg i selane å framsett eit etter mitt syn godt argument, men som han likevel tykte ganske enkelt ikkje var relevant. ”Ja ja, alt det der er då vel og bra”. For me veit likevel at grendene finst. Me veit at det finst grendesamfunn kring om i landet der det kollektive medvitet eksisterar og der relasjonane er både varige og personlege. Me veit at ”vi kjensla”, som Reidar Almås6 kallar det, finst. Me veit at folk samlast på grendehusa kring om, at dei går på besøk til kvarandre, at dei låner verktøy og arbeidshjelp av kvarandre, at borna i grenda leikar i lag. Me ser det kvar gong me vitjar grendene. I skrivande stund er det berre dagar sidan eg var i ei slik grend og held foredrag der heile grenda hadde gått mann av huse for å vere med på bygdemobiliseringsmøte med tilhøyrande grendefest. Folket ute i grendene er i stadig sosial interaksjon med kvarandre, dei har jamleg kontakt og veit mykje om grannane sine. Det er som Olve Krange7 skriv i si avhandling; ”Du skrev om Oslo City og leste postmoderne teorier om at tegnene ikkje lenger hadde referanse til noe utenfor seg selv […..] Du dro til Oslo City, og oppdaget at de postmoderne teoretikerne hadde lite å lære deg…”.
Nei da, eg seier ikkje at teoretikarane ikkje kan lære meg noko. Eg seier berre at grendesamfunnet finst. Sjølv om det nok er svekka og sjølv om svekkinga nok vil halde fram lenge enno, sjølv om me må rekne med at svekkinga kanskje til og med vil skyte fart, så finst altså grendene – enn så lenge.
Innlegget har stått på trykk i Nationen 18.08.2009
Notar
_________
1Beck, U., Giddens, A., & Lash, S. (1994). Reflexive modernization : politics, tradition and aesthetics in the modern social order. Cambridge, Eng.: Polity Press in associaton with Blackwell Publishers.
2Simmel, G. (1950). The Metropolis and Mental Life. In K. H. Wolff (Ed.), The Sociology of Georg Simmel (pp. 404 – 424). New York: The Free Press.
3Wirth, L. (1938). Urbanism as a Way of Life. American Journal of Sociology, 44(1), 1 – 24.
4Warren, R. (1978). The Community in America (3 ed.). Chicago: Rand McNally.
5Shils, E. (1972). The Intellectuals and the Powers, and Other Essays. Chicago: University of Chicago Press.
6Almås, R. (1995). Bygdeutvikling. Oslo: Det Norske Samlaget.
7Krange, O. (2004). Grenser for individualisering : ungdom mellom ny og gammel modernitet. Universitetet i Oslo, Oslo.
Men… writes:er det noe poeng å akademisere over dette temaet, Bjørn? Jeg har bodd i byen i hele mitt liv, men "grendene" finnes jo også utenfor de rurale områdene. I bydelen der jeg vokste opp i Stavanger, lekte barna sammen, livslange vennskap oppstod (de flyktige relasjonene kom i studietiden), og vi lånte både leketøy og verktøy av hverandre. Tette sosiale nettverk er da på ingen måte forbeholdt landsbygda. Jeg får snart besøk av min barndomsvenn gjennom 31 år. Det var 300 meter, skjønt ingen åker, mellom oss. Men venner for alltid ble vi, gitt. Sindre
Hei SindreJa nettopp, kva er poenget med å akademisere over dette…? Som du seier, grendene finst i byane like som i bygdene. Dei sosiale bande eksisterar sjølv om dei endrar seg og inntek nye former så finst dei…. Ein treng då slett ingen åker for å bygge venskapBjørn E
Kaptein Kidd writes:Er det no slik at grenda er svekkja og at ein kan vente ytterlegare forvitring framover? Eg tykkjer snarare tvert om eg – både i by og bygd. I byane verkar det endåtil som den geografiske mobiliteten til innvånarane ved flytting er så fråverande at flytting over bydelgrenser er sjeldan. Og i grendene i rurale stråk trur eg det er akkurat slik det har vore moglegvis ei trend der nokre grender vert i ei viss grad fråflytta medan andre veks – men det er no heller ikkje noko nytt. Så då konkluderar eg med at dette som akademisk spursmål er meir som byforskinga til Erlend Fossen, medan ein bør ete i lunsjen.