Draumen om tilbakeflyttaren

Av Bjørn Egil Flø

 

 

Generelle samfunnsendringar dei siste femti åra har gradvis svekka dei konvensjonelle skilja mellom by og land. Ettersom bygda har nærma seg byen både på det materielle og det immaterielle planet, har også byen nærma seg bygda. Alt i 1984 landserte Andreas Hompland sitt omgrep rurbaniserings- prosessen1, der skildra han nett denne utviklinga og påpeika det stadig meir diffuse skiljet mellom by og land.

Stadig betre kommunikasjon og satsing på infrastruktur har gjort sitt til at dei rurale områda i stort sett heile den vestlege verda har vorte effektivt ”urbanisert” kulturelt sett. Den same mekanismen kan me sjå i høve til forholdet mellom det lokale og det globale, der finn me spesifikke kulturelle særtrekk forma nett i denne brytninga2. Inntrykka og meldingane frå Hollywood, MTV, CNN og Google gjer at den isolerte og tradisjonalistiske ruraliteten er forelda, den har med andre ord blitt ei anakronisme i vår tid. Samstundes ser me at etter kvart som det globale vert større og meir uoversiktleg, vert også det lokale og nære stadig viktigare. Over heile den vestlege verda veks dei lokale matmarknadane fram att og den lokal maten er i fylgje redaktøren for tidsskriftet E – The Environmental Magazine, Brita Belli, i ferd med å erobre posisjonen som ”the new organic”3. …

I enkelte land, særleg Storbritannia og delvis USA, har det også vore ein betydeleg tilstrøyming av urbane til enkelte rurale lokalsamfunn. Denne kontraurbaniseringa har dels vore sett saman med byane sine vekstsmerter og dels den stadige auken i folk som innehar det som vert kalla ”frie yrker”4. Den utprega fleksibiliteten som denne typen yrke gir, kombinert med den infrastrukturelle utviklinga både innan transport og kommunikasjonsteknologi, gjer det mogeleg å ”flykte” frå dei trongbudde byane og busette seg i landlege omgivnadar for den som måtte ønskje det.

Her til lands har me førebels sett lite av det som kan kallast kontraurbanisering. Kanskje skuldast det rett og slett at byane våre er for gode? Kanskje skuldast det at det er for kort veg til bymarka og at bylufta er for rein til at ein finn bygda meir attraktiv enn byen? Kanskje skuldast det at det urbane lokalsamfunnet har like mykje å tilby som grendesamfunna? Eller kanskje er det slik at den ruraliteten andre lands kontraurbane søker finn me nordmenn like gjerne i byane? Kanskje er tomtene i bustadområda som omkransar byane våre passe store til at kvar og ein av oss opplever å ha armslag nok? Eller er det slik at vår utprega hyttekultur er med på å demme opp for kontraurbaniseringa, og at me ”shoppar” ruralitet når me ønskjer det og dermed ikkje treng å flytte på bygda for å leve ut våre rurale draumar? Kanskje opplever me at byane vår er vel så trygge og sunne som bygdene? Og at me dermed ikkje treng Mariann Villa si Livsfasebygd5 i stor nok utstrekning til at det vert signifikante utslag på SSB sine flyttestatistikkar.

Det kan uansett tykkjast vere stor avstand mellom folk sine draumar og det dei faktisk realiserar. Skal me tru det folk sjølve fortel til Norsk Monitor er nemleg 27 % av befolkninga interessert i å kjøpe småbruk6. Skulle berre delar av desse realisere draumane sine vil me om ikkje så lenge endeleg kunne snakke om ei kontraurbanisering også i Noreg. Men det er vel med dei som med så mange av oss – at det vert liksom berre med tanken.

 

Bjørn Egil Flø

Artikkelen har stått på trykk i Nationen 15. september 2009

Notar
____________

1Hompland, A. (1984). Rurbaniseringsprosessen: Bygdebyen og det nye Norges ansikt (No. N 9/84). Oslo: Institutt for samfunnsforskning.
2Lønning, D. J. (2007). Fridomen til å skapa: alternative historier om nyskaping og bygdeutvikling. Universitetet for miljø- og biovitskap, Ås.
3Belli, B. (2007). Locale is the new organic. E – The Environmental Magazine, XVIII.
4Bell, M. M. (1994). Childerley. London: University og Chicago Press.
Bell, M. M. (2007). The two-ness of rural life and the ends of rural scholarship. Journal of Rural Studies, 23(4), 402-415.
5Villa, M. (2000). Livsfasebygda – når sosialt behov endrar seg. R. Almås, M. S. Haugen & J. P. Johnsen (red.), I Bygdeforskning gjennom 20 år. Trondheim: Tapir akademisk forlag.
6Blekesaune, A., Haugen, M. S., & Villa, M. 2007. The Dream of a Small-holding. Paper presentert på konferansen XXII ESRS Congress, 20. – 24. august, Wageningen. Norsk senter for bygdeforskning.

One Comment on “Draumen om tilbakeflyttaren

  1. Alt godt writes:Eg trur nok at mykje av det dei som flytter ut av London lengtar etter er å finne ganske nær dei store byane våre. Eg bur i eit lite grendelag innanfor ring 2 i Oslo, med felles hage, lokalbutikk, dugnadar og naboar som kjem innom utan å ringe på førehand. Vi tek hand om dei gamle vi bur saman med som best vi kan, og syter for at heimesjukepleia monterer komfyrvakt når dei ikkje held styr på varmen lenger. Nøklane leverer vi hos Singh, den lokale kiosken, viss nokon skal vatne plantar medan vi er bortreist. Han ber mjølkepakkane og Fjordlandmiddagane opp trappene til dei same gamle damene utan å ta ekstra betalt.Utfordringa er vel nettopp at det er opp til kvar enkelt å vere med på å skape sitt nabolag til eit godt fungerande samfunn. Så lenge kvar tek ansvar for å bidra på sin måte, med det han eller ho kan best, så flyt det, folk kjenner seg trygge, og det vert eit attraktivt område. Eg har ei sterk tru på kvar person sitt personlege ansvar for å skape sitt miljø rundt seg, og gjere det trygt og inkluderande. Og då kan ein eigentleg vere kvar som helst. Eg skriv litt om eit tilgrensande område her: http://altgodt.wordpress.com/2009/03/16/han-mestrar-byen/

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s