Kulturøkonomiens middelklasselogikk
Av Bjørn Egil Flø
Dei bygdevennlege prosjektmakarane har forlese seg på kryptiske postmoderne teoriar og er iferd med å gjere bygdene våre om til passive tilbydar av middelklassesymbol mesta ingen eigentleg er nemneverdig interessert i. Over alt gjer grendene seg lekre for ei gruppe folk som kanskje ikkje finst. Som middelmåtige reiselivsbedrifter skal bygde-Noreg selje seg ved hjelp av ’Innovasjon-Norge-finansierte’ reklamepakkar, bønder og bygdefolk skal ”fortelje dei gode historiene” – dei skal ”pakke inn” produkta sine i stadeigne miljøvennlege symbol. Dei skal stette forbrukarane sin hunger etter distingverande symbolprodukt – greier dei det vil marknaden sjå i nåde til dei med både rikdom og velstand.
Med omgrep som ’den kreative klasse’, ’livsfasebygda’ og ’bulyst’ i veska føl bygdeutviklarane i hælane på sosialkonstuktivistiske bygdesosiologar som hevdar at mange no vil flytte til bygda for å realisere ein postmoderne livsstil med livskvalitet som stikkord. Grendene våre konkurrerar om dei unge para. Dei konkurrerar om dei ressurssterke småbarnsforeldra med frie yrker og med ei dragning mot den rurale idyll. Dei konkurrerar om dei som skal ha funne byane for krevjande og som lengtar etter frisk luft og trygge omgivnadar i pakt med den ”naturlige” ruraliteten. Dei konkurrerar om middelklassedøtrene som bygdesosiologane fortel finst. …
Og reiskapen i konkurransen er kulturøkonomi. Kulturøkonomien skal gjere lokalsamfunna attraktive for desse sjølvmedvitne potensielle til- eller tilbakeflyttarane, den skal gjere lokalsamfunna til vinnarar over kvarandre i kampen om tilflyttarar, turistar og næringsetablerarane. Kulturøkonomi er det nye mantraet ordførarar og rådmenn set sine skillingar på. ”Vi er optimistiske, og kan ikkje være noe annet” seier ordførar på Hamarøy Rolf Steffensen til Klassekampen og illustrerar vel med det lokalsamfunna sin rasjonalitet midt oppi det heile. Kulturøkonomi er ”tidens melodi” og den som ønskjer å utløyse midlar til lokalsamfunnsutvikling gjer det best som spelar på lag med prosjektmakarveldets logikk.
Me er av same sorten, me prosjektmakarane innan forsking og utviklingsapparatet, me er av same sorten som dei me utviklar bygdene for. Me drikk altfor mykje raudvin og er altfor glade i mjuke franske ostar og ruccolasalat. Me er middeklasseelitistar som ønskjer å skape eit bygde-Noreg i vårt bilete. Det er me som avgjer kva produkt det rurale reiselivet skal tilby, det er me som fortel kva ”marknaden” etterspør, det er me som snakkar om at bygde-Noreg er best omsetjeleg som ’identitetsmarkerande representasjonar av meiningsberande ruralitet’. Det er me som gir råda, det er me som reiser i kring og held foredrag og skriv artiklar om suksessar i bygde-Noreg. Det er oss du kan sjå på ’Norge i Dag’, Dagsrevyens kuriosamagasin, ståande i sirklar kring ein osteprodusent med kvart vårt glas Mozell i nevane – smilande og utan tanke for gjelda bonden har lagt til seg i blind tru på råda me gir. Alle delar me den grunnleggande premiss om at i bygdeutviklinga er trua og imagen nesten alt.
Derfor ser du oss aldri ein sundag ettermiddag på Rinnleiret i Levanger der Asbjørn Sørholt serverer kjøt, poteter og brun saus med riskrem til dessert, kvar einaste sundag for fulle hus. Han er bøndene i midt-Noreg sin største einskildkunde og handlar tett på 10 tonn kjøt frå Nortura i året, han leverer eit bidrag til verdiskapinga i bygde-Noreg som overgår dei fleste nisjeprodukta. Men så har han aldri spurt oss om råd, Sørholt. Hadde han gjort det ville me svara at han måtte legge inn det lokale og særeigne i rettane. Produkta lyt kommunisere lokal identitet i balanse med miljøet og garnityret lyt harmonere med årstidene, fyrst då ville han fått støtte av oss.
Me lever av og for kvarandre me prosjektmakarane. Den gjensidig avhengigheita sementerar livsløgna og gjer endring vanskeleg. Me styrar pengestraumane, me og vennane våre; prosjektkoordinatorane, forskingsrådgivarane og spesialrådgivarane. Hand i hand med ideen om fiskarbonden snakkar me om det meiningsfulle livet som småbrukar og ei problemfri omskulering til turistvert for flyktige shopparar av den rurale idyll. Me tviheld på klisjeane og ser ikkje at det meste, og truleg også det beste, av næringsutviklinga skjer utan at Innovasjon Norge anar noko om det. Det skjer i skuggen av distriktspopulismen som vert halden i live av prosjektmakarveldet.
Dei norske bygdene stemnar mot grunna med sosialkonstruktivistiske bygdesosiologar og BI utdanna marknadsførar til rors, systematisk avviser dei alle draft og sjømerke som irrelevant og meinar det er representasjonar av farvatnet som tel.
Sjå også artikkelen ”Vondtet i norsk bygdeutvikling” i siste nummer (nr 3, 2009) av tidsskriftet Syn og Segn og innlegget Middelklassebygda i Dagens Næringsliv 1. oktober 2009.
Jon Vogt writes:Interessante tanker, og så kan man jo resonnere videre over hvem som eventuelt ligger bak og styrer de «sosialkonstuktivistiske bygdesosiologar».