Ein kreditnota i Vermont

Av Bjørn Egil Flø

 

Eg har ein kreditnota i Vermont, nærare bestemt i småbyen Dummerston sør i denne lønnetredekte delstaten der alt anna enn språket og landskapet minner deg meir om Skandinavia enn om USA. Ikkje berre finn du Abbas sursild, Jarlsberg og geitost her, du finn også særeigne aspekt i den sosiale veremåten som gjev deg ei intuitiv kjensle av noko heimsleg.

Klokka var snart koma til ti om kvelden då telefonen ringde. Eg fekk eit inntrykk av at kompisen min viste kva det galdt alt før han tok telefonen. Konversasjonen var kort og grei, det einaste eg høyrde han seie var; OK…, Fine … See you tomorrow then. ”Barn rising tomorrow” sa han då han sette seg ved bordet att. “Do you care to join us?”. “Barn rising?” spurte eg, og røpte at eg ikkje skjønte kva han snakka om. ”Dugnad” sa han, på nesten perfekt norsk, og fortalte meg om ein dugnadskultur du skal leite lenge etter for å finne maken til. …

Då han kom til lokalsamfunnet her fyrst på 2000-talet, kjøpte han eit lite småbruk og starta restaureringa av bygningsmassen på bruket omgåande. Ein formidabel jobb som kosta både tid og pengar, særleg det siste var ikkje noko studenten og frivilligheitsarbeidaren hadde for mykje av. Då det kom til låven var den i rettleg dårleg forfatning, einaste løysinga var å rive den og bygge opp ein ny på tomta etter den gamle. Som den typiske ”nyrurale middelklassesnobben” han er, bygde han sjølvsagt låven på tradisjonelt vis som ein slags ”ferdiglåve” med delar som låg klart til røysing i ein operasjon. Den dagen låven skulle røysast var det berre å kalle inn til ”barn rising” og eit arbeidslag på godt og vel 30 personar frå lokalsamfunnet møtte. I løpet av berre få dagar var låven oppe. Kompisen min hevdar knallhardt at han ikkje hadde greidd å realisere røysinga utan dugnadshjelpa. Det er no snart fem år sidan låven og det meste av det andre restaureringsarbeidet var ferdig. Totalgjelda i banken kom på nær 120.000 dollar, ei gjeld han enno betalte på, kunne han fortelje. ”Og dugnadsgjelda betalar du også på?” spurte eg. ”Nei da” sa han, ”den er betalt”. Sidan han kom der og fram til no har han jamleg delteke på tilsvarande dugnadar, to eller tre større dugnadar i året er vanleg fortel han. ”No sparar eg kredit, eg skal nemleg opp med nytt sukkerhus før lønnesirupkokinga startar neste vår».

Dei har nok lest sin Putnam i Dummerston. Dei ser ut til å kjenne verdien av sosial kapital, omgrepet som den verdskjente statsvitaren Robert Putnam greidde å løfte heilt inn i det ovale rom. Dei veit at sosial kapital kan vere vel så viktig som både finanskapital, realkapital og humankapital. Dei veit at gjer du ein mann ei beine og stolar på at han gjengjeldar beina, har du etablert ein situasjon av forventing og forplikting. Du har skaffa deg ein kreditnota på handteneste. Har du nok slike kan du ein dag krevje dei inn, du kan ein dag gjere som sosiologen James Coleman seier ”… realisere noko du ikkje hadde greidd å realisert utan”.

”Are you from Norway?” sa Nancy, ho var nett vorten enke og fekk dugnadshjelp til å reparere vêrveggen før vinteren, ”How can I pay you back?”. Eg greidde ikkje anna enn å kome opp med Olav H. Hauge sine ord ”So gjer ein annan mann ei beine då”. Samstundes slo det meg at det er meir enn pliktkjensle, sanksjonsfrykt og eigeninteressa i å ein dag kunne innkassere kreditnotaen som utgjer grunnlaget for den sosiale kapitalen. Ein treng ikkje alltid lukka sosiale strukturar og tette nettverk for å gjere folk ei teneste. Somme tider er kjensla av å
gjere ei god gjerning nok.

Bjørn Egil Flø

Artikkelen har stått på trykk i Nationen 17. september 2009

2 Comments on “Ein kreditnota i Vermont

  1. Jon Vogt writes:Meget interessant å høre at det finnes en slik omfattende dugnadsånd mellom bønder i et vestlig samfunn i 2009. Hvis man skulle reist en låve i gammel tradisjonell stil her i Norge, så hadde man nok fått mange sure kommentarer hvis låven ikke skulle brukes i turistsammenheng eller den stort sett skulle foreligge som en gjenreisning av et gammelt kulturminne. Hvorfor det? Fordi jeg føler det er lagt et slags stort edderkoppnett over norsk landbrukspolitikk i de senere årene, og det toppet gjennom den omfattende bruken av begrepet «rasjonelle driftsenheter». Slik føler jeg det er blitt svært begrenset hva maktledende krefter mener er rasjonelle driftsenheter. Etter min vurdering er det hvordan landbrukspolitikken får utfolde seg i praksis som i stor grad styrer hvordan det dannes konfliktfronter innen landbruket, konfliktfronter med en påfølgende dårlig overordnet sosiologi. Derfor kunne det vært svært interessant om du Bjørn Egil Flø har anledning til å skrive et innlegg om hvordan landbrukspolitikken er utformet i Vermont. Noe annet jeg leste for kort tid siden (husker ikke hvor), er at gårdsbruk i Hellas visstnok stort sett består av småbruk, og det kunne vært interessant om noen som har greie på landbruket der kunne resonnere litt over hvordan den bruksstrukturen virker inn på sosiologien der, og hvordan den bruksstrukturen virker inn i forhold til en bærekraftig økologisk utvikling.

  2. Det er ei interessant utfordring du gir meg der, eg skal sjå kva eg rekk over… Bjørn E

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s